Tuddal – Store norske leksikon (original) (raw)

Tuddal er eit sokn i Hjartdal kommune, Telemark. Tuddalsdalen strekker seg frå Sauland nordvestover til Tuddal. Busetnaden ligg på mellom 400 og 650 meter over havet. Sentralt i bygda ligg Tuddal kyrkje fra 1796, elles finst her mange eldre og freda gardsbygningar. Tuddal har mange hytter og stor turisme, mellom anna med Tuddal høgfjellshotell.

Det går fylkesveg frå Sauland gjennom Tuddal og vidare til Rjukan over fjellet langs austsida av Gausta. Høgste punktet på vegen ved Flistjønnskaret er 1260 meter over havet.

Namnet. Første leddet er kanskje av tuft.