migrasjon – biologi – Store norske leksikon (original) (raw)
Reinen er ein nomadisk art som kan vandra langt for å finna gode beiteforhold i ulike årstider.
Migrasjon er at planter eller dyr flyttar seg frå eit område til eit anna. Me skil ofte mellom migrasjon og spreiing, der migrasjon er når mange individ flyttar seg i same retning samtidig, medan spreiing er meir individuelle rørsler. Ulike fagfelt innan biologien nyttar desse orda på litt ulike vis.
Faktaboks
Uttale
migrasjˈon
av latin ‘vandring’
Også kjend som
trekk, vandring
Migrasjon gjer det mogleg for organismar å utnytta ressursar og miljøforhold som varierer i tid og rom ved å flytta seg til område som til ei kvar tid har dei beste ressursane. Dette kan vera fordi ein art treng ulike ressursar i ulike deler av livshistoria (til dømes laks som sym opp i elvene for å gyta) eller fordi ressursar og miljøforhold endrar seg med tida (til dømes mellom ulike sesongar). Migrasjon er i seg sjølv ofte kostbart i form av energi og ressursar (det tek til dømes veldig mykje energi for ein fugl å fly frå Noreg til Afrika).
Sesongmigrasjon
Mange artar gjennomfører årlege migrasjonar mellom hekkeområde og overvintringsområde. Trekkfuglar er eit døme på dette. Her i Noreg er det gode hekkeforhold for mange fuglar i sommarhalvåret, medan vinteren er for kald for mange artar. I sørlegare strok finn dei betre forhold om vinteren, medan somrane ofte er for varme og tørre med mindre mat og fleire rovdyr. Ved å hekka i Noreg om sommaren og så migrera sørover og overvintra i varmare strok kan dei oppnå både god hekkesuksess og lågare dødelegheit på vinteren.
Andre typiske døme på sesongmigrasjon er reinsdyr som utnyttar ulike beiteområde på sommaren og vinteren og skrei som vandrar frå Barentshavet til Lofoten for å gyta om våren.
Sesongmigrasjon over generasjonar
Migrasjonen til monarksommarfuglane er velkjent, fordi dei ofte opptrer i så store tal. Det tek opptil fire generasjonar å gjennomføra ein full sesongmigrasjon. Dei bur tett når dei overvintrar, her i California.
Ein del artar med kort generasjonstid migrerer over så store avstandar at det tek fleire generasjonar å gjennomføra eit trekk. Monarksommarfuglar er kjende for sine massevandringar mellom det austlege USA og Mexico. På same måte som trekkfuglar reiser desse sommarfuglane sørover for å overvintra i varmare område, men dei sommarfuglane som flyg sørover om hausten er ikkje dei same som flyg nord att om våren. Det tek faktisk fire generasjonar å gjennomføra heile migrasjonen.
Her i Noreg er admiralsommarfuglar eit godt døme på denne typen migrasjon. Om våren flyg admiralsommarfuglar nordover frå Middelhavskysten og Midtausten. Admiralsommarfuglen lever berre eit par veker, og, avhengig av vind- og verforhold, kan turen til Noreg ta meir enn ein generasjon. Då legg dei gjerne egg i mellom-Europa, og så er det den nye generasjonen som flyg vidare mot Noreg. Når hausten kjem reiser dei fleste admiralsommerfuglane sørover att (dette vil då vera andre individ frå ein seinare generasjon enn dei som kom sørfrå), sjølv om ein del av dei og kan overvintra her.
Døgnvandringar
Artar kan og migrera på ein mykje kortare tidsskala. Dyreplankton i havet utfører døgnbaserte vertikalvandringar. Når det vert mørkt om kvelden kjem dei opp mot overflata. På morgonen vandrar dei ned att i djupna der det er mørkare, og held seg der gjennom dagen.
Gytevandringar
Mange fiskeartar vandrar til eit anna område når dei skal gyta. Det finst artar som gyter i saltvatn, vandrar opp i ferskvatn for å veksa opp, for så å vandra ut att i havet for å gyta. Desse kallar me for katadrome artar. Omvendt finst det artar som gyter i ferskvatn og vandrar ut i saltvatn for å veksa opp (anadrome artar). For mange artar kan gytevandringane klassifiserast som sesongmigrasjon då dei gjentek vandringa kvart år, medan andre artar berre utfører migrasjonen éin gong og døyr etter gyting.
Delvis (partiell) migrasjon
Ofte vil det vera sånn at ein del av individa i ein populasjon eller art gjennomfører migrasjon medan andre ikkje gjer det. Dette kallar me delvis eller partiell migrasjon.
Spreiing
På same måte som migrasjon, inneber spreiing at individ forflyttar seg til eit nytt område, men til forskjell frå migrasjon er dette oftast einvegs-rørsler som individ gjennomfører åleine eller i små grupper. Ein seier gjerne at spreiing er rørsler som aukar avstanden mellom individ. Det er likevel greitt å merka seg at orda spreiing og migrasjon i mange tilfelle vert brukt om ein annan.
Migrasjon i populasjonsøkologi og genetikk
Migrasjon inn i eit område vert kalla innvandring eller immigrasjon, medan migrasjon ut av eit område vert kalla utvandring eller emigrasjon. I populasjonsdynamikken tel ein alle individ som har flytta seg inn eller ut av eit område som migrantar, uansett om dei har vore del av ein større massemigrasjon eller berre har vandra som einskildindivid (ein inkluderer altså både tradisjonell migrasjon og spreiing i denne definisjonen). I populasjonsgenetikken er det vanleg å setja likskapsteikn mellom migrasjon og genflyt, med andre ord vert individ kun rekna som migrantar om dei overfører gener til ein ny populasjon.