Morgenbladet – Store norske leksikon (original) (raw)
Faktaboks
Offisielt namn
MORGENBLADET AS
Organisasjonstype
Forretningsadresse
Oslo
Stifta
1819
Sun Heidi Sæbø
Per Magne Tveiten
Morgenbladet er ei norsk nisjeavis som kjem ut i Oslo, i papirformat ein gong i veka og som dagleg oppdatert nettavis. Morgenbladet vart grunnlagd i 1819 og er ei uavhengig nyheits- og kommentaravis som legg hovudvekt på kultur-, politikk- og forskningsstoff. Avisa var dagsavis fram til 1993, og har sidan den tid vore vekeavis. Morgenbladet er frå 2020 eigd av Mentor Medier. Tidlegare var Institusjonen Fritt Ord, AS Forlagsfinans og NHST Media Group store eigarar.
Morgenbladet er som avis i norsk samanheng eineståande med til dels svært lange og grundige artiklar om aktuelle tema, ofte skrive av fagfolk. Morgenbladet blir gjerne oppfatta som ei avis for den akademiske eliten, ettersom kvalitetskravet er høgt og populærstoff fråverande. Medan avisa gjennom nesten heile historia fram til 1993 hadde ein klår konservativ profil, framfor alt som høgreavis, har ho etter den tid stått fram som politisk uavhengig.
Digitalt
Morgenbladet presenterer stoffet på ulike digitale flater. Om lag ein tredjedel av abonnentane er digitale.
Historie
Etablering
Avisa blei grunnlagd i 1819 av teologen Niels Wulfsberg som ein bladlapp utan meiningar og blei i 1821 overteken av boktrykkjar Rasmus Hviid. Deretter var Morgenbladet eigd av familien de Besche fram til 1902, då eit Høgre-dominert aksjeselskap flytta bladet til «Morgenblad-gården» ved sidan av Stortinget. Frå 1831 gjorde politikar og forretningsmann Adolf Bredo Stabell Morgenbladet til ei avis. Etter å ha vore eit liberalt opposisjonsorgan var avisa uavhengig konservativ etter 1848.
Under Stabell sin etterfølgjar i 1857, redaktør Christian G. Friele, var Morgenbladet i 1860- og 1870-åra den leiande og viktigaste avisa i landet, som hovudorgan for regjeringa, embetsmennene, prestane og dei finare grosserarane. Avisa hadde, slik Gerhard Gran skreiv i 1916, ei terroriserande maktstilling, med «troende kulsviere, fanatiske tilhængere og forbitrede hadere». Friele gjorde med andre ord Morgenbladet både frykta og respektert, og fylte avisa med så mykje politikk under dei opprivande politiske oppgjera i 1880-åra, at bladet blei akterutsegla om nyhender.
Nedgang og konkurs
Då Friele gjekk av i 1893, arbeidde den nye redaktøren Nils Vogt for at Morgenbladet skulle halde på posisjonen som leiande nasjonal avis i sluttfasen før oppløysinga av unionen. Han fekk nye eigarar til å satse på avisa, men lukkast ikkje. Det gjorde heller ikkje den markante politikaren C.J. Hambro, som var redaktør mellom 1913 og 1920.
Etter å ha provosert okkupasjonsmakta under andre verdskrigen blei Morgenbladet stoppa i 1943 og redaktørane vart arresterte. I 1945 heldt utgivinga fram, men trass i eineståande støtte i opinionen makta ikkje avisa å skaffe balanse i rekneskapane. Avisa måtte haldast i live med redningsaksjonar. Då Oslo Høgre for siste gong bidrog i 1975, braut Morgenbladet med sine siste prinsipp, då dei søkte og fekk statsstøtte.
Morgenbladet gjekk konkurs i 1983, og buet blei overteke av organisasjonen Libertas, som eigde avisa til 1987. Avisa er seinare gjenoppliva fleire gonger som vekeavis under skiftande eigarskap.
Liberal avis
Avisa blei i 1987 overtatt av forretningsmannen Hroar Hansen og var ein kort periode (1987–1988) ei uavhengig nyheits- og kommentaravis med Hans Geelmuyden som redaktør. Avisa fekk tabloidformat og begynte i denne tida med søndagsutgåver. Frå 1988 fekk avisa ei ny redaksjonell leiing og definerte seg som ei liberalistisk avis som politisk nærma seg Framstegspartiet.
