Fritt Ord – Store norske leksikon (original) (raw)

Faktaboks

Offisielt namn

STIFTELSEN FRITT ORD

Organisasjonstype

Stiftelse

Forretningsadresse

Oslo

Stifta

07.06.1974

Dagleg leiar

Knut Olav Åmås

Styreleiar

Grete Brochmann

Logo

Uranienborgveien 2, ca 1890

Fritt Ord held til i Uranienborgveien 2, rett bak Slottet i Oslo. Bilete er frå ca 1890.

Grete Brochmann

Grete Brochmann er styreleiar i Fritt Ord

Knut Olav Åmås

Knut Olav Åmås er direktør i Fritt Ord

Fritt Ord er ei norsk stifting som vart oppretta i 1974 med føremål å verne om og fremje ytringsfridomen og med det bidra til å styrkje ei demokratisk samfunnsutvikling i Noreg og berike norsk kultur.

Dette gjer Fritt Ord ved å støtte prosjekt og heidre personar for deira arbeid innanfor føremålet med stiftinga. Mellom større prosjekt som har fått støtte, er oppbygginga av Litteraturhuset i Oslo.

Kapital

Fritt Ord hadde opphavleg aksjane i A/S Narvesens Kioskkompani og tilslutta selskap som grunnkapital. Etter ein fusjon med Norsk Spisevognselskap i 1975, eit dotterselskap av NSB, vart selskapet Narvesen AS danna, der Fritt Ord fekk 59 prosent av aksjane.

NSB selde i 1995 aksjane sine i Narvesen, og selskapet vart børsnotert. Fritt Ord reduserte etter kvart eigardelen sin i Narvesen til 16,2 prosent, men aksjane vart selde og det gamle sambandet mellom Fritt Ord og Narvesen vart avslutta i 2001, då det dåverande Reitan Narvesen ASA vart teken av børs og innlema i Reitangruppen.

Den urørlege grunnkapitalen i stiftinga er sidan 2001 på 500 millionar kroner, og samla eigenkapital ved utgangen av 2023 utgjorde 3,6 milliardar kroner.

Stiftinga vert leia av eit styre (styreleiar sidan 2016: Grete Brochmann), og den daglege drifta vert ivareteken av eit sekretariat i Oslo, leia av ein direktør (sidan 2014: Knut Olav Åmås).

Fritt Ords pris

Fritt Ords pris består av Fritt Ord-statuetten (signert Ulf Aas) og eit pengebeløp som varierer i storleik. Prisen blir delt ut kvart år i tilknyting til frigjeringsdagen 8. mai.

Ifylgje statuttane skal han delast ut i samband med markeringa av Noregs frigjering frå den tyske okkupasjonen. Prisen blir delt ut til personar eller institusjonar for arbeid som blir rekna som særleg verdifullt etter føremålet med institusjonen.

Prisvinnarar

Kim Friele

Karen-Christine Friele, generalsekretær i Det Norske Forbundet av 1948, mottok Fritt Ords pris i 1978.

Fritt Ords honnør

Hans Heiberg

Hans Heiberg mottok som den første Fritt Ords honnør (posthumt, 1979) "for kraftfull, evnerik og uredd – men aldri uansvarlig – bruk av det frie ord gjennom 50 år".

Fritt Ords honnør er ei påskjøning som blir delt ut for verdifullt virke i det frie ords teneste, gjerne i tilknyting til ei aktuell sak. Påskjøninga består av ein krystallbolle og eit pengebeløp som varierer i storleik. Den kan delast ut fleire gonger kvart år.

Prisvinnarar

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

Faktaboks

Organisasjonsnummer

840667022

Sektorkode

7000 Ideelle organisasjoner

Næringskode(r)

94.992 Fond/legater som støtter veldedige og allmennyttige formål

Kommentarar (9)