diminutiv – grammatikk – Store norske leksikon (original) (raw)

Diminutiv er ei avleiing eller ei samansetning av eit ord som viser til ei mindre form av det som det opphavlege ordet viser til.

Faktaboks

Uttale

dimˈinutiv

Etymologi

latin diminutivus, av diminuere ‘forminske’, av dis- og minuere ‘forminske’

Diminutiv er eit vanleg fenomen i språk over heile verda. som i desse eksempla på diminutiv av substantiv viser:

I nordiske språk har vi lite av diminutiv, bortsett frå samansetningar med små- for føreledd, som smågut og småby.

Norrønt hadde eit diminutiv-suffiks -s, som vi truleg har i lefse 'slags ugjæra, mjukt bakverk som liknar på flatbrød, ofte med smør og til dømes sukker på', som då er diminutiv av leiv 'heil skive flatbrød, lefse eller vanleg brød' av norrønt hleifr.

Diminutiv med ekstra tydingar

Ikkje sjeldan har diminutiv ei tyding i tillegg til 'liten', som i desse døma:

Diminutiv i andre ordklassar

Alle eksempla ovanfor er diminutiv av substantiv, men det er ikkje uvanleg med diminutiv av både adjektiv og adverb, som i desse spanske eksempla:

Nordsamisk har òg diminutiv av adjektiv (særleg av komparativ) og adverb, og dessutan av verb:

Diminutiv som «kjæleform»

I mange språk kan diminutiven fungere som ei såkalla «kjæleform», som i desse spanske eksempla:

Diminutiv i høve til andre tydingar

Diminutiv finst i mange språk attåt ein del andre tydingar, mellom anna desse:

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar