Gransherad – Store norske leksikon (original) (raw)
Gransherad er ei bygd i Notodden kommune, Telemark fylke. Gransherad utgjer den nordlegaste delen av kommunen, omkring Tinnoset og elva Tinne.
Faktaboks
norrønt Grandalsherað, av trenamnet ‘gran’.
Gransherad var inntil 1964 eigen kommune. Kommunen vart oppretta i 1860 av dei to sokna Gransherad av Hjartdal kommune og Hovin av Tinn kommune. I 1886 vart kommunen så delt i Gransherad og Hovin kommunar. Størsteparten av Gransherad vart i 1964 slått saman med Notodden og Heddal kommunar, og dessutan Rudsgrend av Hovin kommune til den nye storkommunen Notodden. Den austlege delen av den tidlegare kommunen, Gransherad-Jondalen, vart same år overført til Kongsberg kommune.
Gransherad sentrum ligg ved Tinne 20 kilometer nordvest for Notodden, ved stasjon på Tinnnosbanen med same namn. Persontrafikken på denne banen stansa i 1991.