Eikelandsosen kraftverk – Store norske leksikon (original) (raw)
Eikelandsosen kraftverk er eit vasskraftverk i Bjørnafjorden kommune, Vestland fylke. Kraftverket ligg i Kvanndalsvassdraget.
Magasin og inntak for kraftverket er Botnavatnet (506–482 meter over havet). Eit bekkeinntak som samstundes fungerer som svingesjakt er teki inn i nedre delen av driftstunnelen. Kraftverket ligg i fjell med ein tilkomsttunnel på 1100 meter. Fallhøgda på om lag 500 meter vert utnytta i ein francisturbin; installert effekt er 30 MW og middel årsproduksjon 95 GWh.
Eikelandsosen kraftverk vart sett i drift i 1986. Eigar er Sunnhordland kraftlag.