imperativ – grammatikk – Store norske leksikon (original) (raw)

Imperativ er ei form av verbet som uttrykkjer befaling, påbod eller oppmoding (oppfordring).

Faktaboks

Uttale

impˈerativ

Etymologi

av latin imperare ‘befale’

Nokre eksempel på bruk av imperativ:

Imperativ høyrer til den grammatisk kategorien modus, som uttrykkjer korleis den som snakkar eller skriv, brukar og stiller seg til innhaldet i ei setning: Er det til dømes ei oppmoding, ein ordre, ein påstand eller eit ønske?

I norsk står imperativ i motsetnad til indikativ, til dømes ser, såg og køyrer, køyrde.

Meir om imperativ i norsk

Sidan norsk ikkje bøyer verbet i person og tal, har kvart verb berre éi imperativform. Imperativformene ser litt forskjellige ut i bokmål og nynorsk.

Imperativ i bokmål

1. Dersom verbet endar på ein trykksterk vokal i infinitiv, har imperativ same form som infinitiv:

2. Dersom verbet har endinga -e i infinitiv, får vi imperativforma ved å ta bort denne e-en:

3. Dersom fjerninga av den trykkveike e-en fører til at ordet endar på ei konsonantgruppe som ikkje er vanleg på slutten av norske ord, kan e-en bli ståande:

Imperativ i nynorsk

Reglane for danning av imperativ i nynorsk har fleire detaljar:

1. Verb som endar på -ar i presens, har to mogelege imperativformer. Dei kan mangle ending eller ha same form som infinitiv:

Andre verb har berre éi mogeleg imperativform — Fjern ei eventuell infinitiv-ending:

Imperativ i tysk

Tysk har derimot tre former, vanleg 2. person eintal og fleirtal og ei høfleg form som kan brukast i både eintal og fleirtal:

Nordsamisk imperativ

Samisk har imperativformer i både 1., 2. og 3. person i eintal, total og fleirtal, her illustrert med Vest-Finnmarks-former av det nordsamiske verbet boahtit 'kome':

Person⇩ | Tal ⇨ eintal total fleirtal
1. person bohton boahttu bohtot
2. person boađe boahtti bohtet
3. person bohtos bohtoska bohtoset

Medan formene i 2. person uttrykkjer befaling, påbod eller oppmoding, uttrykkjer 1. person oppmoding eller framlegg om å få vere med på noko. Formene i 3. person uttrykkjer oppmoding, ofte i bøn. Her er nokre eksempel, der det samiske imperativ-verbet er kursivert:

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar