Nye Troms – avis – Store norske leksikon (original) (raw)
Faktaboks
Offisielt namn
AS NYE TROMS
Organisasjonstype
Forretningsadresse
Moen
Gry Thorsteinsen
Karl-Oskar Fosshaug
Nye Troms er ei norsk lokalavis som kjem ut i Målselv, i papirformat tre dagar i veka og som dagleg oppdatert nettavis. Avisa blei grunnlagd i 1974 og er eigd av fleire mindre aksjonærar, mellom anna Målselv kommune som har den største aksjeposten. Avisa Nye Troms dekkjer Målselv, Bardu og Balsfjord i Troms.
Digitalt
Nye Troms publiserer på ulike digitale flater. Det gjennomsnittlege talet på daglege lesarar på nett og papir var 9122 i fjerde kvartal 2023, ifølgje Mediebedriftenes Landsforening.
Historie
Nye Troms i Målselv blei til i kjølvatnet av EF-striden i byrjinga av 1970-talet. Avisa blei grunnlagd i 1974 av aktive EF-motstandarar, med den idealistiske redaktøren Torstein Wittington Tengelsen i spissen.
Dei fleste som stod bak skipinga av Nye Troms, hadde vore EF-motstandarar i 1972. Tengelsen var nettopp avsett som redaktør i Troms Folkeblad og gjekk i brodden for ei ny avis, som skulle fremje miljøstandpunkt og vere ei motvekt til «the establishment».
Økonomien i avisa var dårleg den første tida. Like før jul i 1974 blei det sett i gang ein aksjon for å nå 3000 abonnentar, noko dei lukkast med til ein viss grad. Kronerulling var det òg, og redaktør Tengelsen selde huset sitt og gjekk inn med ny kapital.
Trass dårlege redaksjonslokaler i startfasen greidde avisa seg, og i 1980 flytta dei inn i eige hus på Olsborg. I 1990-åra blei det gjort store investeringar i datautstyr, og eit fjerde trykkverk på pressa blei montert. Seinare la Nye Troms ned si eiga presse og fekk avisa trykt i Tromsø.
Torstein Tengelsen gjekk av som redaktør i avisa i 1988, etter usemje og strid med styret, og skipa deretter avisa Framtid i Nord.
Nye Troms har alltid vore partipolitisk nøytral. Målselv kommune er den største aksjonæren, men det er rundt 675 aksjeeigarar til saman. Hausten 2023 gjekk avisa inn i ein partnerskapsavtale med Amedia, for å sikre seg betre tekniske og økonomiske løysingar i avisdrifta.
Fakta
- Fyrste nr. 26.3.1974
Opplag
Opplagstall for Nye Troms, 1986-2023
1986 | 2895 |
---|---|
1988 | 3258 |
1991 | 3651 |
1992 | 3922 |
1993 | 3903 |
1994 | 3907 |
1995 | 4014 |
1996 | 4210 |
1997 | 4513 |
1998 | 4644 |
1999 | 4765 |
2000 | 4684 |
2001 | 4819 |
2002 | 4902 |
2003 | 4975 |
2004 | 4968 |
2005 | 5014 |
2006 | 4890 |
2007 | 5017 |
2008 | 5051 |
2009 | 4921 |
2010 | 4821 |
2011 | 4782 |
2012 | 4646 |
2013 | 4534 |
2014 | 4271 |
2015 | 4128 |
2016 | 3830 |
2017 | 3603 |
2018 | 3465 |
2019 | 3360 |
2020 | 3424 |
2021 | 3409 |
2022 | 3480 |
2023 | 3720 |
Kilde:medienorge.uib.no (papiropplag til 2014; deretter totalopplag, endring i beregningsmetode fra 2018)
År | Opplag |
---|---|
1991 | 3651 |
2000 | 4684 |
2005 | 5014 |
2010 | 4821 |
2015 | 4128 |
2020 | 3424 |
2021 | 3409 |
2022 | 3480 |
2023 | 3720 |
Til og med 2015 gjeld opplagstala for papirutgåva. Frå 2020 blir det brukt netto opplagstal for både digitale abonnement og papirabonnement. Kjelda er opplagstala avisene rapporterer til Mediebedriftenes Landsforening (MBL) for andre halvår.
Les meir i Store norske leksikon
Eksterne lenker
Faktaboks
Sektorkode
2100 Private aksjeselskaper mv.
Næringskode(r)
58.140 Utgivelse av blader og tidsskrifter