avleiing – språkvitskap – Store norske leksikon (original) (raw)
Avleiing er det å lage eit nytt ord (leksem) frå eit anna ord, som i desse døma:
Faktaboks
avleiing er laga etter mønster av dansk Afledning og tysk Ableitung, som er kalkeringar over latin derivatio, som ikkje berre tyder ‘avleiing’ (i grammatikken), men òg ‘bortleiing’ (til dømes vatn frå ei elv) og ‘ombyting’ (av ord, i retorikken)
Også kjend som
derivasjon; bokmål: avledning
- venn ➙ venninne
- venn ➙ vennleg
- venn ➙ uvenn
- vennleg ➙ uvennleg
- venn ➙ vennskap
- vennskap ➙ vennskapleg
- vennskapleg ➙ vennskaplegheit
- lese ➙ lesing
- øks ➙ økse
- dal ➙ døl
- våt ➙ væte
- dom ➙ dømme
Det andre ordet i kvart døme er avleitt frå det fyrste, og det er ei avleiing.
Ikkje alle typar orddanning kan kallast avleiing. Det viktigaste unnataket er samansetning, som i desse døma, der eit nytt ord er laga ved å setje saman to andre ord:
- venninne + selskap ➙ venninneselskap
- brev + venn ➙ brevvenn
- fleir(e) + språkleg ➙ fleirspråkleg
Men ein kan avleie nye ord frå samansetningar:
- audmjuk ➙ audmjukskap
- fleirspråkleg ➙ fleirspråklegheit
Avleiing må òg skiljast frå bøying, som i dette dømet, der vi har fire bøyingsformer av det same ordet (leksemet):
- venn, vennen, venner, vennene
Avleiingstypar
Vi kan avleie eit ord frå eit anna på fleire måtar, og dei viktigaste i norsk er desse tre:
- affigering: tillegg av eit affiks
- modifikasjon: endring utan tillegg av affiks
- konversjon: avleiing utan affiks eller modifikasjon
Affigering
På norsk brukar vi mest suffiks, men vi har òg nokre få prefiks. Her er døme på begge delar:
- tillegg av suffiks: venn ➙ vennleg
- tillegg av prefiks: venn ➙ uvenn
Modifikasjon
Endring utan tillegg av affiks vil på norsk stort sett seie vokalendring, som i desse døma:
- dal ➙ døl
- våt ➙væte
- dom ➙ dømme
- blaut ➙ bløyte
- kvit ➙ kveite (fisken eller kornet)
Affigering og modifikasjon
Det finst mange døme på avleiing med både affigering og modifikasjon:
- auge ➙ øygne
- svak ➙ svekkje
- sur ➙ syrleg
Konversjon
Avleiing skjer òg ved at stamma til eit ord blir ført over i ein annan ordklasse, utan affigering eller modifikasjon.
Frå substantiv til verb:
- (ei) øks ➙ (å) økse
- (ein) bil ➙ (å) bile
- (ei) skeise / skøyte ➙ (å) skeise / skøyte
_E_-en i verba økse, bile og skeise / skøyte er eit bøyingssuffiks for infinitiv, ikkje eit avleiingssuffiks. Likeins er _e_-en i substantivet skeise / skøyte eit bøyingssuffiks for ubestemt eintal, ikkje eit avleiingssuffiks.
Frå verb til substantiv:
- (å) kaste ➙ (eit) kast
- (å) hogge ➙ (eit) hogg
- (å) hyle ➙ (eit) hyl
Teoretiske merknader
Frå eit meir teoretisk – og nøyaktig – perspektiv kan vi definere avleiing som det å lage ei stamme frå ei anna stamme ved affigering, modifikasjon eller konversjon. Vi tek stamma til eit ord (leksem) og tek ho i bruk som stamme i eit anna ord, med eller utan endringar:
- venn (substantiv) ➙ vennleg (adjektiv)
- les (verb) ➙ lesing (substantiv)
- blaut (adjektiv) ➙ bløyt (verb)
- hyl (verb) ➙ hyl (substantiv)
I døme 2 ser vi tydeleg at suffikset -ing blir lagt til stamma les, ikkje til ordet lese, som er ei bøyingsform (infinitiv) med bøyingssuffikset -e. På same vis i døme 4, der substantivstamma hyl er danna frå verbstamma hyl ved konversjon, det vil seie utan affigering eller modifikasjon.