Jørgen Hanssøn – Store norske leksikon (original) (raw)

Faktaboks

Jørgen Hanssøn

Jørgen skriver

Død

27. mars 1543, Nederland

Verke

Dansk høvedsmann på Bergenhus

Familie

Foreldre: Borgar i Ribe Hans skipsbyggjar og hustru Beche.

Gift 1526 i Kampen, Nederland. Namnet på kona er ikke kjent (død før 10.6.1527).

Jørgen Hanssøn var ein dansk-norsk embetsmann. Han var høvedsmannBergenhus i 1516–1523, og følgde Christian 2. i landflyktigheit til Nederland. Jørgen Hanssøn var ein viktig hjelpar for kongen i arbeid hans med å effektivisere riksstyringa og bryte makta til adelen og kyrkja.

Bakgrunn

Jørgen – eller Jorien (Iorienn), som samtidige kjelder kallar han – var dansk av fødsel. I eit udatert brev kallar faren seg Hans «Skybbøgger» og kona si Beche. Fleire opplysningar om Jørgen Hanssøns bakgrunn har vi ikkje. Det har vorte gissa på at han hadde geistleg utdanning, og når han som lensstyrar ofte blir kalla Jørgen skrivar, kan det tyde på at han hadde hatt oppdrag i kanselliet. Han var på plass på kongsgarden i Bergen i 1513, og han hadde lenet til Christian 2. vart fordriven i 1523. Sidan han ikkje var adeleg, blir han aldri kalla lensherre, men kongeleg ombodsmann eller fut.

Virke

Medan Jørgen Hanssøn styrde på Bergenhus, vart lenet kraftig utvida til det meste av Vestlandet frå og med Jæren/Dalane til Sunnmøre og Nord-Noreg frå og med Namdalen. Namnet hans er framfor alt knytt til innkrevjinga av ekstraskattane Christian 2. skreiv ut: Einmarksskatten i 1516, tomarksskatten eller dronningskatten i 1518 og tiandepengeskatten i 1519. Utskrivingane resulterte i opprør, som Jørgen Hanssøn slo ned med hard hand. Fleire av bondeleiarane vart avretta, mellom dei Jon Eilivsson, den uekte sonen til biskop Eiliv Jonsson i Stavanger, og væpnaren Orm Eiriksson. Bøndene i opprørsdistrikta måtte etter dette tole bøter som langt oversteig dei utskrivne skattane. Heller ikkje presteskapet slapp unna skattekrava.

Det omfangsrike lovarbeidet som Christian 2. gjennomførde i Danmark, vart i 1521 følgt opp med ei stor forordning for Lista len og det nordafjelske Noreg, truleg utarbeidd av Jørgen Hanssøn i København vinteren 1520–1521. Forordninga avgrensa domsmakta til kyrkja, gav reglar for bortleige av jord og tok sikte på å regulere verksemda i fiskeværa, der erkebiskopen hadde sterke interesser. Også på andre område kom Jørgen Hanssøn i konflikt med kyrkja, mellom anna ved at han konfiskerte erkebiskopens jordegods då Erik Valkendorf drog frå landet i 1521. Lena til den avdøydde biskop Andor i Bergen vart også inndregne i 1522. Dermed er det ikkje rart at erkebiskopen såg på Jørgen skrivar som den store tyrannen, «i det han blir drevet dertil av Djevelen og sitt eget hovmod og glemmer sin sjels frelse».

Jørgen Hanssøn tok også eit oppgjer med dei tyske kjøpmennene og handverkarane i Bergen. Han slo hardt ned på valdsverk og tvang dei til å betale toll og sise (avgift) for innføring av øl og vin, men let sjølv sveinane sine gå hardt fram.

I mars 1523 reiste Jørgen Hanssøn til København med ein større sum mynt og sølv, som han overlet til kongen. Han rekna med å kome tilbake til slottet, og sette deknen Hans Knudssøn til å styre lenet medan han var borte. Men alt i april måtte kong Christian flykte, og Jørgen Hanssøn drog då til Nederland, der han slo seg ned i byen Kampen. Han hadde nær kontakt med Christian 2., som tok opphald i Lier i Flandern. Det nære tilhøvet til kongen kjem klårt fram i eit brev frå 1526, der han fortel at han er forlova med «en piige her i Kampen». Dei vart gifte, men både kona og barnet døydde i barselseng året etter.

Jørgen Hanssøn sende kontinuerleg meldingar til Christian 2. om tilhøva i Noreg, Danmark og Sverige. I september 1525 åtvara han kongen mot krigstog dette året, fordi det ikkje var nøye nok planlagt. Han tok del i verving av landsknektar, fekk i 1525 fullmakt til å handle som kongeleg person og vart utnemnd til kaptein for landsknektane. Han var med kongen under krigstoget i 1531–1532 og reiste like etter tilbake til Nederland, der han truleg oppheldt seg dei siste åra han levde.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

Kommentarar