omikron – bokstav i det greske alfabetet – Store norske leksikon (original) (raw)
Omikron er den 15. bokstaven i det greske alfabetetet (Ο, ο). Lydverdien var i gamalgresk ein trong, kort å_-lyd (IPA-lydskrift: o), til skilnad frå omega (Ω, ω), som var ein lang å (IPA-lydskrift: ɔː)._ I moderne gresk (nygresk) er uttala av omega og omikron lik, og dei læt om lag som norsk å (IPA-lydskrift: o̞).
Faktaboks
gresk ‘liten o’
Omikron i samansetjingar
Omikron vert kombinert med ypsilon til digrafen ου for å skriva lyden [u]. Den tidlegare diftongen omikron-iota, οι, vert uttala [i] i moderne gresk .
Omikron har verdien 70 i det greske talsystemet.
Omikron i andre vitskapsgreiner
Ein av variantane av sars-CoV-2, viruset som er årsaka til covid-19-pandemien, har fått tildelt namnet omikron av Verdsorganisasjonen for helse – WHO.