Sunnhordland Kraftlag AS – Store norske leksikon (original) (raw)
Faktaboks
Også kjend som
SKL
Organisasjonstype
Forretningsadresse
Stord
Stifta
28.03.1946
John Martin Mjånes
Pablo Alberto Barrera Lopez
Sunnhordland Kraftlag AS er sidan 1. januar 2016 eit reint kraftproduksjonsselskap med engrosomsetnad av elektrisk kraft, medan dei tidlegare aktivitetane nett og straumsalg frå same dato er overtekne av Haugaland Kraft AS.
Samla installasjon i kraftverka er 566 MW, og årleg middelproduksjon utgjer 2,5 TWh. Til saman har selskapet omlag 70 tilsette og hadde i 2016 ein omsetnad på 710 millionar kroner.
Historie
SKL vart skipa på Stord i 1946 som eit regionalt samarbeidstiltak for å sikre stabil og tilstrekkeleg tilgang på elektrisk kraft til Sunn- og Midhordland. Gjennom ein retta emisjon mot Karmsund Kraftlag i 1951 (i dag Haugaland Kraft), vart samarbeidet utvida til òg å omfatta Nord-Rogaland (Haugalandet). I 1953 sette SKL i drift det første aggregatet i Blådalsvassdraget i Kvinnherad. Selskapet eig og driv i dag 11 kraftverk i Kvinnherad, Etne, Fusa og Stord, og har 8,75 prosent eigardel i Sima kraftverk i Eidfjord, samt 2,54 prosent i Ulla-Førre-anlegga.
Les meir i Store norske leksikon
Ekstern lenkje
Faktaboks
Sektorkode
1520 Kommunalt eide aksjeselskaper mv.
Næringskode(r)
35.111 Produksjon av elektrisitet fra vannkraft