bispedømme (original) (raw)
Bispedømme er det området ein biskop styrer. I Noreg blei dei tre første bispedømma, Nidaros, Selja (seinare Bjørgvin) og Oslo, skipa i siste del av 1000-talet. Seinare blei Stavanger og Hamar etablerte på 1100-talet, sistnemnde i samband med at Nidaros blei erkebispesete i 1153. Inndelingane har variert opp gjennom tidene, og Den norske kyrkja omfattar no elleve bispedømme.
Faktaboks
Også kjend som
diocese, stift
I den eldste kyrkja hadde som regel kvar kyrkjelyd sin biskop. Etter kvart blei det vanleg at kyrkjelydar på landet blei styrte av presbyterar under den nærmaste biskopen si overhøgd (overhøyhet). Dermed blei grunnen lagd for den seinare inndelinga av bispedømme som blei gjennomført som ledd i organisasjonen av kyrkja. Etter innføringa av reformasjonen blei bispedømma i Noreg fram til 1919 kalla stift, noko som framleis er tilfelle både i Danmark og Sverige.
I den romersk-katolske kyrkja treffer paven avgjerda når eit bispedømme blir oppretta eller ordna om. Den katolske kyrkja i Noreg er inndelt i tre bispedømme: Oslo, Trondheim og Tromsø. Oslo katolske bispedømme omfattar dei ti sørlegaste fylka, og biskop er sida 2025 Fredrik Hansen. Trondheim stift utgjer Trøndelag fylke og Møre og Romsdal fylke, og her er Erik Varden biskop sidan 2020. Tromsø stift omfattar Nord-Noreg, og Varden fungerer òg som biskop her.
Norske bispedømme og biskopar i Den norske kyrkja
Skipingsåret til bispedømmet er oppført i parentes etter namnet.
| Bispedømme (oppretta) | Omfatta område | Biskop (2023) |
|---|---|---|
| Borg (1969) | Østfold, mesteparten av Akershus | Kari Mangrud Alvsvåg |
| Oslo (ca. 1075) | Oslo, Asker, Bærum og dessutan landsomfattande døveprosti og Forsvarets trus- og livssynskorps (høyrer inn under preses) | Sunniva Gylver |
| Hamar (1153–reformasjonen, oppretta på ny i 1864) | Innlandet og dessutan Lunner kommune i Akershus | Ole Kristian Bonden |
| Tunsberg (1948) | Buskerud, Vestfold, Jevnaker | Jan Otto Myrseth |
| Agder og Telemark (1682) | Telemark, Agder | Stein Reinertsen |
| Stavanger (1125–1682, oppretta på ny i 1925) | Rogaland | Anne Lise Ådnøy |
| Bjørgvin (ca. 1070) | Vestland og dessutan sjømannskyrkjene | Ragnhild Jepsen |
| Møre (1983) | Møre og Romsdal | Ingeborg Synøve Midttømme |
| Nidaros (ca. 1075) | Trøndelag | Herborg Oline Finnset |
| Sør-Hålogaland (1952¹) | Nordland | Svein Valle |
| Nord-Hålogaland (1952¹) | Troms, Finnmark | Stig Lægdene |
¹ Hålogaland bispedømme (1804–1952) omfatta Nordland, Troms, Finnmark.