Dag og Tid – Store norske leksikon (original) (raw)
Faktaboks
Offisielt namn
DAG OG TID AS
Organisasjonstype
Forretningsadresse
Oslo
Svein Gjerdåker (ansvarleg redaktør)
Åshild Mathisen
Helge Arild Bolstad frå Dale i Hordaland, her med eit ferskt eksemplar i hendene, var redaktør i Dag og Tid frå 1976 til 1985. I store deler av denne frodige perioden styrde han bladet saman med liberalaren Tor Gabrielsen, Bjarne Myrstad og Kjetil Tandstad. Kvinneleg redaktør fekk ikkje Dag og Tid før Arnhild Skre kom i 1990.
Dag og Tid er ei vekeavis gjeven ut i Oslo og den einaste riksavisa på nynorsk. Avisa blei stifta i 1962 og har sidan starten vore partipolitisk ubunden. Avisa er eigd av nær 900 aksjonærar.
Dag og Tid inneheld for det meste debattstoff og kommentarar innan kultur og politikk. Avisa har få tilsette, men har knytt til seg om lag 60 journalistar og skribentar innanfor ulike fagfelt. Avisa kom i ei enkel digital utgåve i 2005, men vart vesentleg oppgradert i 2018. I tillegg til papirutgåve og nettutgåve har avisa ein podkast og tilbod om avisa som lydavis.
Føremålsparagrafen er enkel, han seier at avisa skal vere på nynorsk og partipolitisk ubunden. Redaktøren har stor fridom til å prege profilen, men avisa har nesten alltid vore radikal og motstraums.
Historie
På landsmøtet til Noregs Mållag i 1946 vart ideen om ei ny og uavhengig riksavis på nynorsk lagd fram av redaktør Asbjørn Øverås. Han meinte det var naudsynt med eit landsorgan for nynorsken. I 1961 gjorde avismannen Anton Beinset idé om til praksis i lag med Bondeungdomslaget i Oslo. Det skulle bli nynorskens svar på Newsweek, ei vekeavis på nynorsk, ikkje om nynorsk. Magne Rommetveit i førebuingsnemnda gav avisa same namn som eit NRK-program, til protestar frå kringkastingssjefen.
Avisa var i uregelmessig drift frå 1962. Dei innsamla midlane tok stadig slutt, interessa for ei slik avis var mindre enn ein trudde, og Bondeungdomslaget murra over radikalismen i avisa og stoppa pengestøtta.
Dei første seks åra var prega av dårleg råd og ei stadig utskifting av redaktørar, deriblant Olav Rytter, Ivar Eskeland og Bjørn Hervik. Dei to siste stod for ein liten skandale i 1966 då dei på leiarplass erklærte nynorsken for død, men den utgåva av avisa kom aldri ut fordi disponent Olav Engan stoppa avisa på trykkeriet. Ei tom pengekasse og redaksjonskonflikt tvinga fram eit skifte i avisa. I 1967 vart Tor Gabrielsen og Kjetil Snerte tilsette som redaktørar, og først i 1968 byrja avisa å komme regelmessig éin gong i veka.
Frå slutten av 1960-talet byrja avisa å lage distriktsnummer som kom i tillegg til avisa. Ved å spreie distriktsnummer til alle husa i dei aktuelle områda utfordra Dag og Tid lokaljournalistikken og bygde opp eit eige kontaktnett.
Dag og Tid har nesten alltid vore radikal og motstraums. Under kampen om EF-medlemsskap i 1972 var Dag og tid ei sterk stemme for nei-sida. Avisa gav ut eit spesialnummer om EF som vart spreidd på Island og Færøyane. Frå 1969 til 2009 hadde avisa einerett på stoff frå Le Monde. Den franske avisa var då, enda meir enn no, ei kritisk røyst som skilde seg ut frå annan vestleg journalistikk.
Som ei sterk meiningsavis har ordskifta til tider vore harde og i nokre periodar på kollisjonskurs med rådande haldningar i målrørsla. Avisa har fått kritikk for å ikkje ha nok stoff om nynorskmiljøa, men utan å endre kurs. Til trass for at Dag og Tid har støytt frå seg somme i målrørsla, har avisa også henta lesarar frå fleire ulike miljø. I 2022 er talet på abonnentar like høgt på Austlandet som på Vestlandet.
Dag og Tid hadde eit stabilt opplag på om lag 6500 aviser frå 1970 til 2009. I likskap med fleire andre nisjeaviser har opplaget auka sterkt frå 2010 til 2023. I 2023 hadde avisa eit papiropplag på over 14 000 eksemplar.
Opplag
Opplagstall for Dag og Tid, 1993-2023
1993 | 6263 |
---|---|
1994 | 5886 |
1995 | 6011 |
1996 | 6375 |
1997 | 6728 |
1998 | 6766 |
1999 | 6319 |
2000 | 6318 |
2001 | 6671 |
2002 | 6519 |
2003 | 6982 |
2004 | 7029 |
2005 | 7054 |
2006 | 7206 |
2007 | 7228 |
2008 | 7233 |
2009 | 7531 |
2010 | 8338 |
2011 | 8729 |
2012 | 9132 |
2013 | 9582 |
2014 | 10778 |
2015 | 10948 |
2016 | 11211 |
2017 | 11271 |
2018 | 11357 |
2019 | 12053 |
2020 | 12904 |
2021 | 13425 |
2022 | 13758 |
2023 | 14663 |
Kilde:medienorge.uib.no (papiropplag til 2014; deretter totalopplag, endring i beregningsmetode fra 2018)
År | Opplag |
---|---|
1993 | 6263 |
1995 | 6375 |
2000 | 6318 |
2005 | 7054 |
2010 | 8338 |
2015 | 10 948 |
2020 | 12 904 |
2021 | 13 425 |
2022 | 13 758 |
2023 | 14 663 |
Til og med 2015 gjeld opplagstala berre for papirabonnement. Frå 2020 reknar ein både papirabonnement og digitalt abonnement, ifølgje Mediedbedriftenes Landsforening.
Utmerkingar
Dag og Tid fekk Fritt Ords pris i 2017 med grunngjevinga at avisa skapar «grundig og seriøs journalistikk som tek heile Noreg alvorleg, set sine eigne dagsordenar og er eit raust rom for særs ulike røyster».
Redaktørar
- Arthur Klæbo 1962
- Olav Maaland
- Tor Gabrielsen 1967-1979
- Kjell Snerte 1967-1975
- Bjarne Myrstad 1974–1979
- Kjetil Tandstad 1976–1980
- Helge Arild Bolstad 1976–1985
- Asgeir Olden 1986–1990
- Arnhild Skre 1990–1993
- Audun Skjervøy 1993–2001
- Svein Gjerdåker 2001–
Les meir i Store norske leksikon
Eksterne lenker
Litteratur
- Grepstad, Ottar (2010) Avisene som utvida språket. Nynorskpressa 1850–2010. Oslo: Det Norske Samlaget
- Hjeltnes, Guri (bindredaktør) (2010) Imperiet vakler 1945-2010. Bind 3: Norsk presses historie 1660–2010. Oslo: Universitetsforlaget.
- Kobbeltveit, Olav (2010) «Dag og Tid». I Idar Flo (bindredaktør) (2010) Norske aviser fra a til å. Bind 4: Norsk presses historie 1660–2010 Oslo: Universitetsforlaget.
Faktaboks
Sektorkode
2100 Private aksjeselskaper mv.
Næringskode(r)
58.140 Utgivelse av blader og tidsskrifter