allergen – Store medisinske leksikon (original) (raw)

Allergen er stoff som kan framkalle allergi hos personar som ikkje allereie er allergiske mot stoffet, og utløyse ein allergisk reaksjon hos individ som alt har denne allergien. Allergen er ein type antigen som er spesielle på den måten at dei fører til ein allergisk immunrespons.

Faktaboks

Etymologi

av gresk allos, ‘annan’, ergein, ‘arbeide’, og genein, ‘skape’

Isoallergen er variantar av eit allergenmolekyl, med lik molekylvekt og der det meste av aminosyreseksvensen er lik (over 67 prosent identitet), og som har same eller liknande funksjon. Svært mange protein-allergen har eitt eller fleire isoallergen, som skil seg i binding av allergiantistoffet IgE på grunn av forskjellar i aminosyresekvensen i bindingstader for IgE, i det vi kallar epitopar eller allergene determinantar.

Panallergen er allergenmolekyl som har tilsvarande funksjon i planter eller dyr som står langt frå kvarandre i utvikling og blir rekna som ikkje å vere beslekta, men som på grunn av lik aminosyresekvens og tredimensjonal struktur i delar av allergenmolekylet kan binde dei same IgE-molekyla og derfor kryssreagerer. Desse kryssreaksjonane mellom ubeslekta organismar på grunn av panallergen kan gje eit falskt inntrykk av at personen har fleire ulike allergiar. Eit døme er at ein person med bjørkepollenallergi ofte i tillegg vil reagere mot mange ulike planter, som hasselnøtter, rå gulrot og eple, på grunn av molekyl med stor likskap i deler av molekylet (oralt allergisyndrom). Eit anna døme på panallergen er tropomyosin i skaldyr (reke, hummar, krabbe), blautdyr (skjel, snigel, blekksprut) og insekt (midd, kakerlakk, kveis).

Allergena ved IgE-mediert allergi

Allergena ved luftvegsallergi eller matallergi, som begge er IgE-medierte allergiar, og også IgE-mediert kontaktallergihud og slimhinner, er vanlegvis protein frå plantar, insekt eller dyr. Det er ingen kjende tilhøve ved strukturen i noko protein som kan fortelje om det er eit allergen eller ikkje, anna enn eventuell likskap med allereie kjente allergen.

Allergena ved IgE-mediert allergi kan også vere karbohydratgrupper kopla til protein. Ein får då allergisk sensibilisering, altså ein IgE-respons, og utslag i allergitestane. Likevel utløyser karbohydrat-allergena som oftast ikkje kliniske symptom. Testane er då det som blir kalla falskt positive.

Nokre få unntak finst likevel, der karbohydratallergen gir alvorleg klinisk reaksjon. Spesielt gjeld det allergi mot raudt kjøt, der allergenet som kan gi alvorleg reaksjon, er karbohydratgruppa alfa-gal (galaktose-alfa-1,3-galaktose). Alfa-gal finst på mange protein hos ei rekkje dyreartar, men ikkje hos mennesket og somme aper. Mennesket kan derfor utvikle allergi mot alfa-gal, fordi alfa-gal ikkje finst naturleg i kroppen. Dette kan gi allergisk reaksjon mot mellom anna kjøt og monoklonale terapeutiske antistoff frå dyr. Kjøtallergien har gjerne ein samanheng med å vere biten av flått.

Allergen – ordet nytta på ulike måtar

Nemninga allergen vert nytta på tre ulike 'nivå':

