Snorri Hjartarson – Store norske leksikon (original) (raw)

Faktaboks

Snorri Hjartarson

Fødd

22. april 1906, Hvanneyri, Borgarfjörður

Død

27. desember 1986, Reykjavík

Snorri Hjartarson var ein islandsk forfattar.

Snorri studerte biletkunst ved Statens kunstakademi i Oslo under Axel Revold i 1931 til 1932. Han debuterte som forfattar i 1934 med ein romannorsk, Høit flyver ravnen, men er først og fremst kjend for dei fire diktsamlingane sine på islandsk. Den første, Kvæði (Dikt, 1944), er skriven i tradisjonelle diktformar, men med eit lysande biletspråk og eit estetisk medvit som visar attende til biletkunstnaren.

Dei seinare samlingane er prega av ein forsiktig modernisme. Eit sterkt politisk engasjement, ei blanding av nasjonalisme og sosialisme, kan sporast i nokre av dikta hans, særleg i samlinga Á Gnitaheiði (På Gnitaheiði, 1952). Dei fleste av dikta hans er derimot prega av naturmystikk og eit inneslutta sinn. Det gjeld også den siste diktsamlinga hans, Hauströkkrið yfir mér (1980, gjendikta til norsk ved Ivar Orgland som Haustskyming over meg, 1981), som Snorri fekk Nordisk råds litteraturpris for i 1981.

Snorri Hjartarson omsette fleire norske noveller til islandsk i antologien Sögur frá Noregi (1948).

Verk av Snorri Hjartarson på norsk

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

Kommentarar