Gaute Ivarsson – Store norske leksikon (original) (raw)

Faktaboks

Gaute Ivarsson

Fødd

1440

Død

mai 1510

Verke

Erkebiskop og leiar av riksrådet

Familie

Foreldre: Ukjende.

Sør-Trøndelags fylkesvåpen er basert på Gaute Ivarssons segl.

Gaute Ivarsson var ein norsk geistleg som var erkebiskop i Nidaros i 35 år, frå 1475 til han døydde i 1510. I si lange tenestetid som erkebiskop arbeidde han konsekvent for kyrkjeleg fridom og Noregs rettar i Kalmarunionen.

Gaute Ivarsson sine jordebøker frå ca. 1490 er nyttige kjelder til kunnskap om erkestolens økonomi og agrartilhøve i seinmellomalderen.

Erkebiskop

Gaute fekk utdanning ved universitetet i Rostock, slik som fleire andre framståande geistlege i andre halvpart av 1400-talet. Han vart immatrikulert same stad i 1462, vart baccalaureus året etter og magister i 1466. I 1472 er han omtala som kannik i Nidaros, og han vart ein naturleg etterfølgjar då Olav Trondsson døydde i 1474. Gaute vart vald året etter og innvigd i Roma sumaren same år. Han kom til å fungera i dette embetet i 35 år, lenger enn nokon annan norsk erkebiskop.

Som erkebiskop gjennomførte Gaute utstrekte visitasreiser i stiftet sitt og tok seg energisk av byggjearbeida ved Nidaros domkyrkje. Han ser òg ut til å ha vore den fremste byggherren i utvidinga og utbetringa av Erkebispegården i Trondheim i løpet av seinmellomalderen.

Verdsleg makt

På Gautes tid var Noreg, saman med Danmark og Sverige, ein del av Kalmarunionen, der Danmark var den dominerande parten. Då kong Christian 1. døydde i 1481, ville nordmennene, som svenskane, ikkje utan vidare hylle tronfølgeren Hans. I eigenskap av å vere erkebiskop styrte Gaute Noreg saman med resten av riksrådet. Nordmenn og svenskar avtalte å yte kvarandre gjensidig hjelp og støtte til forsvar av sjølvstendet til landa, og å opptre saman i det kommande kongevalet.

Gaute var leiar av den norske kommisjonen som i 1483 møtte i Halmstad for å velje ny unionskonge. I tillegg til valet av Hans til norsk og dansk konge, var resultatet av forhandlingane Halmstad-recessen. Heilt i tråd med norsk politikk, føresette denne handfestningen og unionsavtalen ein strengt avgrensa personalunion med mellom anna sterke garantiar for kvart lands indre sjølvstyre.

Med sin autoritet vart Gaute ofte peika ut som medlem av domskommisjonar når vanskelege saker skulle avgjerast. Ei slik sak kom opp 1490, då den svære godssamlinga etter junker Hans Sigurdsson skulle delast. Mange framståande adelege hadde arvekrav – Alv Knutsson, Otte Matsson Rømer, Arald Kane på vegner av kona si fru Ingerd Erlendsdotter og hennar syster fru Sigrid. Det var erkebiskopen saman med andre geistlege og verdslege stormenn som stod for delinga.

Tre år før Gaute tok over som kyrkjeleiar, skilde paven Orknøyane ut frå Nidaros erkebispedøme og la øygruppa til den nye St. Andrews kyrkjeprovins. Dette inngrepet i rettane til Noreg reagerte Gaute på, men den protesten han 1500 sende til pave Alexander 6., førde ikkje fram.

Som leiar av riksrådet var Gaute på vakt mot kongelege krenkingar av unionsavtalen, og han blei openbert sett på med politisk skepsis av unionsmonarken. Med si grunninnstilling og med riksrådskonstitusjonalisme som mål for riksstyringa måtte Gaute koma i konflikt med hertug Christian (den seinare kong Christian 2.), som styrde som visekonge i Noreg i 1508–1513. Etter valet av kong Hans blei Gaute mistenkt for å stå i samband med Sten Sture og i 1508 for å ha planlagt eit opprør mot hertug Christian, som då var visekonge i Noreg. Gaute protesterte kraftig mot fengslinga til hertugen av biskop Karl Sigurdsson på Hamar i 1508, og nekta å krone hertugen som norsk konge så lenge Hans levde.

Jordebøker

Gaute Ivarsson var også verdsleg lensherre med fem av dei gamle trønderfylka i forlening. Seinare innføringar i Aslak Bolts jordebok viser at han var ein påpasseleg godsforvaltar, og han fekk også arbeidd ut eit eige register over «Stolsens» eigedomar i sitt len. Kongens eigedomar i lenet fekk han ikkje noko register over, opplyser han. Difor fekk han utarbeidd si eiga jordebok etter først å ha «granliga bespurt oc funneth ath the høre waar nadige herre kongen oc kronen till». Såleis blir Gautes jordebøker kjelder som fortel både om den administrative oppløysinga etter Svartedauden og den byrjande stabiliseringa frå utgangen av mellomalderen.

Ætt

Opphavet til Gaute er ukjent, men han kom truleg frå ei lågadelslekt. Heilt sidan Ludvig Daae i 1897 skreiv sin «Krønike om Erkebiskoperne i Nidaros», har det gått att i litteraturen at Gaute var frå Aspa i Frei på Nordmøre, son til Ivar Trondsson og brorson til føremannen på erkestolen, Olav Trondsson. Dette kan no avkreftast. Det finst ei slektstavle for Aspa-ætta frå reformasjonshundreåret, der både Olav Trondson og Ivar Trondson er innførde, den siste med åtte born. Gautes namn er ikkje på lista, og det er heilt usannsynleg at ein så framståande medlem av ætta skulle bli utelaten.

Tilkoplinga til Aspa-ætta kan ha skjedd fordi Gaute som ei av sine første handlingar som erkebiskop utnemnde Ivar Trondsson til ombodsmann for domkyrkja. Men både 1475, 1483 og 1489 er Ivar i Aspa omtala i heilt nøytrale vendingar, like eins 1484 då erkebiskopen makeskifte jord med Ivar. Derimot er det sannsynleg at Gaute høyrde til same sosialgruppe som Olav Trondsson, og det har vorte gjetta på at han hadde tilknyting til den vidt forgreina Aspa-ætta gjennom ei anna sentral lågadelsætt, nemleg Teiste-ætta. Dette kan førebels berre stå som ein hypotese.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

Kommentarar