Gulating – Store norske leksikon (original) (raw)
Tusenårstaden Gulatinget på Flolid i Gulen. Dette kan ha vore tingstaden for Gulatinget. I 2003 blei tingveggen, eit monument av 22 høge granittplater, reist til minne om Gulating. Monumentet er laga av bilethoggaren Bård Breivik.
Gulatingslova var lovsamlinga som gjaldt for Gulating.
Gulatinget var i vikingtida og mellomalderen ein felles rettsstad (lagting) for dei vestanfjelske fylka i Noreg. Dei andre lagtinga var Borgarting, Eidsivating og Frostating.
Faktaboks
Uttale
gˈulating
Namnet Gulating blir i dag brukt om Gulating lagmannsrett, lagdømmet for Rogaland og Vestland.
Alder
Gulatinget blei opphavleg halde i Gulen sokn like sør for munningen av Sognefjorden. Oppgåva til tinget var å avseia dommar i framlagde saker og stadfesta nye rettsreglar, kalla «_nymæle_». Gulatinget blei truleg oppretta før år 930. Dette fordi Are Frodes Íslendingabók fortel at den islandske Ulvljotslova på omtrent same tid blei skapt etter mønster av Gulatingslova.
Geografisk inndeling
Visstnok var Gulatinget opphavleg felles tingstad for midtre del av Vestlandet, dei tre fylka Firðafylki, Sygnafylki og Horðafylki, noko som ligg til grunn i Egil Skallagrimssons saga. Elles passar det også med plasseringa av Gulen, omtrent i det geografiske sentrumet av desse fylka.
Gulatinget kan ha vore eit «allting» der alle frie bønder kunne møta. Ifølgje Snorre og andre sagakjelder var det Håkon den gode (cirka 950–960) som «sette» Gulatingslova, noko som kan innebera at rettsområdet på hans tid blei reorganisert og utvida. På 1100-talet omfatta rettsområdet forutan dei tre nemnde fylka også Sunnmørafylki (Sunnmøre), Rygjafylki (Rogaland) og Egðafylki (Vest- og Aust-Agder), og seinare også Valdres og Hallingdal.
Organisering
Etter utvidingane var Gulating eit representasjonsting. Fylka var inndelte i fjerdingar, kvar med sitt ting, og fjerdingane var igjen inndelte i skipreider. Etter Gulatingslova sin «Olavstekst» (etter Olav den heilage, eldre enn 1163) møtte cirka 400 bonderepresentantar (nemndemenn) kvart år på Gulating, i tillegg til kongelege ombodsmenn og sokneprestane. Etter Gulatingslova sin «Magnus-tekst» (etter Magnus Erlingsson, yngre enn 1163) var talet på nemndemenn 248, og i Magnus Lagabøtes landslov (som blei vedteken i åra 1274–1276) er talet 148. Nemndemennene skulle ha godtgjersle frå distrikta sine i form av naturalia og pengar.
Lagmannen hadde ei framståande stilling på tinget og i den eldste tida var han visstnok ein lovkunnig bonderepresentant. Frå 1100-talet var lagmannen ein kongeleg ombodsmann, som etter kvart fekk den faktiske domsmakta, dels åleine og dels saman med eit mindre tal lagrettemenn. Dette gjorde i stigande grad den breie bonderepresentasjonen overflødig.
Gulating til Bergen
Gulatinget blei etter kvart flytta til Bergen, kanskje allereie før 1300. I Christian 4s Norske lov av 1604 er namnet Gulating erstatta med Bergen lagting. I 1797 blei Bergen lagdømme oppheva saman med dei andre lagdømma i landet.