  1. I daglegspråket blir «allergen» nytta om det 'makroskopiske' stoffet som gir allergi, til dømes nøtter, pollen, soppsporar, husstøvmidd eller matvarer som fisk, reker eller egg, og jamvel hest, katt og hund. På denne måten blir ordet «allergen» også nytta i lover og forskrifter og i påboden merking av innhaldet i mat.
  2. Ei allergenkjelde, til dømes eit pollenkorn, nøtter, fisk eller mjølk, vil ofte innehalde fleire ulike allergene protein. Ein allergikar reagerer ofte berre mot eitt eller nokre få av desse proteina, som på fagspråket kvar for seg blir kalla allergen og har eigne namn (sjå nedanfor). Husstøvmidd har til dømes meir enn tretti ulike allergene protein, men berre nokre få av desse gir ofte allergi, dei andre sjeldan. Kva for nokre av dei vanlegaste allergena (proteina) ein reagerer mot, kan vere viktig for kor alvorleg allergireaksjonen blir – somme protein gir ein meir ufarleg reaksjon, andre ein meir aggressiv reaksjon. Dette har ein byrja å utnytte i allergidiagnostikken (såkalla komponentdiagnostikk).
  3. Immunsystemet reagerer ikkje mot heile proteinmolekylet, men mot kortare gjenkjenningsgrupper med storleik til vanleg åtte til tolv aminosyrer. Desse gruppene blir kalla epitopar eller antigene determinantar, og eit allergenmolekyl (protein) kan ha fleire ulike epitopar. Ein allergikar reagerer vanlegvis berre på nokre få av epitopane på berre nokre få av dei allergene proteina frå til dømes pollen, slik at det blir stor variasjon i kva ulike allergikarar reagerer mot på detaljert proteinnivå. Kvar allergikar har sitt personlege 'allergenrepertoar", som ofte vil endre seg over tid.

Kontinuerlege og samansette epitopar

Epitopane på eit protein-allergen kan vere av to ulike typer: kontinuerlege eller sekvensepitopar, og diskontinuerlege eller samansette epitopar.

Det kan ha klinisk betydning om epitopen ein pasient reagerer allergisk mot er ein sekvensepitop eller ein samansett epitop. Ein sekvensepitop er relativt robust, medan ein samansett epitop blir lettare øydelagt ved endra falding av proteinet, til dømes ved varmebehandling som koking eller steiking, oksidasjon, endra osmolalitet, eller til dømes endra surheitsgrad. Det er funne at barn som reagerer mot samansette epitopar på matallergen oftare og raskare veks allergien av seg enn barn som reagerer mot sekvensepitopar. Dette er fordi sekvensepitopane er meir robuste, medan dei samansette epitopane lettare vert øydelagte når barnet utveklar meir vaksen, sterkare magesyreproduksjon – allergenet blir då øydelagt i magen før kroppen reagerer.

Komplette og inkomplette allergen, hapten

På same måten som vi snakkar om komplette og inkomplette antigen, kan vi snakke om komplette og inkomplette allergen – allergen er jo ei spesiell type antigen:

Funksjonelle grupper av allergen

Allergena vert ofte samla i ulike grupper, etter kva organ dei mest vanleg gir allergi i:

Proteinfamiliar med allergene protein

Det har etter kvart blitt klart at dei fleste proteinallergena høyrer til eit avgrensa tal proteinfamiliar. I prolamin superfamilien finn vi til dømes soyabønne allergenet Gly m 1 (eit hydrofobt frøprotein), ferskenallergenet Pru p 3 (eit uspesifikt lipid transfer-protein), castor bønneproteinet Ric c 3 (eit 2S albumin) og kveitekornallergenet Tri a 28 (α-amylase inhibitor). Slik klassifisering er nyttig på to måtar: den fortel om eit protein har auka risiko for å vere eit allergen, og den kan hjelpe oss med å forstå kvifor eit allergen er eit allergen.

Korleis allergena verkar

Allergena har evne til å framkalle ein spesifikk immunologisk respons av allergitype hos ein disponert person. Disposisjonen er for IgE-mediert allergi (Type I hypersensitivitet) er i stor grad genetisk bestemt og difor arveleg. Cellemediert kontaktallergi (Type IV hypersensitivitet) er derimot lite påverka av genetiske faktorar, og ved eksponering for kontaktallergen vil alle menneske derfor har om lag lik risiko for å bli allergiske.

