Toril Marie Øie – Store norske leksikon (original) (raw)

Faktaboks

Toril Marie Øie

Fødd

17. juli 1960, Oslo

Portrett av Øie

Toril Marie Øie tok i 2016 over jobben som justitiarius i Høyesterett. Bildet er fra en straffesak i Høyesterett i 2013.

Toril Marie Øie er jurist og høgsterettsdomar som i 2016 blei utnemnd til høgsterettsjustitiarius i Noreg. Øie er den første kvinna som har dette embetet, og er med dette embetet den fjerde høgast rangerte personen i Noreg – etter kongen, stortingspresidenten og statsministeren.

Bakgrunn

Toril Marie Øie er fødd i Oslo. Ho tok vidaregåande skule i 1976–1979 og juridisk embetseksamen ved Universitetet i Oslo i 1986, der ho skreiv særavhandling om skattelegging av ugifte sambuarar samanlikna med ektepar.

Karrieren

Øie arbeidde som førstekonsulent i lovavdelinga i Justisdepartementet i 1986–1988, som lovrådgivar i 1990–2000 og som avdelingsdirektør i 2000–2004 ved lovavdelinga i Justisdepartementet. I 1988–1990 arbeidde ho ved Strømmen som dommarfullmektig, konstituert dommar og sorenskrivar. Øie underviste i tillegg som førstelektor II ved det juridiske fakultetet ved Universitetet i Oslo i 1994–2002. Ho var domar i Høgsterett i 2004–2016 og tok til i stillinga som høgsterettsjustitiarius i mars 2016.

Høgsterett er den øvste domstolen i Noreg og har til saman 20 domarar. Toril Øie leier domstolen fagleg og administrativt, er med og behandlar saker på same måten som dei andre domarane og representerer Høgsterett i det offentlege rommet.

I 2018 vart Øie utnemnd til Kommandør med stjerne av St. Olavs Orden.

Utgjevingar

Øie har skrive fagartiklar og lærebøker og har halde foredrag og førelesingar. I 1985 kom boka Beskatning av samboere. En sammenligning med reglene om beskatning av ektefeller. I 1997 gav ho ut Forbrytelse og straff. Lærebok i strafferett, samt Forbrytelse og straff. Bind 1: Innføring i strafferett i 2001, saman med Svein Slettan. I bøkene Tvisteloven. Kommentarutgave bind I og II (2013) var ho medforfattar mellom anna saman med tidlegare høgsterettsjustitiarius Tore Schei.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarar