Mimosa – Store norske leksikon (original) (raw)

Mimosa er ei slekt i erteblomfamilien. Slekta blei tidlegare rekna som typeslekt for mimosafamilien.

Faktaboks

Vitskapeleg namn

Mimosa

Beskriven av

Carl von Linné

Dette er buskar og tre med dobbelt finnete blad, og i blomen er det dobbelt så mange pollenberarar som det er blad i blomedekket. Det finst meir enn 450 artar, og dei fleste veks i tropisk Amerika.

Plantane har karakteristiske svevnrørsler og er følsame for pirring. Best kjend er sanseplanten (latinsk namn: Mimosa pudica), som er ein cirka ½ meter høg busk som stammar frå Brasil, men som no finst som ugras i dei fleste tropiske land, og som er vanleg dyrka i veksthus. Også artar i planteslekta Acacia blir karakteriserte og ofte selde som mimosa. Sjå også følsame plantar.