Folkebladet – Store norske leksikon (original) (raw)
Faktaboks
Offisielt namn
FOLKEBLADET AS
Også kjend som
Folkebladet
Organisasjonstype
Forretningsadresse
Finnsnes
Stifta
28.08.1965
Steinulf Henriksen
Harald Rise
Folkebladet er ei norsk regionavis som kjem ut på Finnsnes. Ho blir utgitt på papir tre dagar i veka, og som dagleg oppdatert nettavis. Avisa blei grunnlagd i 1965 med namnet Troms Folkeblad og er eigd av Polaris Media.
Avisa, som starta som lokalavis, dekkjer sju kommunar i Midt-Troms, og eit stort geografisk område: Senja og innlandskommunane Målselv og Bardu – og sørover til og med Lavangen.
Digitalt
Folkebladet publiserer på dei ulike digitale flatene. Bladet er òg aktiv med lokalfjernsyn (Folkebladet-TV). Det gjennomsnittlege talet på daglege lesarar på nett og papir var 15 812 i fjerde kvartal 2023, ifølgje Mediebedriftenes Landsforening.
Historie
Halvdan Kvernmo var den fyrste redaktøren til Troms Folkeblad.
Stemninga på julebordet til avishuset Troms Folkeblad lyt til å ha vore god. Den fyrste redaktøren, Halvdan Kvernmo, sit i andre rekke, heilt til venstre. Biletet er tatt ein gong på 60-talet.
Aviskonkurranse i Midt-Troms
Troms Folkeblad kom ut fyrste gong på Finnsnes i Lenvik kommune 15. november 1965. Næringslivskrefter rundt Finnsnes Handelstandsforening, men også representantar for ulike politiske avskyggingar, ønskte å lage ei avis for midtfylket i Troms. Dei la planar om å kjøpe Senjens Blad som var til sals, og som i ulike variantar hadde kome ut på same staden sidan 1907. Samstundes ønskte partiet Venstre eit talerøyr i distriktet, og vann til slutt dragkampen om å overta Senjens Blad sommaren 1965. Dermed måtte ein leggje planar for ei heilt ny avis, og dessutan skaffe kapital. Nokre månader seinare var Troms Folkeblad etablert med gamleredaktøren i Senjens Blad som fyrste redaktør og med fleire andre medarbeidarar frå same avis.
Den nye avisa må nok også sjåast i samanheng med meir langsiktige utviklingstrekk, knytte til framveksten av Finnsnes som eit stadig viktigare sentrum i Midt-Troms. I 1950 var det 884 innbyggjarar her, tjue år seinare 2619. Ved århundreskiftet fekk Finnsnes bystatus. Bakgrunnen for denne ekspansjonen for Finnsnes med omland var etablering av Troms offentlege landsgymnas på Setermoen i 1946 (som kom til Finnfjordbotn utanfor Finnsnes tre år seinare), eit ferrosilisumverk midt på 1950-talet, ein tremassefabrikk i nabokommunen Sørreisa og militærutbygging, både i Lenvik kommune og i nabokommunar i Midt-Troms og Indre Troms.
Eit uttrykk for den auka betydninga denne regionen fekk i avisbiletet, i spennet mellom Nordlys i Tromsø og Harstad Tidende, er at Nordlys etablerte sitt fyrste distriktskontor her alt i 1954. Det blei rett nok oppgitt alt etter eitt år, men frå 1961 hadde Nordlys permanent eige kontor på Finnsnes. Troms Folkeblad måtte derfor kjempe for eksistensen både mot Senjens Blad og Nordlys (som i 1968 hadde ei hushaldsdekning på 60 prosent i Lenvik kommune). Avisa sleit tungt i starten, men kom over kneika.
Jamstor med konkurrenten
I 1970 måtte konkurrenten Senjens Blad gi opp. I 1974 gjekk avisa over til offset, og ti år seinare kom avisa for fullt inn i dataalderen. Eit stort byks framover fekk Troms Folkeblad då eigarane av ferrosilisumverket like utanfor Finnsnes, Fesil-Nord, gjekk inn med ny kapital i 1989. Då hadde avisa for fyrste gong like stor hushaldsdekning i Finnsnes-området som Nordlys, 57 prosent. To år seinare vart Folkebladet dagsavis, og frå 1997 har Steinulf Henriksen vore sjefredaktør i avisa.
Dominans i distriktet
Steinulf Henriksen vart redaktør i Folkebladet i 1997. Her blar han i eit opptrykk av fyrste utgåve av Troms Folkeblad som kom ut 15. november 1965.
På 1990-talet blei Troms Folkeblad overtatt av den ekspanderande Harstad Tidende-gruppen (frå 2008 Polaris Media), ein del av «Schibsted-sfæren». I 2008 hadde Troms Folkeblad fire avdelingskontor og om lag 30 tilsette, og var no heilt dominerande i sitt distrikt.
Eigarselskapet bytte namn frå Troms Folkeblad AS til Folkebladet AS i samanheng med 50-årsjubileet i 2015. Då hadde det gamle namnet Troms Folkeblad ikkje vore i bruk på avisa på tjuge år.
Folkebladet kom lenge ut som tradisjonell papiravis alle seks kvardagar. I 2024 vart det vedteke å gje ho ut i papirformat berre tre av kvardagane, som følgje av både kostnadsauke og nye lesarvanar.
Redaktørar
- Halvdan Kvernmo (1965–1968)
- Adrian Skogmo og Georg Prahl Harbitz (april til november 1968)
- Kjell A. Aarstein (november 1968 til januar 1969)
- Rolf Lofthus (1969–1971)
- Torstein W. Tengelsen (1972–1973)
- Jarle A. Larssen (1974–1987)
- Adrian Skogmo (1987–1989)
- Rolf A. Erstad (1989–1997)
- Steinulf Henriksen (1997-)
Opplag
Opplagstal for Folkebladet, 1986-2023
1986 | 5531 |
---|---|
1988 | 6869 |
1990 | 6850 |
1991 | 6931 |
1992 | 6961 |
1993 | 6967 |
1994 | 7047 |
1995 | 6852 |
1996 | 6987 |
1997 | 7074 |
1998 | 7284 |
1999 | 7442 |
2000 | 7463 |
2001 | 7628 |
2002 | 7782 |
2003 | 7796 |
2004 | 7748 |
2005 | 7798 |
2006 | 7743 |
2007 | 7778 |
2008 | 7779 |
2009 | 7545 |
2010 | 7394 |
2011 | 7042 |
2012 | 6873 |
2013 | 6450 |
2014 | 6110 |
2015 | 5657 |
2016 | 5508 |
2017 | 5425 |
2018 | 5767 |
2019 | 5940 |
2020 | 5940 |
2021 | 6115 |
2022 | 6036 |
2023 | 6397 |
Kilde:medienorge.uib.no (papiropplag til 2014; deretter totalopplag, endring i beregningsmetode fra 2018)
År | Opplag |
---|---|
2015 | 5657 |
2018 | 5500 |
2020 | 5940 |
2021 | 6115 |
2022 | 6036 |
2023 | 6397 |
Til og med 2015 gjeld opplagstala berre for papirutgåva. Frå 2020 blir det brukt netto opplagstal for både digitale abonnement og papirabonnement. Kjelda er opplagstala avisene rapporterer til Mediebedriftenes Landsforening (MBL) for andre halvår.
Fakta
- Fyrste nummer 15. november 1965.
Les meir i Store norske leksikon
Eksterne lenker
Litteratur
Idar Flo (red.) Norske aviser fra A til Å, 2010. I Hans Fredrik Dahl (red.) Norsk presses historie 1-4. Universitetsforlaget, 2010.
Fyrste utgåve av Troms Folkeblad kom 15. november 1965.
Faktaboks
Sektorkode
2100 Private aksjeselskaper mv.
Næringskode(r)
58.130 Utgivelse av aviser