gyvel – Store norske leksikon (original) (raw)

Cytisus scoparius ssp. scoparius

Cytisus scoparius ssp. scoparius, gyvel. Foto fra: Mols Bjerge, Danmark

Cytisus scoparius

Cytisus scoparius, gyvel. Foto fra: Fur, Danmark

Gyvel, Cytisus scoparius, er ein opptil 2 meter høg busk i gyvelslekta i erteblomfamilien. Arten er viltveksande i Europa, og nyinnvandra til Noreg. I tillegg har busken og blitt innført til landet som prydbusk og har fleire stadar forvilla seg til naturen frå hagar.

Faktaboks

Også kjend som

Sandgyvel

Vitskapeleg namn

Cytisus scoparius

Beskriven av

(L.) Link

Framandartstatus i Noreg

SE – Svært høy risiko

Gyvel er giftig, og giftinformasjonen bør kontaktast dersom eit barn har smakt på ei gyvelplante.

Skildring

Gyvel er ein busk som vert mellom 0,5 og 2 meter høg. Busken har grøne kvistar utan tornar og blad som er trekopla. Dei gule blomane einsymmetriske og har fane, vingar og kjøl, noko som er karakteristisk for blomar i erteblomfamilien. Fruktene som vert danna er belgar som inneheld fleire frø. Desse vert etterkvart svarte.

Utbreiing

Gyvel er viltvoksande i Europa, og er vanleg på sandmoer og i heier i Danmark og i England. I Noreg er planta nyinnvandra, men er og innført som prydbusk. Prydbuskane har forvilla seg til natur, og det er tilnærma umogleg å skilje planter som er innvandra naturleg frå planter som stammar frå menneskeleg innføring. Dei seinare tiåra har gyvel hatt ein stor ekspansjon særleg i delar av Sørvest-Noreg.

Dyrking og bruk

Gyvel vert nytta som prydbusk i hagar. I folkemedisinen har gyvel vore brukt som hjartestimulerande og urindrivande middel. Av stengelen til gyvel kan det produsertast bastfiber, gnister, som mellom anna vert nytta til tauverk.

Systematikk

Les meir i Store norske leksikon

Faktaboks

Vitskapeleg namn

Cytisus scoparius

Tidlegare vitskapleg namn

Sarothamnus scoparius (L.) W.D.J.Koch

Artsdatabanken-ID

101925

GBIF-ID

5354656

Kommentarar