lokativ – Store norske leksikon (original) (raw)
Lokativ er i grammatikken ei bøyingsform av substantivet som i tyding typisk svarer til norske preposisjonar som i og på — og i nokre språk også til, ved og/eller frå.
Faktaboks
av latin locus ‘stad, plass’
I nokre språk kan lokativ reknast som ein kasus. Lokativ kan då kallast ein lokal kasus, det vil seie ein kasus som uttrykkjer noko som har med ein stad å gjere; jamfør latin locus 'stad, rom'.
Lokativ er ikkje vanleg i moderne europeiske språk — bortsett frå dei finsk-ugriske og andre uralske språk — men fanst som ein kasus i eldre indoeuropeiske språk. Eldre latin hadde ein lokativ på -ī som overlevde seinare i faste uttrykk som desse:
- domī 'i huset, heime' — lokativ av domus 'hus, heim'
- humī 'på jorda, på bakken' — lokativ av humus 'jord, jordbotn'
- rūrī 'på landsbygda' — lokativ av rūs 'landsbygd'
Elles i verda finst lokativ i mange språk, nedanfor illustrert med nordsamisk, grønlandsk, tyrkisk, swahili og cree.
Nordsamisk
Nordsamisk har ein kasus med suffikset -s i eintal (og -in i fleirtal) som moderne grammatikkar kallar lokativ, men som ikkje berre uttrykkjer 'på, i', men også 'frå':
- fanas 'båt' – fatnasis 'i båten; frå båten'
- goahti 'gamme, telt' – goađis 'i gammen, i teltet; frå gammen, frå teltet'
- geaidnu 'veg' – geainnus 'på vegen; frå vegen'
- johka 'elv' – jogas 'i elva, på elva; frå elva'
Eldre grammatikkar for nordsamisk kalte denne kasusen for inessiv-elativ. Det er eigentleg eit samanfall av to kasus som framleis er skilde i nokre andre samisk språk, mellom anna sørsamisk:
- gåetie 'hus, gamme, telt'
- inessiv: gåetesne 'i huset, i gammen, i teltet'
- elativ: gåeteste 'frå huset, frå gammen, frå teltet'
Nordsamisk har òg den lokale kasusen illativ, som uttrykkjer det same som den norske preposisjonen til, som i johkii 'til elva'.
Grønlandsk
Grønlandsk har åtte kasus, og mellom dei både ein tilstadskasus (allativ), ein påstadskasus (lokativ) og ein fråstadskasus (ablativ), her illustrert med illu 'hus':
kasus | eintal | tyding | fleirtal | tyding |
---|---|---|---|---|
allativ | illumut | til huset, inn i huset | illunut | til husa, inn i husa |
lokativ | illumi | i huset | illuni | i husa |
ablativ | illumit | frå huset, ut av huset | illunit | frå husa, ut av husa |
Tyrkisk
Også tyrkisk har kasusen lokativ, med suffikset -da / -de, som i desse døma:
- mağaza 'butikk' – mağazada 'i butikken'
- gemi 'båt' – gemide 'i båten'
- yol 'veg' – yolda 'på vegen'
- nehir 'elv' – nehirde 'i elva, på elva'
Swahili
Swahili har ikkje kasus, men har likevel eit lokativsuffiks -ni, som tyder både 'til', 'på', 'i', 'ved' og 'frå':
- nyumba 'hus' — nyumbani 'til, ved, i, frå huset'
- kitanda 'seng' — kitandani 'til, ved, på, i, ut av, frå senga'
Cree
Det nordamerikanske språket cree bøyer ikkje substantivet i kasus, men har likevel ein lokativ uttrykt med suffikset -ihk, som tyder 'i, på, ved, til':
- cīmān 'kano' – cīmānihk 'i kanoen'
- šwāp 'butikk' – šwāpihk 'i, ved, til butikken'
- mēskanaw 'veg, sti' – mēskanihk 'på vegen, på stien'
- sīpiy 'elv' – sīpīhk 'i, på elva'
Lokativlikande uttrykk i norsk
Norsk har fleire adverb som endar på -e og har ei tyding ein gjerne kan kalle lokativ:
- heime 'i heimen'
- ute 'utandørs'
- inne 'innandørs'
- borte 'på ein stad som ligg meir eller mindre langt frå eit utgangspunkt'
- vekke 'borte'
- nede 'på ein stad som ligg høgare enn ein annan'
- oppe 'på ein stad som ligg lågare enn ein annan'
- omme 'til ende, slutt'