fi – bokstav i det greske alfabetet – Store norske leksikon (original) (raw)
- Store norske leksikon
- Språk og litteratur
- Skriftspråk
- Alfabeter og skriftsystemer
- Skrifttegn
- Greske bokstaver
Bokstaven fi i det greske alfabetet i ulike skrifttypar
Lisens:Avgrensa gjenbruk
Fi er den 21. bokstaven i det greske alfabetet, Φ, φ. Han vert transkribert i norsk som f, i samsvar med uttala. Fi vart i gamalgresk uttala pʰ (postaspirert ustemd bilabial plosiv) men har i moderne gresk (nygresk) endra seg til ein ustemd labiodental frikativ (IPA-lydskrift f).
Faktaboks
Også kjend som
phi
Fi har verdien 500 i det greske talsystemet.
Les meir i Store norske leksikon
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.
eller registrer deg