hokjønn – Store norske leksikon (original) (raw)

Hokjønn er eit genus (grammatisk kjønn) som finst i ein del språk. Norsk er eitt av språka der hokjønn finst, men ikkje alle norske dialektar har det. Nokre norske ord med hokjønn er jente, sol og hytte. Ord med hokjønn kan det stå ei framfor – ei jente, ei sol og ei hytte. I bunden form eintal har disse orda endinga -a: jenta, sola og hytta.

Faktaboks

Også kjend som

hunkjønn

latin femininum, forkorta fem. eller f.

Dette genuset blir kalla hokjønn fordi substantiv som viser til menneske og dyr med det naturlege (biologiske) kjønnet hokjønn, ofte har dette genuset. Nokre døme på dette er dei norske orda jente, dotter, syster, ku, kvige, hoppe, simle. I tillegg til hokjønn har norsk også genusa hankjønn og inkjekjønn.

Samsvarsbøying på norsk

For å sjå kva genus eit substantiv har, må ein sjå på korleis ein del andre ord blir bøygde når dei står i ein grammatisk relasjon til dette substantivet.

Her er nokre døme som viser at substantivet bok har eit anna genus enn bil og hus:

  1. Hokjønn: ei lita bok_,_ boka er mi.
  2. Hankjønn: ein liten bil, bilen er min.
  3. Inkjekjønn: eit lite hus, huset er mitt.

Her er determinativ (ei, ein og eit), adjektiv (lite, liten og lite) og possessiv (mi, min og mitt) samsvarsbøygde med substantiva i genus, og det er denne samsvarsbøyinga som viser kva genus eit substantiv har. Det er altså ikkje tydinga til eit substantiv som viser at det har genuset hokjønn; det finst mellom anna inkjekjønnsord som viser til menneske med biologisk hokjønn, som kvinnfolk og viv, og dei fleste yrkestitlar har genuset hankjønn, uavhengig av biologisk kjønn, for eksempel sjåfør, fiskar, lærar og lege.

Norske dialektar utan hokjønn

Substantiv i hokjønn endar på -a i bunden (bestemt) eintal, som jenta og boka. Substantiv i hankjønn og inkjekjønn har andre endingar.

Det finst norske dialektar som har bøyingsformene kua og boka, men som likevel manglar genuset hokjønn og har genuset felleskjønn i staden for hokjønn og hankjønn. Dette ser vi av at ku, bok, okse og bil har dei same bøyingsformene av artiklar, adjektiv og possessiv knytte til seg:

  1. Felleskjønn: en liten ku/bok/okse/bil, kua/boka/oksen/bilen er min.
  2. Inkjekjønn: et lite dyr/hus, dyret/huset er mitt.

I dialektar med dette systemet er ikkje suffikset -a i bunden eintal eit merke på genuset hokjønn, men på ein særskild bøyingsmåte av nokre substantiv med felleskjønn.

Hokjønn i andre språk

Hokjønn finst ved sida av hankjønn og inkjekjønn i nokre indoeuropeiske språk og i khoekhoegowab frå det sørlege Afrika. Det finst dessutan ved sida av berre hankjønn i andre indoeuropeiske språk (som dei romanske) og i afroasiatiske språk (som hebraisk, arabisk, amharisk, somalisk, koptisk, tamazight og hausa).

Germanske språk

Islandsk, færøysk og tysk er andre germanske språk som har halde ved lag dei tre tradisjonelle indoeuropeiske genusa. Her er nokre tyske døme:

Det er ikkje alltid slik at substantiv som viser til levande vesen med det naturlege kjønnet hokjønn, også har det grammatiske kjønnet hokjønn, som desse inkjekjønnsorda viser:

Tysk Weib svarer etymologisk til norsk viv 'kone, kvinne', som òg er eit inkjekjønnsord (på bokmål kan det òg vere eit hankjønnsord).

Fleire svenske og danske dialektar har halde ved lag hokjønn, mens andre dialektar og riksspråka berre har felleskjønn og inkjekjønn, som i desse svenske døma:

Slaviske språk

Slaviske språk har halde ved lag dei tre indoeuropeiske genusa, som desse polske døma viser:

Romanske språk

Dei romanske språka stammar frå latin, som hadde tre genus, som vist i desse døma:

Men moderne romanske språk har mista inkjekjønn og har berre to genus, hokjønn og hankjønn, som i desse katalanske døma:

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar (3)