tjukk l – Store norske leksikon (original) (raw)

Tjukk l er ein variant av språklyden l, som finst hovudsakleg i austnorske og nordnorske dialektar. Det er ein retrofleks lyd, som vert danna ved at tungespissen vert bøygd oppover mot munntaket (men utan å koma i kontakt med det), for so å gjere eit raskt slag mot munntaket, rett bak alveolane framme i munnen.

Faktaboks

Også kjend som

tykk l; IPA-symbol: ɽ

Dei fleste vestnorske dialektane har ikkje tjukk l. Eit unntak er romsdalsdialekten, som har trekk både frå vestnorsk og austnorsk. Tjukk l finn ein òg i somme svenske dialektar.

Tjukk l kan brukast både for gamalnorsk l i ord som dal, sol, blod og Ola, og for gamalnorsk i ord som gard, hard, jord og ferdig. Grensene for dei to typane tjukk l fell ikkje saman overalt, men stort sett dekkjer dei same område.

Forskarane er ikkje heilt samde om kva tid tjukk l først oppstod i Noreg. Truleg kom tjukk l av gamalnorsk l først, og tjukk l av gamalnorsk sidan, mellom 1300 og 1450, først til Austlandet og så til Trøndelag. I Sverige oppstod lydendringa endå tidlegare, men ein veit ikkje sikkert om fenomenet spreidde seg til Noreg frå Sverige, eller om det heller oppstod i dei ulike områda uavhengig av kvarandre, fordi forholda låg til rette for det. Tjukk l spreidde seg aldri til korkje vestnorsk (sørlandsk og vestlandsk, med unntak av Romsdalen), færøysk eller islandsk.

Les meir i Store norske leksikon