Allergi – ein totrinnsprosess

Ein allergisk reaksjon er ein to-trinnsprosess, med klårt skilde fasar og ulike krav til allergen:

Allergena ved allergisk kontakteksem, autoimmunitet

Allergena ved T-lymfocytt-mediert kontakteksem (allergisk kontaktdermatitt, type IV hypersensitivitet) er vanlegvis små molekyl (under 800 Da) frå metall, syntetiske kjemikaliar, eller naturlege stoff som ofte er frå plantar – stoff som då fungerer som ukomplette allergen, det vi kallar hapten (sjå ovanfor).

Stundom vert dei lavmolekylære stoffa (haptena) allergene på grunn av endring før hapteniseringa. Til døme vert stoffet urushiol i den svært allergene amerikanske planta poison ivy ved berøring oksidert i huda og dannar det reaktive molekylet quinone, som så reagerer med protein i huda og dannar komplette allergen. Ved første gongs eksponering skjer vanlegvis berre immunresponsen (sensibilisering), utan reaksjon, men ved neste gongs kontakt kjem sterk reaksjon og blemmedanning i huda.

Det er naturleg å nemne at når somme hapten induserer ein autoimmun reaksjon, er mekanismen mykje som ved allergi. Det gjeld til dømes blodtrykksmedisinen hydralazin som hos disponerte individ gir SLE, og når anestesi-gassen halothan gir autoimmun hepatitt og somme penicillin gir autoimmun hemolytisk anemi.

Namna på allergena

Internasjonale organ fastset kva protein som skal klassifiserast som allergen, og fastset namna på allergena. WHO og IUIS (International Union of Immunological Societies) samarbeider om dette, og har ein offisiell WHO/IUIS allergenkatalog (allergenliste) på internett. Dette gjeld IgE-mediert allergi.

Grunnprinsippet for namna er slik: ein tek utgangspunkt i det offisielle latinske namnet for organismen allergenet kjem frå, til dømes Felis domesticus (huskatt), Canis familiaris (hund), Dermatophagoides pteronyssinus (husstøvmidd), Arachis hypogaea (peanøtt), Betula verrucosa (bjørk). Ein tek så dei tre første bokstavane i 'førenamnet', første bokstaven i etternamnet, og eit nummer som seier rekkjefølga allergenet vart oppdaga i. Allergennamna frå eksempla våre blir då slik (vilkårleg nummer): Fel d 1 (katteallergen nr. 1), Can f 1 (hundeallergen nr. 1), Der p 1 (middallergen nr. 1), Ara h 4 (peanøttallergen nr. 4), Bet v 1 (bjørkeallergen nr. 1). Desse namna vert nytta til dømes på svarark frå klinisk laboratorium.

Kjemikal som gir kontaktallergi, har ikkje ein tilsvarande nomenklatur, men blir gjerne samla i testbatteri, samansette etter kva stoff ein blir utsett for i ulike yrkesgrupper, utanom eit generelt testbatteri for alle. Det kan vere yrkesspesifikke testbatteri for til dømes bakarar og konditorar, metallarbeidarar, kjøkkenarbeidarar, oljearbeidarar og så bortetter.

Internasjonalt regelverk for merking av allergen

I EU/EØS er 14 stoff rekna som særleg viktige i høve til hypersensitivitets- og allergireaksjonar, og det er eit regelverk som krev at innhald av desse stoffa alltid skal vere deklarert på pakningen, også om det er alkoholhaldig drikke. Til vanleg står namnet på allergenet utheva med feit skrift på innhaldsdeklarasjonen. Også serveringsstader skal på tilsvarande måte deklarere allergeninnhaldet i maten dei serverer. Dei 14 matvarene eller stoffa som alltid skal deklarerast er:

Ved feil eller manglande allergenmerking må produktet trekkast frå marknaden. Dersom produsenten meiner at matvara er så raffinert, fortynna eller slik behandla i produksjonen at allergenet ikkje lengre finst der (til dømes fiskeallergen etter klaring av vin med proteinet isinglass frå fiskeblære), kan produsenten søke om fritak frå merking. Søknaden vert då vitskapeleg vurdert av EU sitt matsikkerheitsorgan EFSA og avgjort av EU-kommisjonen.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar