agurk – Store norske leksikon (original) (raw)
Agurk er ein kulturplante i graskarfamilien som blir dyrka over store delar av verda i ulike variantar. Fruktene, agurkane, blir brukte på ulike vis avhengig av sortane. Dei store, saftfylte sortane blir brukte rå, medan dei mindre, fastare blir sylta.
Faktaboks
frå tysk eller nederlandsk, gjennom slavisk frå gresk angurion, ‘vassmelon’.
Cucumis sativus
Beskriven av
Årleg global produksjon
93,5 millionar tonn (2021)
Årleg norsk produksjon
21 600 tonn (2021)
Historikk
Agurk er ein gammal kulturplante og har vore kjent som kjøkenvekst i over 3000 år. Den finst ikkje viltveksande, men stammar etter alt å dømme frå Nord-India der det veks nærståande artar. Den næraste slektningen er melon.
Agurk kom til Noreg midt på 1600-talet. Agurkplanten toler lite kulde og kan her i landet berre dyrkast utandørs i dei varmaste strøka. Produksjonen av agurk i drivhus har blitt veldig stor i Noreg, og det blir produsert om lag nok til å dekkje etterspurnaden i sumarhalvåret.
Beskriving
Hannblomen av agurk. Sjølv om opninga med pollenknappane ikkje er synlege er det tydeleg at dette er ein hannblome fordi fruktknuten som utviklar seg til agurkar manglar.
Hoblomen av agurk. Under blomen er fruktknuten tydeleg. Denne utviklar seg til frukta, agurken.
Agurkplantane er eittårige slyngplantar med slyngtrådar og store handflika blad som er femkanta i omriss. Dei gule kronblada er samanvaksne med fem flikar. Blomane er einkjønna. Hannblomane har fem pollenberarar som sit saman i opninga til blomen. Hoblomen er oversitjande i forhold til fruktknuten. Frukta er botanisk sett eit bær, det vil seie ei frukt med mange frø som ikkje sprekk opp for å spreie frøa.
Form og farge til frukta, agurken, varierer mykje mellom dei ulike variantane, men grunnforma er den same: ein ganske symmetrisk sylinder som kan vere oppsvulma hos nokon, men frøemna sit alltid inn mot midten av tverrsnittet. Agurkane er grøne i starten av fruktdanninga og dei fleste blir hausta grøne. Nokre sortar som blir hausta seinare i utviklinga kan vere gule ved hausting. Det finst òg variantar som har striper i gult, eller lys farge. Ein annan variasjon er strukturen til overflata; mange er glatte, men fleire variantar har piggar. Storleiken varierer frå eit par centimeter til rundt ein halv meter. Agurkane inneheld rundt 95 prosent vatn og dei har låg næringsverdi.
Kultursortar
Slangeagurk
Slangeagurk, også kalla salatagurk, har lange, glatte frukter med grønt, etande skal. Slangeagurken blir eten rå og blir brukt i salatar og som pålegg.
Asieagurk
Asieagurk har 20–30 centimeter lange, oransjegule, tjukke frukter som blir nesten hausta modne. Asieagurken blir brukt til sylting.
Drueagurk
Drueagurk eller sylteagurk har små frukter som blir hausta umodne. Etter sylting blir små sylteagurkar (3–6 centimeter) også kalla picklesagurk, medan dei over 9 centimeter blir kalla salteagurk.
Dosakai
Dosakai er ein agurktype som vert brukt i varmrettar i blant anna det indiske kjøkenet.
Dosakai kjem frå India. Desse agurkane er seks til åtte centimeter i diameter og er mørkegrøne med gule striper. Denne sorten er noko søtare og litt fastare i konsistensen. Dosakai toler varmebehandling betre enn vanlege agurkar, og blir brukt i til dømes curry-rettar.
Produksjon
Global produksjon av agurk, 1961-2021
tidspunkt | |
---|---|
1961 | 9548680 |
1962 | 9371964 |
1963 | 9590284 |
1964 | 9423710 |
1965 | 9308950 |
1966 | 9906931 |
1967 | 10458074 |
1968 | 10887859 |
1969 | 11084294 |
1970 | 10173846 |
1971 | 10562157 |
1972 | 10607750 |
1973 | 11273595 |
1974 | 10982286 |
1975 | 11644981 |
1976 | 11317639 |
1977 | 12303877 |
1978 | 12105860 |
1979 | 13333607 |
1980 | 12758034 |
1981 | 14203963 |
1982 | 14692575 |
1983 | 14557890 |
1984 | 14723576 |
1985 | 15465698 |
1986 | 15815115 |
1987 | 16104885 |
1988 | 15982125 |
1989 | 16168840 |
1990 | 17625628 |
1991 | 17727338.39 |
1992 | 18148856.12 |
1993 | 20251739.44 |
1994 | 21666598.03 |
1995 | 23541731.34 |
1996 | 25638862.16 |
1997 | 27466808.34 |
1998 | 28710572.2 |
1999 | 30852316.36 |
2000 | 37938142.93 |
2001 | 39453562.66 |
2002 | 42699980.31 |
2003 | 43413468.93 |
2004 | 43088492.3 |
2005 | 45980737.46 |
2006 | 49690647.06 |
2007 | 54087505.45 |
2008 | 58439992.95 |
2009 | 60645941.09 |
2010 | 62543617.64 |
2011 | 67916723.64 |
2012 | 70799551.02 |
2013 | 73249280.03 |
2014 | 76133666.36 |
2015 | 78404337.84 |
2016 | 80864009.84 |
2017 | 82216630.45 |
2018 | 84949869.43 |
2019 | 88282434.91 |
2020 | 90754612.65 |
2021 | 93528796 |
Kilde:FAOSTAT
Systematikk
Nivå | Vitenskapelig navn | Norsk navn |
---|---|---|
Rike | Plantae | planteriket |
Rekke | Magnoliophyta | blomsterplanter, dekkfrøingar, dekkfrøete planter |
Klasse | Eudicots | tofrøbladete planter |
Orden | Cucurbitales | gresskarordenen, graskarordenen |
Familie | Cucurbitaceae | gresskarfamilien, graskarfamilien |
Slekt | Cucumis | agurkslekta |
Art | Cucumis sativus | agurk |
Systematikken følger Artsdatabankens inndeling (2024).
Les meir i Store norske leksikon
Cucumis sativus, agurk. Foto frå: Nordby, Samsø, Danmark
Faktaboks
Cucumis sativus
Artsdatabanken-ID
GBIF-ID