infinitivsmerke – Store norske leksikon (original) (raw)

Infinitivsmerke er på norsk partikkelen å, som kan brukast framfor verb i infinitiv, som i setninga «Ho likar å lese».

I moderne norsk grammatikk blir infinitivsmerket rekna som ein subjunksjon, det vil seie ein grammatisk partikkel som innleier ei leddsetning eller ein infinitivskonstruksjon.

dansk er infinitivsmerket at,svensk _att, p_å engelsk to og på tysk zu. Infinitivsmerket er karakteristisk for germanske språk og har utvikla seg frå ein preposisjon som tyder 'til'. Norsk å kjem av norrønt at 'til'. I nokre norske dialektarVestlandet er infinitivsmerket te, som òg er kjent frå svenske dialektar.

Forholdet mellom å og og

På norsk har infinitivsmerket å og konjunksjonen og same uttale, nemleg å – med IPA-transkripsjon [o]. På same vis er det i svensk, der både infinitivsmerket att og konjunksjonen och blir uttalte [o], bortsett frå i skriftspråksbasert uttale – og skrivemåten å for både infinitivsmerket og konjunksjonen er kjend frå byrjinga av 1600-talet. I dansk blir både infinitivsmerket at og konjunksjonen og uttalte [ʌ], også her med unnatak for skriftspråksbasert uttale.

I alle desse tre språka er det vanleg å blande saman desse to orda i skrift, ved å bruke å/att/at der regelen tilseier at det skal vere og/och/og – og omvendt. Denne samanblandinga er kjent sidan tidleg på 1500-talet.

Hovudprinsippa for fordelinga av og og å er slik ifølgje norske grammatikkar:

1. Konjunksjonen og bind saman jamstilte ledd av same slag, til dømes slik:

2. Subjunksjonen å står føre ein infinitiv (eller adverb pluss infinitiv) som ikkje er jamstilt med nokon tidlegare infinitiv i setninga, til dømes slik:

3. Dersom ein er i tvil, kan ein i mange tilfelle bruke «fortidsprøva». Dersom to infinitivar følgjer kvarandre med [o] mellom seg, skriv vi og dersom begge infinitivane må stå i fortid, og å dersom det berre gjeld den første:

Grensetilfelle

Dersom den første infinitiven er eit verb som begynne, krev reglane ovanfor at den andre infinitiven skal ha å føre seg, fordi den andre infinitiven er underordna den første:

Men viss vi set begynne i imperativ, kan vi velje mellom to formuleringar:

  1. Begynn å spele!
  2. Begynn og spel!

Setning nummer 2 bryt med reglane over, for ut ifrå tydinga er det andre verbet utan tvil underordna det første: Det er ikkje snakk om «både begynne og spele», men «begynne med noko, nemleg å spele». Men i slike konstruksjonar er det vanleg, særleg i talemålet, å setje begge verba i imperativ. Sidan infinitivsmerket berre kan stå framfor ein infinitiv, må vi her velje konjunksjonen og.

Fleire andre konstruksjonar oppfører seg på same måten, mellom anna ver så snill [o] + VERB og sjå [o] + VERB:

  1. Ver så snill å kome!
  2. Ver så snill og kom!
  3. Sjå å kome deg heim!
  4. Sjå og kom deg heim!

Verbal trekkongruens

Det kan likevel argumenterast for å bruke subjunksjonen å i setning 2 og 4 over, med andre ord Ver så snill å kom! og Sjå å kom deg heim! Vi har her å gjere med eit fenomen som er kjent i både dansk, svensk, norsk og færøysk — og som har vore omtala av skandinaviske grammatikarar sidan 1600-talet — nemleg verbal trekkongruens. Det går ut på at i konstruksjonar av typen VERB1 å VERB2, som til dømes begynne å skrive, prøve å tenkje, tore å svare står ikkje VERB2 alltid i infinitiv, men kan i staden ha same bøyingsform som VERB1 — som i desse døma:

  1. Han prøver å tenkjer på det.
  2. Han prøvde å tenkte på det.
  3. Han hadde prøvd å tenkt på det.
  4. Prøv å tenk på det!

