Bø blad – Store norske leksikon (original) (raw)

Faktaboks

Offisielt namn

BØ BLAD AS

Organisasjonstype

Aksjeselskap

Forretningsadresse

Bø i telemark

Dagleg leiar

Hilde Nesje

Styreleiar

Eivind Eckbo

Logo

Opplagstal for Bø Blad, 1994-2023

1994 1800
1995 1858
1996 2046
1997 2090
1998 2107
1999 2117
2000 2212
2001 2292
2002 2309
2003 2244
2004 2254
2005 2263
2006 2371
2007 2355
2008 2367
2009 2355
2010 2325
2011 2257
2012 2359
2013 2501
2014 2622
2015 2542
2016 2567
2017 2568
2018 2563
2019 2559
2020 2795
2021 2698
2022 2806
2023 2822

Kilde:medienorge.uib.no (papiropplag til 2014; deretter totalopplag, endring i beregningsmetode fra 2018)

Bø blad er ei norsk lokalavis som kjem ut i i Telemark, i papirformat ein dag i veka og som dagleg oppdatert nettavis. Avisa blei grunnlagd i 1986 og er eigd av fleire aksjonærar, mellom anna Lepperød Invest AS som har den største aksjeposten med 27,7 prosent. Bø blad eig og lokalavisa Kanalen i nabokommunen Nome.

Historie

Fram til 1985 var behovet for avis i Bø delvis dekt av Telemarkingen. Då den avisa gjekk konkurs i 1985, fekk mange aktørar i lokalsamfunnet behov for ein ny og god kommunikasjonskanal. I august 1986 blei Bø blad stifta som eit aksjeselskap, med journalist og tidlegare stortingsrepresentant Arne Kielland som initiativtakar. Han var og redaktør fram til han døydde i 2003. Både lokale bedrifter, bankar, organisasjonar og enkeltpersonar gikk inn som aksjonærar. Det gjorde også dåverande Bø kommune.

Utvikling

Frå januar 2018 fekk abonnentane digital tilgang til avisa, i første omgang som e-avis. I desember 2019 blei Bø blad ei fullverdig nettavis, i tillegg til at ho kjem ut på papir éin gong i veka. Det har ho gjort sidan starten. Frå 1. januar 2020 er nedslagsfeltet for avisa utvida. Då blei Bø kommune slått saman med Sauherad kommune til Midt-Telemark kommune.

Redaksjonsspråket i Bø blad er nynorsk, og avisa er pådrivar for bruk av nynorsk og lokal dialekt i lokalmiljøet. Avisa oppmodar næringslivet i kommunen til å marknadsføre seg på nynorsk. Avisa gir jamvel språkleg støtte til marknadsføringa. I 2018 blei Bø blad tildelt «Målblomen» frå Noregs Mållag for denne innsatsen.

Opplag

År Opplag
2000 2212
2005 2263
2010 2325
2015 2542
2020 2795
2021 2698
2022 2806
2023 2822

Til og med 2015 gjeld opplagstala berre for papiravisa. Frå 2020 viser statistikken netto opplagstal for både digitale abonnement og papirabonnement. Kjelda er opplagstala avisene rapporterer til Mediebedriftenes Landsforening (MBL) for andre halvår.

Fakta

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

Faktaboks

Organisasjonsnummer

842831032

Sektorkode

2100 Private aksjeselskaper mv.

Næringskode(r)

58.130 Utgivelse av aviser

Kommentarar