allergitesting – Store medisinske leksikon (original) (raw)

Allergitesting vil seie å gjere medisinske testar som kan hjelpe til å avgjere om det ligg føre ein allergi eller ikkje.

Faktaboks

Ein allergitest skal ikkje brukast for å leite etter allergi, fordi det ikkje sjeldan vil komme utslag på ein test utan at pasienten er allergisk. Ein må derfor alltid ta utgangspunkt i sjukehistoria til pasienten og teste på mistanke mot bestemte allergen.

Allergidiagnosa vert stilt først og fremst på grunnlag av pasienten sine opplysningar i sjukehistoria. Til støtte når ein skal avgjere om det ligg føre ein allergi, er det at ein gjer ulike allergitestar. Desse testane kan vere av fleire typar:

Det er viktig å vere klar over at allergitestane ikkje gir noko fasitsvar, og ofte kan slå ut sjølv om pasienten ikkje har allergisk sjukdom, altså gi falske positive resultat. Testresultata må ein derfor alltid vurdere i sammenheng med sjukehistoria.

Provokasjonstestar

Det er også mogeleg å undersøke om ein person er allergisk ved å utsette vedkommande for det aktuelle allergenet på ein meir naturleg måte, til dømes ved at vedkommande får ete ein bestemt mat, eller ved inhalasjon av eit allergenekstrakt. Slik testing vert kalla provokasjonstest.

Provokasjonstest er 'gullstandarden' ved matallergi. Den er etter måten svært ressurskrevande, blir lite gjort i Noreg, og berre ved nokre få sjukehus, annet enn i den enklaste forma. Det er å fjerne ei mistenkt matvare frå kosten for ein periode og så ta den inn att (matvare-eliminasjonstest), for å sjå om fjerning gir betring av symptoma og om ny bruk gir forverring.

Provokasjonstesten gir dei sikraste resultata når den blir utført dobbelt blindt i ein laboratoriesituasjon. Slik testing blir gjerne forkorta DBPCFC, som står for Double Blinded Placebo Controlled Food Challenge. Maten som ein vil teste om det er allergi mot, er då skjult i annan mat eller drikke. I separate måltid blir det gitt mat eller drikke som er helt lik i smak og utsjånad, men som ikkje inneheld den mistenkte matvara, men berre eit nøytralt stoff (placebo). Verken den som gir maten og registrerer symptoma eller pasienten veit då om maten som pasienten et inneheld matvara ein testar for. Kva maten inneheldt, får ein først vite i etterkant. Resultatet blir då ikkje påverka av kva pasienten og den som gir maten ventar, trur eller ønskjer.

Dobbelt blinda placebokontrollert matprovokasjon (DBPCFC) gir svært påliteleg informasjon, men har den ulempa at det kan komme allergiske reaksjonar som er ubehagelege og i verste fall krev akutt behandling.

Provokasjonstest ved luftvegsallergi blir sjeldan brukt.

Les mer i Store norske leksikon

Kommentarar