Kultur- og kommentaravis
Hroar Hansen selde avisa i 1993 til IT-gründeren Truls Lie. Morgenbladet blei etablert som ei uavhengig kultur- og kommentaravis, og avisa kom etter kvart ein gong i veka. Formatet blei etter ei tid endra til fullformat. I denne tida fekk avisa ein liberal-radikal og intellektuell profil.
Frå 2003 kom Institusjonen Fritt Ord inn som majoritetseigar, saman med Dagsavisen og Forlagskonsult. Med Alf van der Hagen som ny redaktør blei avisa igjen lagt om til tabloidformat. Morgenbladet utvikla seg etter tusenårsskiftet til å bli ei av dei leiande kultur- og debattavisene i landet, med stigande opplagstal. Avisa står særleg sterkt i det akademiske Noreg.
Frå 2013 kom NHST Media Group inn som dominerande eigar. 2. juni 2020 kjøpte Mentor Medier, som frå før eigde mellom anna Vårt Land og Dagsavisen, NHST sin aksjepost, og blei dermed ny hovudeigar.
Sjefredaktørar
- Niels Wulfsberg 1819–1821
- Rasmus Hviid 1821–1831
- Adolf B. Stabell 1831–1857
- Christian Friele 1857–1894
- Nils Vogt 1894–1913
- Carl Joachim Hambro 1913–1920
- Olaf Gjerløv 1919–1949
- Olaf Gjerløv og Fredrik Ramm 1940–1941
- Rolv Werner Erichsen 1941–1943
- Olaf Gjerløv 1945–1949
- Rolv Werner Erichsen 1945–1958
- Birger Kildal 1958–1963
- Chr. Christensen 1963–1982
- Sverre Gunnerud 1982–1984
- Odd Gisholt 1984–1985
- Paul Einar Vatne 1985–1987
- Hans Geelmuyden 1987–1988
- Hroar Hansen 1988–1993
- Truls Lie 1993–2003
- Alf van der Hagen 2003–2012
- Anna B. Jenssen 2012–2019
- Sun Heidi Sæbø 2019 –
Opplag
Opplagstall for Morgenbladet, 1986-2023
tidspunkt | |
---|---|
1986 | 5732 |
1994 | 4224 |
1995 | 5057 |
1996 | 5745 |
1997 | 5791 |
1998 | 5420 |
2000 | 6022 |
2001 | 6747 |
2002 | 7230 |
2003 | 8255 |
2004 | 11608 |
2005 | 13870 |
2006 | 15720 |
2007 | 18735 |
2008 | 21560 |
2009 | 22808 |
2010 | 23637 |
2011 | 26365 |
2012 | 28605 |
2013 | 29337 |
2014 | 29382 |
2015 | 29046 |
2016 | 28870 |
2017 | 28998 |
2018 | 29655 |
2019 | 28408 |
2020 | 27868 |
2021 | 31632 |
2022 | 31994 |
2023 | 32420 |
Kilde:medienorge.uib.no (papiropplag til 2014; deretter totalopplag, endring i beregningsmetode fra 2018)
År | Opplag |
---|---|
1920 | 25 000 |
1932 | 10 000 |
1950 | 30 735 |
1960 | 21 204 |
1970 | 13 500 |
1987 | 5 107 |
2000 | 6 022 |
2008 | 21 560 |
2015 | 28 090 |
2020 | 27 868 |
2021 | 31 632 |
2022 | 31 994 |
2023 | 32 420 |
Opplagstala til og med 2015 gjeld berre papirabonnement. Frå 2020 reknar ein både papirabonnement og digitalt abonnement for andre halvår, ifølgje Mediebedriftenes Landsforening.
Fakta
- Første nr. 1.1.1819.
- Førebels siste nr. 15.4.1943.
- Første nr. etter krigen 14.5.1945.
Les meir i Store norske leksikon
Eksterne lenker
Litteratur
- Hauge, Yngvar: Morgenbladets historie, 1963, 1 b.
Faktaboks
Sektorkode
2100 Private aksjeselskaper mv.
Næringskode(r)
58.140 Utgivelse av blader og tidsskrifter