Bø – tettstad i Midt-Telemark – Store norske leksikon (original) (raw)

Faktaboks

Innbyggjartal

3696 (SSB, 2023)

Landareal

3,5 km²

Tettstadsnummer

3081 Bø

Bø

Bø i Telemark. Kommunesenteret omkring Bø jernbanestasjon.

Folketal 2000-2023

Folketalet i Bø har vakse med over 60 % sidan 2000.

Bø er ein tettstad i Midt-Telemark kommune i Telemark. Tettstaden er ifølgje SSBs definisjon 3,5 km², og har 3696 innbyggjarar (2023).

Bø er administrasjonssenter i Midt-Telemark kommune.

Bø har sidan 1970-åra blitt eit viktig regionalt handels-, service- og skulesentrum. Staden har eit breitt tilbod av privat og offentleg tenesteyting. Universitetet i Sørøst-Norges avdeling i Bø gir ringverknader i næringslivet og lokalsamfunnet elles, og dei om lag 2300 studentane på campus er med på å prege staden. Telemarksforsking i Bø er eit sjølvstendig regionalt forankra forskingsinstitutt med kundar og prosjekt over heile Noreg. Bø har òg vidaregåande skule og leirskule. Lokalavisa er Bø Blad.

Bø er eit trafikknutepunkt med stasjon på Sørlandsbanen og samband vidare vestover. Riksveg 36 går gjennom Bø med samband sørover til Grenland og E18, og vidare vestover til Seljord og E134. Fylkesveg 359 går sørover frå Bø til Lunde og Ulefoss.

Historikk og kultur

Bø Bygdemuseum–Oterholt har stor friluftssamling og felemakarverkstad, folkedraktutstilling, landhandlarmuseum med meir.

Gullbring kulturanlegg frå 1994 har symje- og idrettshall, konsert- og teatersal, galleri og kino. Telemarkshallen med innandørs fotballbane opna i 1995. Bø Sommarland er landets største badeanlegg.

Kvart år blir det arrangert to festivalar: Sommarlandsfestivalen for kor, korps og orkester og Telemarksfestivalen, som er ein internasjonal folkemusikkfestival.

På Bøhaugen ovanfor sentrum ligg Bø gamle kyrkje, truleg frå 1100-talet, og Bø nye kyrkje frå 1875.

Kart

Bø

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

Kommentarar