tønne – rommål – Store norske leksikon (original) (raw)
Tønne er ei eldre volumeining som blei brukt over nesten heile Europa for den vara ei tønne var berekna for. Storleiken varierte stort sett mellom 100 og 200 liter med vareslag og stad.
Faktaboks
frå norrønt av latin ‘vinfat’, i slekt med med tonn og også med tunnel
I Noreg blei tønne i særleg grad brukt for oppmåling av korn, smør, fisk, salt og poteter. I seinmellomalderen og fram til slutten av 1600-talet fanst det ei rekkje lokale tønnemål som kunne variere mellom 100 og 190 liter. Først ved ei forordning i 1683 blei det fastsett eit måleining som skulle gjelde for heile landet. Lokale einingsverdiar kunne likevel framleis finnast.
Korntønne
I 1683 blei éi norsk og dansk korntønne fastsett slik:
Frå 1824 blei volumeiningane i Noreg definerte på nytt:
- 1 korntønne = 144 potter (≈ 138,97 liter)
Samtidig blei bruken av denne eininga utvida til også å omfatte fleire andre tørre vareslag som frukt, poteter, salt og steinkol. Ei korntønne poteter (toppmål) blei vanlegvis rekna lik 100 kg.
Smørtønne
Frå 1683 blei ei smørtønne definert slik:
- 1 tønne = 136 potter (≈ 131,66 liter)
Denne eininga blei òg brukt for andre vareslag som fisk, kjøt, såpe, tran og andre feite varer.
Fisketønne
Frå 1683 var ei fisketønne det same som ei smørtønne (136 potter), men nokre kjelder oppgir at éi fisketønne òg blei definert slik:
- 1 fisketønne = 120 potter (≈ 116,17 liter; etter 1824: 115,8 liter)
Dette tønnemålet skal òg ha blitt nytta for nokre flytande varer som brennevin og øl.
Salttønne
Frå 1683 blei ei salttønne definert slik:
- 1 salttønne = 170 potter (≈ 164,58 liter)
Dette blei endra i 1824, då salt skulle bli angitt i måleininga korntønne (144 potter).
Malmtønne
I samband med bergverksdrift blei éi malmtønne i 1812 fastsett slik:
- 1 malmtønne = 1 kubikkalen (≈ 247 liter)
Sverige
Også i Sverige blei tunna brukt som volumeining. Einingsverdien har variert noko gjennom historia, men frå 1665 blei den såkalla «gamle svenske tunnan» fastsett slik:
- 1 tunna = 146,6 liter