katalyse – Store norske leksikon (original) (raw)
Katalyse er når somme stoff aukar farten av kjemiske reaksjonar, utan å vere ein del av sjølve reaksjonen. Det vil seie at desse stoffa ikkje er ein del av utgangsstoffa eller produkta av reaksjonen, og at dei heller ikkje blir korkje brukte opp eller forandra.
Faktaboks
frå gresk katálysis, ‘oppløysing’
Slike stoff blir kalla katalysatorar.
Ulike typar
Me deler katalytiske reaksjonar inn i homogen katalyse og heterogen katalyse, i tillegg til auto-katalyse.
Homogen katalyse
I homogen katalyse er både katalysatoren og dei reagerande stoffa jamt fordelte i same homogene fase, anten væske eller gass.
Eit døme på homogen katalyse er framstilling av svovelsyre etter den såkalla blykammermetoden.
Heterogen katalyse
Heterogen katalyse finn stad ved overflata til ein annan fase enn den dei reagerande stoffa befinn seg i. Katalysatoren og dei reagerande stoffa er altså skilde gjennom ei grenseflate.
Heterogen katalyse involverer gjerne reaksjonar der katalysatoren er eit fast stoff og reaktantene er ei løysning eller ein gass.
Heterogen katalyse blir òg kalla kontakt-katalyse, og katalysatoren kan då kallast kontakten eller kontaktstoffet.
Eit døme på heterogen katalyse er Haber–Bosch-prosessen for framstilling av ammoniakk, med metallisk jern (tilsett noko aluminium-, kalium- og kalsiumoksid) som katalysator.
Det finst også situasjonar som ligg mellom typisk homogen og heterogen katalyse.
Auto-katalyse
Auto-katalyse er ein kjemisk reaksjon, som fører til danning av eit stoff som sjølv verkar som katalysator for reaksjonen. Ein slik reaksjon vil gå tregt i starten, men etter kvart som det katalytisk verksame reaksjonsproduktet blir danna, aukar reaksjonsfarten.
Bruk
Heterogen katalyse blir brukt til feittherding, oljeraffinering, omdanning av naturgass til meir høgverdige hydrokarbon, nedbryting av langkjeda hydrokarbon, framstilling av hydrogen frå oljeprodukt og mange andre prosessar.
For livsprosessane i alle levande organismar spelar katalyse ei fundamental rolle. Ei heil rekkje av livsfunksjonane, som andinga, fordøyingsprosessane med fleire, blir regulerte av katalytiske prosessar, som går med stor fart. Dei katalytisk verkande stoffa ved desse prosessane er ulike enzym.
Historie
Begrepet katalyse vart innført av Jøns J. Berzelius i 1835, men først Wilhelm Ostwald på byrjinga av 1900-talet definerte omgrepet slik me brukar det i dag. Dette fekk han Nobelprisen i kjemi for i 1909.