Alexandria – Store norske leksikon (original) (raw)

Faktaboks

Alexandria

Uttale

aleksˈandria

Alexandria

Utsikt over ein del av hamneområdet i Alexandria. I forgrunnen til høgre ligg gravmoskeen Abul Abbas el Mursi. Biletet er henta frå papirleksikonet Store norske leksikon, utgitt 2005–2007.

Aleksandrinske bibliotek, teikna av det norske arkitektfirmaet Snøhetta, blei offisielt innvigd 1. oktober 2001.

Alexandria er ein by nord i Egypt, på vestsida av deltaet til Nilen, ved Middelhavet. Alexandria er den nest største byen i Egypt, og storbyområdet har rundt 4 778 000 innbyggjarar (FN, 2015).

Alexandria har ei av dei viktigaste hamnene i landet, som står for store delar av utanrikshandelen. Den gamle fiskarhamna i aust fungerer også i dag som fiskarhamn. Naturgass frå Abukir rett aust for byen og bygging av ein oljerøyrleidning frå Suez har ført til ei rask industrialisering med oljeraffineri og eit større petrokjemisk kompleks. I utkanten av byen er det etablert fleire nye industriområde: ad-Dekheyla med jern- og stålverk, al-Amiriyah med tekstil- og kjemisk industri og Abukir med anlegg for behandling av naturgass og kraftverk.

Alexandria-universitetet er det nest største i Egypt og blei etablert som sjølvstendig institusjon 1942. Alexandria fungerer også som sete for paven i den kopist-ortodokse kyrkja. Byen husar også eit norsk konsulat, som promoterer norske interesser i Egypt, og dessutan eit arkeologisk museum. Det gamle biblioteket i Alexandria er gjenreist i eit samarbeid mellom Egypt og UNESCO etter eit vinnarutkast frå det norske arkitektfirmaet Snøhetta.

Historie

Alexandria

Alexandria. Kart over byen i oldtida. 1) Fyrtårnet på Faros. 2) Isis Lochias-tempelet. 3) Kongeleg hamn. 4) Antirrhodos. 5) Timoneion. 6) Teater. 7) Paneion. 8) Heptastadion. 9) Poseidontempelet. 10) Kibotoshamna. 11) Nilmunningen i oldtida. 12) Nilmunningen i dag.

Alexandria har alltid spelt ei viktig rolle i kultur- og handelsutviklinga. Byen blei grunnlagd av Aleksander den store i år 331 fvt., og ifølgje tradisjonen blei han også gravlagt her. Alexandria var i antikken regelmessig innretta, med gater som skar kvarandre i rette vinklar. Under ptolemearane blei Alexandria den egyptiske hovudstaden og i løpet av kort tid ein av dei rikaste og mest praktfulle byane i verda. Befolkninga bestod forutan egyptarar av grekarar og jødar. Dei sistnemnde spelte ei stor rolle i handelslivet i byen, og dei gjekk over til å snakka gresk.

På grunn av den geografiske plasseringa dreiv Alexandria ein svært vidstrekt handel. Hit kom produkt frå Europa, Asia og Afrika. Særleg viktig blei byen som eksporthamn for korn. Både Roma og seinare Konstantinopel var avhengige av korntilførselen frå Egypt. Det utvikla seg samstundes ein stor industri, særleg var glasvarene og papira i byen (papyrus) berømte. Kunst og vitskap blømte, særleg filologi, astronomi og matematikk. Praktfulle bygningar smykka byen; forutan tempel, dei kongelege palassa og fyrtårnet (sjå Faros) fanst eit museum, bygd av Ptolemaios 2. Det var eit kongeleg rikt utstyrt institutt, der lærde menn hadde fritt underhald og kunne arbeida i det kongelege biblioteket. Biblioteket var det største i oldtida, der den greske, egyptiske og jødiske litteraturen var samla. Tradisjonen om at dette biblioteket brann i 47 fvt., då Caesar blei kringsett (beleira) i slottet, er neppe truverdig, men på 200- og 300-talet evt. gjekk biblioteket omtrent fullstendig til grunne (sjå Aleksandrinske bibliotek).

Kristendommen fekk tidleg fotfeste i Alexandria, og gnostikarsekta hadde sete der. Byen blei eit sentrum for den eldste kristelege teologien.

I tida etter den tyrkiske erobringa i 1517 blei statusen til og betydninga av byen redusert som følgje av forsømming og epidemiar. Under Frankrikes invasjon av Egypt under napoelonskrigane var Alexandria redusert til ein mindre by, inntil han under Muhammad Ali på tidleg 1800-tal igjen byrja å bløma, men no som sentrum for den framveksande bomullsindustrien.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar