eksem – Store medisinske leksikon (original) (raw)

Kontaktallergi

Kontaktallergi etter ein ring.

Seboreisk eksem

Seboreisk eksem viser ofte som tørr og flassande hud blant anna mellom auga og på sidene av nasen.

Eksem er ei samlenemning for betennelse i øvre del av huda. Ein slik betennelse blir òg kalla dermatitt.

Faktaboks

Uttale

eksˈem

Etymologi

av gresk ekzema av ekzein, ‘koke, bruse opp’

Eksem er ein svært vanleg sjukdom. Eitt av ti barn i Noreg har atopisk eksem i periodar. Andre former for eksem er til dømes kontakteksem og seboreisk eksem.

Eksem er kjenneteikna av kløande, raud, tørr og flassande hud. Den viktigaste behandlinga er å unngå årsaka om det finst ein klar årsaksfaktor.

Årsaker

Sjukdomsårsaka og sjukdomsutviklinga (patogenesen) ved eksem er veldig samansett og varierer mellom eksemtypane. Det er gjerne både arvelege og miljømessige faktorar som bidreg til eksemutvikling.

Hos personar med atopisk eksem finst det ofte arvelege faktorar, slik som mutasjonar i genet som kodar for filaggrin, som er eit viktig protein for å halde på vatnet i huda. Ved kontakteksem er årsaka til eksemet miljøavhengig. Mange kjemikal i miljøet vårt har ei ibuande evne til å framkalle allergiar og cellestress ved kontakt med huda.

Felles for alle eksemtypar, uansett patogenese, er at det til slutt oppstår ei uønskt aktivering av både ei gruppe immunceller kalla T-celler og ein type hudceller kalla keratinocyttar i det ytste hudlaget. Aktivering av desse cellene fører til betennelse i huda. Eit av kjenneteikna på betennelse er at det kjem meir blod til det betente området, og det er dette vi ser som raudleik på lys hud.

Symptom

Eksem er karakterisert av at huda blir raud, tørr og flassande, med kløe. Hos personar med mørk hudtype, viser ikkje raudleiken så godt, men den mørke huda blir endå mørkare. Av og til oppstår det små væskefylte blemmer i det ytste laget av huda. Ved akutt eksem kan hudoverflata bli væskande. Kronisk eksem er derimot meir prega av tørrleik og ei stiv fortjukking (lichenisering) av huda som får ein tendens til å sprekke.

Utbreiing

Eksem er ein vanleg sjukdom. Meir enn ti prosent av alle barn i Noreg har atopisk eksem i periodar. Hos visse yrkesgrupper, til dømes reinhaldsarbeidarar og frisørar, er kontakteksem eit stort problem. Det kan arte seg som eksem på hendene, såkalla handeksem.

Prognose

Prognosen ved eksemsjukdom er veldig varierande ut frå kva slags eksem vi snakkar om. Som ein hovudregel er eksem tilbakevendande, med gode og dårlege periodar. Dette fordi eksem som oftast er uttrykk for ei ibuande sårbarheit i huda, der indre eller ytre triggerar gir eksemutbrot.

Inndelinga av eksem

Det finst mange måtar å dele inn eksem på. Den vanlegaste er at ein deler inn etter indre (endogene) eller ytre (eksogene) årsaker. Døme på det første er atopisk eksem, som gjerne har ein arveleg årsaksfaktor, medan kontakteksem inneber at eksemet er forårsaka av hudkontakt med miljøfaktorar.

Ein annan måte å dele inn på er anatomisk, altså etter kvar på huda eksemet sit. Eit døme er handeksem.

Kontakteksem

Kontakteksem kjem av skadeleg påverknad frå stoff som kjem i direkte kontakt med huda. Kontakteksem blir delt i to grupper: allergisk kontakteksem og irritativt kontakteksem.

Allergisk kontakteksem kjem av at immunsystemet oppfattar eit stoff som framandt og utløyser ein immunreaksjon for å fjerne stoffet frå huda. Føresetnaden for å utvikle allergi er gjenteken kontakt med det aktuelle stoffet. Døme på stoff som ofte forårsakar allergi, er nikkel, gummitilsetjingsstoff, kromsalt, parfyme og kosmetiske preparat. Det er beskrive allergiske reaksjonar mot fleire hundre ulike stoff. For å finne ut kva som har forårsaka eksemet, bruker ein lappeprøver, som er eit sett av aktuelle allergiframkallande stoff som blir lagde direkte på huda. Testane ligg på huda i to døgn. Positive reaksjonar blir viste som eksem på teststaden.

Irritativt kontakteksem kjem av direkte hudskade på grunn av kontakt med irriterande stoff, som oftast såpe eller løysemiddel. Denne eksemtypen opptrer lettast på handbakar, mellom fingrar, på sida av fingrane og under ringar. Irritativt kontakteksem kan førebyggjast ved at ein skånar huda for dei miljøpåverknadene som er uheldige, til dømes overdriven tendens til kropps- og handvask.

Atopisk eksem

Atopisk eksem, også kalla barneeksem, er knytt til allergi, høysnue og astma. Ofte er det opphoping av denne typen sjukdommar i familien. Atopisk eksem ser ein hyppigast hos små barn, men det kan halde fram eller kome tilbake òg hos vaksne. Eksemet kan bli utløyst og forverra av mange ulike faktorar, til dømes irritantar, stress og uttørking av huda. Ein del pasientar med atopisk eksem har òg allergiar, noko som kan bidra til å forverre utslettet.

Seboreisk eksem

Seboreisk eksem ser ein hos personar med feit hud og på dei hudområda der talgproduksjonen er størst, særleg rundt nasevengene, mellom augebryna og i hårfestet. Flass i hovudbotnen er ofte eit uttrykk for seboreisk eksem. Utslettet kan òg oppstå over brystbeinet og på øvre, midtre del av ryggen, og dessutan i endetarmsområdet og på kjønnsorganet, hyppigast som forhudbetennelse (balanitt) hos menn. Mikrobiell vekst i talgen til huda er ein faktor i utviklinga av seboreisk eksem.

Stasedermatitt

Dette er eksemforandringar, som oftast på leggar og føter, som oppstår på grunn av svekt blodgjennomstrøyming. Hyppigast er det venane i beina som har svekt funksjon. Det vil då hope seg opp med væske, såkalla stase, og føre til eksemforandringar.

Perioral dermatitt

Dette viser seg som eit eksemliknande, nuppete raudt utslett rundt munnen, særleg hos yngre kvinner. Tilstanden kjem av ei forstyrring av bakteriefloraen, og ein ser det som oftast som reaksjon på feil bruk av kosmetikk eller som reaksjon på kortisonhaldige kremar som kjem i kontakt med ansiktshuda.

Andre eksemformer

Mikrobielt eller infeksiøst eksem kjem av reaksjon på bakteriar eller sopp. Eksemet kan byrje som eit væskande utslett på føtene, ofte mellom tærne, før det etter ei tid spreier seg til store delar av kroppen.

Fotoallergisk og fototoksisk eksem kjem av reaksjon på kombinasjonen av eit stoff på eller i huda og sollys.

Behandling

Behandlinga av eksem har som mål å fjerne årsaka så langt det er mogleg. For å førebyggje eksem kan ein bruke fuktbevarande hudpleiemiddel i form av oljer eller kremar (fuktkrem), i tillegg til å vaske huda sjeldnare. Det er ofte også aktuelt å gi symptomlindrande behandling, som oftast med kortisonkremar.

Dersom dette ikkje er tilstrekkeleg, kan ein også prøve lokale kalsinevrinhemmarar. Dersom eksemet er væskande, er det ofte bakterievekst i det, og det vil då vere aktuelt å behandle med bakteriedrepande kremar, fargepenslingar eller desinfiserande bad.

Pasientar med kronisk eksem som blir betre av sol, kan ha nytte av lysbehandling.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar