Voluspå – Store norske leksikon (original) (raw)
Voluspå er overlevert i to handskrifter. Det eine er Codex Regius av Den eldre Edda, frå siste halvdelen av 1200-talet. Voluspå er det første av 29 dikt i dette handskriftet.
Voluspå er eit gudedikt i Den eldre Edda. Vi kjenner til 66 strofer frå ulike kjelder.
Faktaboks
norrønt ‘volva sin spådom’
Også kjend som
Vǫluspá
Namnet betyr «volva sin spådom». Ei volve er ei spåkvinne. Spådom i Voluspå handlar ikkje berre om framtida, men også om å avsløre løyndomar frå fortida.
Versemålet i Voluspå er fornyrðislag, «gamle ords versemål», som er det vanlegaste versemålet i eddadiktinga.
Innhald og oppbygging
I Voluspå «spår» volva først om det som har vore, om korleis verda vart til, og korleis vondskapen øydela for den første gullalderen. Så spår ho om ei dyster framtid, om korleis verda valdsamt skal gå under for så å vakne til liv på nytt.
Rammeforteljinga
Rammeforteljinga i diktet er at «Valfar», det vil seie Odin, ber om at volva skal fortelje om tidlegare tider. Volva ber om merksemd og talar om kor langt tilbake ho hugsar, om jotnane som oppfostra henne, og dei ni verdene under lagnadstreet.
Volva kjem til syne innimellom i diktet, i fraser som «ho minnest», «ho veit» og «ho ser». Ho opptrer sjeldan i førsteperson. Til slutt i mange av strofene vender ho seg til Odin og seier: Vituð ér enn, eða hvat? – «Veit De nok no, eller kva?»
Midt i diktet kjem vi tilbake til byrjinga: Odin kjem til henne medan ho sit einsam ute. Han vil vite meir, og ho talar om kva Odin gjorde ved Mimes brønn. Heilt til slutt i diktet blir rammeforteljinga avslutta brått i eitt enkelt vers: Nú mun hon søkkvask – «No søkk ho».
Spådomar om fortida
Volva fortel først om at verda blir til i det tome Ginnungagapet, sol og måne finn heimane sine, graset byrjar og gro, og gudane set tida i gang. Volva beskriv ein idyllisk gullalder der gudane spelar med gullbrikker i graset. Men vondskap og strid kjem inn i verda når tre jotunkvinner kjem til gudane. Dvergane blir til, og dinest dei første menneska, Ask og Embla. Den første striden blir utkjempa, og tragedien med drapet på Balder er opphavet til endå større ufred: hemn.
Spådomar om framtida – Ragnarok og ei ny verd
Så byrjar visjonane om framtida og dei siste tidene. Drapet på Balder set for alvor hjula i gang mot Ragnarok, der all moral og alt samhald går i oppløysing og verda går under i ein fæl kamp mellom godt og vondt. Fenrisulven kjem seg laus og drep Odin, og Midgardsormen drep Tor. Sola blir svart, og jorda søkk i havet.
Men etter at verda er øydelagt, ser Volva ein ny gullalder. Jorda kjem opp frå havet igjen, og i poetiske lag fortel ho at «fossar fell, og ørna flyg over den som fangar fisk i fjellet». Dei gudane som er att, finn gullbrikkene i graset igjen. Balder kjem tilbake frå Hel, og på Gimle «skal sviklause slekter bu og i all æve ynde eiga» (Knut Ødegaards omsetjing).
Éin versjon av diktet har ei halvstrofe som ikkje finst i andre kjelder, som den nest siste strofa:
Þá kemr hinn ríki / at regindómi, / ǫflugr ofan, / sá er ǫllu ræðr. («Då kjem den mektige til makta, med stor kraft ovanfrå, han som rår over alt.»)
Mange meiner at dette er eit kristent innskot, og at strofa er ein spådom om Kristi kome. Det er neppe slik; det er vanskeleg å sjå for seg at folk i høgmellomalderen meinte at Kristus kunne kome tilbake for å regjere saman med heidne gudar. Biletet, derimot, det at det kjem ein allmektig gud frå himmelen, kan vere eit «lån» frå kristendomen.
Tidfesting
Dei fleste er no samde om at Voluspå vart dikta mot slutten av 900-talet, midt i brytningstida mellom heidendom og kristendom på Island. Diktet har truleg blitt til der, men det kan også ha blitt til i Noreg.
Det er også semje om at diktet kan ha vore skrive ned kring 1200, sannsynlegvis på Island.
Overlevering
Voluspå er overlevert i to handskrifter. Det eine er GKS 2365 4o, også kalla Codex Regius av Den eldre Edda, frå siste halvdelen av 1200-talet. Voluspå er det første av 29 dikt i dette handskriftet.
Det andre handskriftet, AM 544 4°, heiter Hauksbók. Hauk Erlendsson, islendingen som skreiv det meste av boka, har ikkje skrive ned Voluspå; det kom med i handskriftet kring 1350, etter at Hauk var død (i 1334).
Codex Regius er no oppbevart ved Det arnamagneanske institutt for islandske studium i Reykjavík, medan Hauksbók er ein del av Den arnamagnæanske samling i København.
Snorre siterer dessutan dei aller fleste strofene frå Voluspå i sin Edda, Den yngre Edda, der Voluspå er ei viktig kjelde til framstillinga hans av den norrøne mytologien. Det er frå Snorre vi har namnet Voluspå; det står korkje i Codex Regius eller i Hauksbók.
Utgåver og omsetjingar
Voluspå har blitt utgjeve på norrønt som del av Den eldre Edda fleire gonger, for eksempel av Sophus Bugge (1867 og seinere utgåver) og Jón Helgason (1962 og seinare utgåver).
Dei mest kjente omsetjingane av Den eldre Edda til norsk er Ivar Mortensson-Egnund si til nynorsk, som har kome ut i mange utgåver sidan 1905, og Ludvig Holm-Olsen si til bokmål, også i fleire utgåver sidan 1975. Gro Steinsland og Preben Meulengracht Sørensen gav ut ei kommentert omsetjing av Voluspå i 1999. Den ferskaste omsetjinga er Knut Ødegård si til nynorsk frå 2013. Dei to sistnemnde omsetjingane er også utstyrte med normalisert norrøn tekst.
Voluspå i moderne kunst
Mange kunstnarar har late seg inspirere av Voluspå i vår tid. Biletkunstnaren Axel Revold laga fresker med scener frå Voluspå til Nasjonalbiblioteket. I 1927 komponerte David Monrad Johansen Voluspå, eit stort verk for solistar, kor og orkester. Balletten Volven frå 1990 av Kjersti Alveberg og Synne Skouen har Voluspå som bakgrunn.
Litteratur
- Ludvig Holm-Olsen 1975: (Innleiing til) Voluspå, i Edda-dikt. Oslo: Bokklubbene. 179–182.
- Gro Steinsland & Preben Meulengracht Sørensen 1999: Voluspå. Oslo: Pax.