supinum – grammatikk – Store norske leksikon (original) (raw)

Supinum er i nordisk grammatikk den bøyingsforma av eit verb som står etter hjelpeverbet ha, som i har øydelagt og hadde øydelagt.

Faktaboks

Uttale

supˈinum

Etymologi

av latin supinum ‘tilbakebøygd’

I norsk er supinum alltid lik inkjekjønnsforma av perfektum partisipp:

Mens supinum er ein del av verbalet, fungerer perfektum partisipp som predikativ (i ei setning) eller attributt (i ein nomenfrase):

subjekt verbal objekt
Han har øydelagt sykkelen
subjekt verbal predikativ
Sykkelen er øydelagd
attributt overledd
ein øydelagd sykkel

Supinum av eit transitivt verb har aktiv tyding, mens perfektum partisipp har passiv tyding:

Svensk

I svensk riksspråk er supinum og inkjekjønn av perfektum partisipp forskjellige ved sterke verb, til dømes skjutit mot skjutet:

Latin

Termen supinum kjem frå latinsk grammatikk, men bruken av termen i nordisk og latinsk grammatikk er ikkje den same. Latin skil mellom to supinumformer, 1. supinum og 2. supinum:

Her er døme på bruken:

Samanhengen mellom nordisk og latinsk bruk av termen supinum er at i latin blir perfektum partisipp og supinum danna frå same stamme, som blir kalt supinumstamma.

Nordsamisk

I nokre vestlege dialektar av nordsamisk finst ei supinumform med same funksjon som 1. supinum på latin, det vil seie for å uttrykkje formålet med ei rørsle. Frå infinitiven juhkat 'drikke' kan ein danne supinum jugažit 'for å drikke':

I andre dialektar brukar ein her ein vanleg infinitiv:

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar