frost – Store norske leksikon (original) (raw)

Frost er temperatur lågare enn 0 °C. Ordet frost blir vanlegvis brukt i samband med tilstanden på bakken, vegetasjonen og i lufta rett ovanfor.

Faktaboks

Bakkefrost som mellom anna fører til rim i graset og skadar på vegetasjonen, kan opptre sjølv om temperaturen ved ca. 2 meters høgd (standardhøgd for meteorologiske målingar) ikkje går under frysepunktet. Dette opptrer helst i vindstille, klart vêr ved lita eller inga solstråling. Då blir bakken avkjølt ved netto strålingstap og den varmare lufta ovanfor blir ikkje blanda med det kalde sjiktet ved bakken.

Registrering

Bakkefrost blir registrert ved hjelp av gras-minimumstermometer. I samband med meteorologisk statistikk refererer frost seg til standard temperaturmålingar som gjerne går føre seg i ventilerte termometerbur (engelsk screen frost).

Hyppigheit i Noreg

Det normale talet på døgn med frost per år, det vil seia minimumstemperatur lågare enn 0 °C, er:

Skadefrost

Skadefrost i vegetasjonssesongen finst helst i klart og stille vêr, gjerne etter tilførsel av kald luft frå nord. Mest utsett er flate moar og søkk i terrenget, medan skrånande flater og lokale småhøgder er mindre utsette. Skadar kan motverkast ved hjelp av røyklegging som hindrar utstråling.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar (4)