Sidan å og og har same uttale, kan ein ikkje utan vidare avgjere kva for eitt av desse orda setningane inneheld. Sidan dei to verba ikkje er sideordna semantisk, kan ein likevel argumentere for at det er nettopp subjunksjonen å.

I den samanhengen er det interessant at færøysk har verbal trekkongruens ved perfektum partisipp. Konjunksjonen og og subjunksjonen at har ulik uttale, høvesvis [oǝ] og [ɛat / ɔa], og i konstruksjonar med verbal trekkongruens finn ein at. Jamfør dette dømet, der PP = perfektum partisipp:

Tað hevði verið stuttligt at sloppið at hildið røðu
Det hadde vore morosamt å sloppe å halde tale
PP PP PP

Kan det stå noko mellom infinitivsmerket og infinitiven?

I eldre skulegrammatikkar stod det ofte at det var ugrammatisk å setje noko mellom infinitivsmerket og infinitiven, ein regel som var overteken ukritisk frå tyske og danske grammatikkar. I norsk har det heilt sidan norrøn tid vore vanleg å ha eit kort adverb som aldri, alltid, berre, ikkje, kanskje og nesten i denne posisjonen:

Viss ein set adverbet føre infinitivsmerket, får ein tvitydige setningar. I setninga Eg valde ikkje å gjere det kan då ikkje stå til både valde og gjere:

Når ein set nektingsadverbet ikkje mellom infinitivsmerket og infinitiven, står det heilt tydeleg til gjere:

Også i eldre dansk var det vanleg med nektingsadverb mellom infinitivsmerket og infinitiven. Johan Herman Wessel (1742–1785) har denne setninga i diktet Herremanden:

Er å og og verkeleg forskjellige ord i norsk?

Sjølv om vi i norsk skriftspråk skil mellom å og og, har dei, som tidlegare nemnt, begge uttalen [o]. At å og og er to forskjellige ord, lærer ein på skulen, som ein del av opplæringa i norsk skriftspråk. Ein lærer reglar av den typen som er nemnd ovanfor, som «fortidsprøva».

Likevel er forvekslinga av å og og mellom dei aller vanlegaste «feila» i norsk skriftspråk, utan at det fører til misforståingar — som i desse døma:

Det kan argumenterast for at å og og ikkje er to forskjellige ord, men i staden eitt fleirtydig (polysemt) ord [o] som vi skriv på to måtar av historisk grunnar. Mellom anna kan ein i norsk talemål i stor grad bruke også i staden for både å og og, slik at ein postulert polysemi ved [o] også finst ved også:

I tillegg er det slik at mange som brukar leseuttalen [oːɡ] på og, svært ofte også uttalar å som [oːɡ], utan nokon problem for kommunikasjonen.

Skrivemåten av infinitivsmerket

Landsmål / nynorsk

I Norsk Grammatik (1864) brukte Ivar Aasen skrivemåten at for infinitivsmerket, men mange som tok i bruk landsmålet / nynorsken, brukte skrivemåten aa, som blei det vanlege kring 1870. Aasen tok sjølv i bruk aa i tredje utgåva av diktsamlinga Symra (1875). Aa blei den obligatoriske forma ved rettskrivingsreforma for landsmål i 1901. Ved innføringa av bokstaven å i 1917 fekk infinitivsmerket sjølvsagt skrivemåten å. I eldre landsmål på 1850-talet var infinitivsmerket te ein del i bruk.

Riksmål / bokmål

I riksmål / bokmål blei infinitivsmerket å teke i bruk i staden for at ved rettskrivingsreforma i 1917.

Uttalen av infinitivsmerket

Sjølv om tradisjonell norsk uttale av både subjunksjonen å og konjunksjonen og er er [o], er det relativt vanleg å uttale begge orda som [oːɡ] i skriftspråkbasert tale.

Er infinitivsmerket alltid følgt av ein infinitiv?

Som nemnt ovanfor, er det hovudregelen i norsk at infinitivsmerket er følgt av ein infinitiv, eventuelt med eit adverb imellom. Men heller ikkje denne regelen er utan unnatak i alle dialektar. I dialekten i Grenland (kystområda i Telemark fylke) er følgjande formuleringar vanlege:

  1. Jæ har løst å hjem. 'Eg har lyst å heim.'
  2. Hu har tenkt å innover. 'Ho har tenkt å innover.'

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar