Hjartdal – kommune i Telemark – Store norske leksikon (original) (raw)

Faktaboks

Administrasjonssenter

Sauland

Fylke

Telemark

Innbyggjartal

1 630 (2024)

Landareal

737 km²

Høgaste fjell

Gaustaråen (1615 moh.)

Innbyggjarnamn

hjartdøl

Målform

nynorsk

Kommunenummer

4024 (frå 2024, tidl. 3819 og 0827)

Kommunevåpen

Hjartdal

Bergtjønn ved Reisjå i Bondal, sett mot den trolske Bonsnos (1304 meter over havet) i nord.

Hjartdal er ein kommune i Telemark, vest for Notodden. Kommunen omfattar fjellbygdene Hjartdal og Tuddal, den breiare dalbygda Sauland, og store fjell- og skogvidder mot Gausta i nord og Lifjell i sør.

Natur

Gaustaråen

Utsikt mot Hjartdal frå Gaustatoppen.

Berggrunnen høyrer til det austnorske grunnfjellsområdet; bergartene vekslar mellom gneis og den harde kvartsitten i Telemarksuiten, som gir dei høgaste fjella. Sør for hovuddalen finn vi Mælefjell (1413 meter over havet) på grensa mot Seljord, i nordvest ligg Vindeggen (1516 meter over havet). Kommunens høgaste punkt er på Gaustaråen, den søraustlege utløparen frå Gausta, på grensa mot Tinn. Området Brattefjell/Vindeggen sørvest for Gausta vart i 2000 verna som landskapsvernområde. I alt er 28 prosent av kommunens areal verna etter naturmangfoldlova.

Befolkning og busetnad

Folketalet i kommunen fall frå om lag 3000 innbyggjarar i 1850 til rundt 2000 etter andre verdskrigen, og har sidan stort sett gått attende. I seinare år har folketalet halde seg stabilt. I tiårsperioden 2015–2024 auka talet på innbyggjarar i kommunen med 2,3 prosent, mot 3,0 prosent i Telemark fylke. I 2024 var 22 prosent av befolkninga under 20 år (22 prosent for heile landet) og 26 prosent 65 år og eldre (landsgjennomsnitt 19 prosent).

I Sauland søraust i kommunen er dalen open, med gode tilhøve for jord- og skogbruk. Busetnaden med administrasjonssenteret Sauland ligg i dalbotnen, på marine avleiringar avsett då havet nådde lenger inn over land enn i dag. I Hjartdal kyrkjebygd ligg busetnaden på moreneavsetningar i dalsidene, opp til cirka 600 meter over havet. Tyngda av busetnaden i Tuddal ligg i kyrkjebygda.

Ifylgje definisjonen til Statistisk sentralbyrå er det ingen tettstader i kommunen. Definisjonen av ein tettstad er at det er minst 200 innbyggjarar og at det er mindre enn 50 meter mellom husa.

Næringsliv

Arbeidsplassar

Arbeidsplassar i Hjartdal (2023)

Landbruket er dominert av husdyrhald i kombinasjon med skogsdrift og andre næringar, særleg bygge- og anleggsarbeid. Klima, jordbotn og terreng høver best for jordbruk i Sauland. Heile 25 prosent av arbeidsplassane i kommunen er knytt til jord- og skogbruk (2021). Jordbruksarealet er cirka 11 000 dekar, mest berre kultureng og beite. I femårsbolken 2017–2021 var skogavverkinga på i snitt 32 700 kubikkmeter årleg. Tre firedelar av dette var gran.

Turismen er viktig for fjellbygdene, og kommunen har satsa stort på hyttebygging. I 2022 hadde Hjartdal 2476 hytter og fritidsbustader, ein auke på 40 prosent sidan 2006.

Hjartdal er kommunen med sjette størst vasskraftproduksjon i Telemark, og er ein middels stor kraftkommune på landsbasis. Dei sju vasskraftverka i kommunen produserer til saman 502 gigawattimer i året (gjennomsnitt 1993-2020). Det største kraftverket er Hjartdøla (i drift fra 1958), som står for om lag nitti prosent av vasskraftproduksjonen. Andre store kraftverk er Mydalen (1959) og Gjuvåa (2021). Skagerak Kraft er hovudeigar av nesten all vasskraftproduksjonen i kommunen.

Samferdsel

E134 (FrognHaugesund) går gjennom kommunen i sør. Frå Sauland går fylkesveg 3430 gjennom Tuddal, vidare langs austsida av Gausta til Rjukan, passhøgd 1260 meter over havet. Øvre del av vegen er stengt om vinteren.

Administrativ inndeling og offentlige institusjoner

Kart: Hjartdal kommune i Telemark

Hjartdal kommune i Telemark fylke.

Hjartdal høyrer til Sør-Øst politidistrikt, Telemark tingrett og Agder lagmannsrett.

Kommunen er med i regionrådet Kongsbergregionen saman med Flesberg, Kongsberg, Nore og Uvdal, Notodden, Rollag, Sigdal og Tinn.

Hjartdal kommune svarar til soknet Hjartdal i Øvre Telemark prosti (Agder og Telemark bispedømme) i Den norske kirke.

Mot slutten av 1800-tallet høyrde Hjartdal til Øvre Telemarken fogderi i Bratsberg amt.

Grunnkrinsar i Hjartdal

For statistiske formål består Hjartdal kommune (per 2024) av ni grunnkrinsar: Hjartdal, Kvammen, Lonar, Midtbygda Sauland, Landsverk, Hovde/Sønderland, Tuddal/Bondal, Kovedalen og Bjordøla.

Historikk og kultur

Anne Hytta

Hjartdal har sterke folkemusikktradisjonar. Anne Hytta frå Sauland er kjent både som felespelar og komponist.

Gudstjeneste i en norsk landskirke

Adolph Tidemand sitt kjende målarstykke Gudstjeneste i en norsk landskirke er gjort etter skisser som han gjorde i Sauland stavkyrkje i 1843. Kyrkja vart riven i 1860.

I kommunen er det uvanleg mange svært gamle og freda bygg. På Frøland ved Sauland står eit loft frå seinmellomalderen, og i Ytre Hjartdal finst gamle hus på gardar som Løksli, Haugan og Øverbø. På Øvre Åbø i Hjartdal og Søndre Bøen i Tuddal finst loft frå 1200-talet. Hjartdal kyrkje frå 1809 har preikestolalter og galleri med rike utskjeringar. Risvolloftet på Holm nær kyrkja er freda og datert til 1471. Sauland stavkyrkje vart rive i 1860, men portalen er utstilt på Kulturhistorisk museum i Oslo.

Tuddal bygdetun omfattar 15 gamle hus frå bygda, og er eit av dei mest komplette bygdetuna i Telemark. I museumsbygget er det ulike utstillingar om sommaren. I sentrum av Tuddal finst Buen Kulturverkstad, Tuddal Amfi og Tonehall, som blir drive av Knut Buen. Det evangelisk-lutherske kyrkjesamfunnet driv leirstaden Bondal Fjellstue. Bondal Bygdetun på Suigard er ei samling eldre bygningar i dagleg bruk og med tilhøyrande museumsbygning.

Hjartdal Nordbygd (med Ambjørndalen) vart saman med Svartdal i Seljord peika ut som heilskaplege kulturlandskapsområde i 1994. Hjartdal fekk den første nasjonale kulturlandskapsprisen i 2007, og garden Sud-Åbø midt i Hjartdal er ført opp på lista over utvalde kulturlandskap i landbruket saman med 31 andre område (2017).

Presten Magnus Brostrup Landstad gjorde balladar og folkeminne frå Hjartdal kjent, og målarar som Adolph Tidemand, Hans Gude, Harald Kihle og Henrik Sørensen var fleire gonger på vitjing i Hjartdal.

Kommunevåpen og namn

Kommunevåpenet (godkjent i 1989) har ein ståande hjort i sølv mot ein grøn bakgrunn. Motivet viser til ein mindre hjortestamme i kommunen.

Namnet kjem truleg av eit eldre namn Hjarta på Hjartdøla, av dyrenamnet ‘hjort’. I eldre tekstar er området omtala som Hierdal.

Kart

Hjartdal kommune

Kart over Hjartdal kommune

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

Kommentarar