a-mål – Store norske leksikon (original) (raw)

Kartet viser utbreiinaga av nordleg og sørleg e-mål, og det sørvestlandske a-målet.

Kartet viser utbreiinaga av nordleg og sørleg _e_-mål og det sørvestlandske _a_-målet.

A-mål er dialektar der infinitiv av verb og svake hokjønnsord i ubestemt form eintal endar på -a.

Geografisk område

Det som i dialektgeografien blir kalla a-mål, ligg på Sørvestlandet i Noreg. Det blir difor kalla det sørvestlandske a-målet. Området strekker seg frå Lista i Vest-Agder og vest- og nordover til Indre Sogn, sjå kart.

Særtrekk i _a_-målet

Kjennemerket på _a_-mål er at infinitiv av verb og svake hokjønnsord i ubestemt form eintal endar på -a: å vera, å kasta, ei veka, ei visa. Dette var ordgrupper som i norrønt hadde trykklett -a i endinga (i utlyd). I _a_-målet har opphavleg trykklett -a halde seg i mest alle stillingar. Namnet _a-_mål i høve til e- mål byggjer likevel på vokalutviklinga i infinitiv og svake hokjønnsord ubestemt form eintal.

_A_-målet har som nemnt _a_-ending i ord som: å kasta, å veta, ei gryta, ei veka og så bortetter. I tillegg finn ein endinga -a i adjektivformer som den stora kyrkja, det stora fjedle og i adverb som heima, idla, mesta, fudla, jedna, lika og andre. I nokre ord finn ein -a som bindevokal i samansette ord: hestalort, bygdasnakk, badnavogn, julaby og så bortetter.

Ei anna tyding av _a_-mål

Hovuddefinisjonen på _a_-mål er at infinitiv og svake hokjønnsord endar på -a. Men _a_-mål kan også bli brukt om dialekter som har -a i bestemt form eintal av sterke hokjønnsord, som den snora, den sola (i motsetnad til i -mål)

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar