Sylvester Sivertson – Store norske leksikon (original) (raw)

Faktaboks

Sylvester Sivertson

Fødd

3. september 1809, Skjåk, Innlandet

Død

6. desember 1847, Drammen

Verke

Pressemann

Familie

Foreldre: Gardbrukar Syver Sylfæstssøn Hyrve (1778–1835) og Anne Olsdotter Hjeltar (1783–1837).

Ugift.

Sylvester Sivertson

Bilete frå Norsk biografisk leksikon

Sylvester Sivertson var ein norsk avisredaktør. Han var redaktør for blad og aviser som mellom anna Stortingsefterretninger, Lillehammer Tilskuer, Nordlyset i Trondheim og Drammens Tidende. Sivertson var ein av dei patriotiske liberalistane i si samtid, og ein støttespelar for Henrik Wergeland i mellom anna jødesaka. Han var òg forkjempar for saka og taleskrivaren til haugianarane for stortingsrepresentantar frå distrikta.

Bakgrunn

Sylvester Sivertson voks opp i Skjåk. Foreldra vart tidleg med i Hauge-rørsla, og heimen deira vart eit viktig samlingspunkt for Hauge-venene. Han synte tidleg opposisjonstrong, men hadde heile livet stor respekt for Hans Nielsen Hauge og haugianismen. Kristendommen var ein del av han så lenge han levde.

Som den eldste av seks sysken var Sivertson odelsgut, men var mest interesser i bøker. Han fekk undervising hjå haugianar og seinare stortingsmann Lars Jensen på Ringsaker. Han fekk vidare undervisning hjå eit par prestar, før han ei tid arbeidde som betjent hjå den haugianske handelsmannen Ole Dahl i Trondheim. Ved eit seinare opphald i Trondheim budde han hjå haugianaren Michel Grendahl. Sivertson vart hjelpt fram til utdanning av Grendahl og haugianske vener.

Forfattarskap

Medan han var i Trondheim, hadde Sivertson teke til å skrive avisartiklar, som han fekk på prent i hovudstadspressa. Då han i 1832 kom til Christiania for å studere, byrja han med ein gong å skrive for aviser og blad. I 1833 fekk han stilling som redaksjonssekretær i bladet Statsborgeren, eit embetsmannskritisk organ, skipa eit par år tidlegare av telemarkingen Per Soelvold.

I Christiania vart Sivertson tidleg med i Wergeland-flokken, dei såkalla «patriotane». Som Wergeland var Sivertson oppteken av folkeopplysning, tufta på fridom, norskdom og kristendom. I 1833 gav han ut boka Haugianismen, dens Historie og Væsen. Her gav han ei positiv vurdering av Hauge-rørsla, mellom anna med ei hylling av Hans Nielsen Hauge i setningar som «Profetisk stod du frem blandt Nordens fjelde!» Eit vesentleg kjennemerke ved haugianarane, skreiv han, er at «de er baade den aandelige og den borgerlige Friheds Forkjæmpere».

Blad og aviser

Våren 1835 gjekk Sivertson opp til examen artium. Han gjorde det framifrå i norsk, men strauk i matematikk. Han tok ikkje eksamen opp att. Om lag på denne tida byrja han å gje ut sitt eige blad, Den frimodige_,_ etter oppmoding av Wergeland. Frå Stortinget skreiv han «stortingsefterretninger» til Statsborgeren og Morgenbladet, og han vart den første redaktøren av Stortingsefterretninger, Stortingets eige blad (1836–1838).

Sivertson var mykje saman med bondetingmenn i hovudstaden, og han vart snart ein sentral person i dette miljøet. Han hjelpte dei med å skrive talar og framlegg, og dermed fekk han ikkje berre god kjennskap til politikken i samtida, men òg politisk innverknad. Sivertsons vener Lars Jensen og Michel Grendahl sat på Stortinget i denne perioden. Begge desse var sentrale i den såkalla bondeopposisjonen saman med Ole Gabriel Ueland.

I 1841 vart Sivertson redaktør i det nyskipa bladet Lillehammer Tilskuer. I desember 1842 forlét han redaktørstolen her for å bli redaktør av Nordlyset i Trondheim. Frå juli 1845 var han redaktør av Drammens Tidende. Som avisredaktør kom Sivertson til å bli ein pioner i norsk presse. Han skreiv grundige politiske artiklar, lét ulike politiske meiningar kome til orde og informerte lesarene om kunst og litteratur. Sjølv skreiv han fleire dikt under pseudonymet Urdsongis, som truleg var ei omskriving av namnet hans. Ei samling med nokre av dikta hans vart gjeven ut posthumt i 1848.

Patriotisk liberalisme

Som pressemann gav Sivertson uttrykk for liberale idear. Han var ein representant for det historikaren Jens Arup Seip kallar «den patriotiske liberalismen», som i sterk grad var prega av ein fridomsideologi. Tidleg tok han til orde for religionsfridom. I ein artikkel frå 1833 gjekk han inn for at kyrkjelydane sjølve måtte få rett til å tilsette prestar, og han konkluderte med at stat og kyrkje burde skilje lag. Året før hadde han gjort seg til talsmann for skulereformer i demokratisk retning.

Berre to månader etter at Stortinget i 1845 hadde vedteke dissentarlova, lanserte Sivertson eit vidtgåande framlegg til endring av Grunnlova. Han ville endre § 2 gjennom å fjerne jødeforbodet, og gjennom å formulere fri religionsutøving for «alle christelige Religionsbekjendere». Han gjekk vidare inn for at § 92 om embetsmennene si trusvedkjenning berre skulle binde prestar og dommarar til å vere medlemmar av statskyrkja, og ingen andre. Som grunngjeving for framlegget viste Sivertson til prinsippet om religionsfridom, og han meinte at det var ein naudsynt konsekvens av dissentarlova. Stortingsrepresentant Ingebrigt Haldorsen Sæter, ein av bondetingmennene, fremja framlegget på Stortinget, men det vart røysta ned i 1848.

Ettermæle

Sivertson døydde i 1847, berre 38 år gammal, og vart gravlagd på Bragernes kyrkjegard i Drammen. Til 100-årsdagen 1909 vart ei minnestøtte over han reist på fødestaden hans i Nordberg i Skjåk.

Utgjevingar i utval

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

Kommentarar