gerundium – Store norske leksikon (original) (raw)

Gerundium er namnet på særskilde nominale eller adverbiale bøyingsformer av verb. Gerundium finst ikkje på norsk.

Faktaboks

Etymologi

latin, av ‘utføre’

Den meir presise definisjonen og bruken av gerundium varierer frå språk til språk, og ein kan skilje mellom to hovuddefinisjonar:

  1. Gerundium er namnet på ei infinitt verbform med nokre av dei same bruksmåtane som norsk infinitiv
  2. Gerundium er ei adverbial form av verbet. Dette kan òg kallast konverb.

Definisjon 1 høver på bruken i mellom anna latin og engelsk. Definisjon 2 høver på bruken i mellom anna samisk og tyrkisk.

Gerundium i engelsk

Det er vanleg å rekne med at engelsk har to verbformer som endar på -ing: presens partisipp og gerundium (engelsk gerund).

Presens partisipp er ei adjektivisk form av verbet som kan illustrerast med denne setninga:

Engelsk Norsk
The subject interesting him at the moment is Greek history. Emnet som interesserer han for augneblinken, er gresk historie.

Engelsk gerundium blir brukt der vi på norsk som regel ville bruke ein infinitiv:

Engelsk Norsk
He is proud of working at this company. Han er stolt over å arbeide i dette firmaet.
He stopped reading the newspaper. Han slutta å lese avisa.'

Gerundium i latin

Den latinske infinitiven, som er den nominale forma av eit verb, kan ikkje bøyast i kasus, og kan berre brukast som subjekt og objekt. Jamfør desse setningane, der cantare tyder 'å syngje':

Når ein eigentleg hadde trunge infinitiven i eit anna kasus eller etter ein preposisjon, må ein bruke gerundium:

Beslekta med gerundium er gerundiv, som er eit adjektivisk verbform med passiv tyding, til dømes amandus, 'som bør elskast' (til amare 'elske').

Gerundium i nordsamisk

I nordsamisk blir termen gerundium nytta om ei verbform med ein annan funksjon enn i engelsk og latin, nemleg om ei adverbial verbform som endar på -dettiin (med kortare variantar -diin ~ -din) og uttrykkjer ei handling som skjer samtidig med handlinga som er uttrykt i det finitte verbet:

(Strengt teke går det ikkje fram av setninga om det var jegeren eller rypa som gjekk på ski, men det går som regel fram av samanhengen og av vanleg kunnskap om verda.)

Eit anna namn på adverbiale verbformer av denne typen er konverb.

Gerundium i tyrkisk

Tyrkisk har òg adverbiale verbformer som blir kalla gerundium, mellom anna ei som endar på -erek / -arak og uttrykkjer ei handling som skjer samtidig med handlinga til det finitte verbet:

Og her er ei som endar på -ince uttrykkjer at handlinga er avslutta før handlinga til det finitte verbet:

Nett som i nordsamisk kan desse adverbiale verbformene kallast konverb.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar