kodeveksling – Store norske leksikon (original) (raw)
Kodeveksling er å skifte mellom ulike språk eller variantar av eit språk i ein samtale. Kodeveksling er utbreidd i munnleg språk og er også vanleg i skrift, særleg i uformell skriving (som tekstmeldingar eller dataspel-chat).
Fleirspråklege personar kan veksle mellom ulike språk for å oppnå ulike formål. For eksempel kan ein kodeveksle for å vise ein felles språkleg identitet, eller for å markere eit skifte av tema i samtalen. På same måte kan ein veksle mellom ulike gjensidig forståelege varietetar, for eksempel to norske dialektar.
Viss ei slik kodeveksling førekjem systematisk på samfunnsnivå, for eksempel at innbyggarane brukar eitt språk i uformelle samanhengar og eit anna språk i formelle samanhengar, blir det kalla diglossi.
Uttrykk for fleirspråkleg identitet
Fleirspråklege personar kan veksle mellom ulike språk når dei snakkar med nokon andre som også kan dei same språka som dei sjølve. For eksempel kan personar med polsk bakgrunn som bur i Noreg veksle mellom polsk og norsk i samtale med andre som har same kombinasjon av språk i sitt repertoar. Kodevekslinga kan her gi uttrykk for at ein har ein felles identitet som polsk-norsk.
I slike samtalar mellom fleirspråklege kan det også vere emnet for samtalen som motiverer kodevekslinga: Kanskje ein føretrekker å bruke eitt av språka sine om eit bestemt tema, og kodevekslar når ein skiftar tema. Eit utbreidd eksempel på dette er at fleirspråklege barn og foreldre ofte føretrekk å snakke på norsk når temaet er skule, og så brukar dei heimespråket når dei snakkar om andre tema. (Eksempel frå (palestinsk) arabisk-norsk: «Habibti, inti jahiza li_-turdag med klassen bukra?», omsett: «Skatten min, er du klar for turdag med klassen i morgon?».) Eit anna eksempel er at det vil vere naturleg for fleirspråklege å skyte inn eit norsk ord i ei ytring på eit anna språk dersom ein opplever at det norske ordet fungerer best for å beskrive det ein snakkar om. (Eksempel frå litauisk-norsk: «_Važiuojam į hyttą savaitgalį?», omsett: «Skal vi på hytta i helga?».) Vekslinga mellom språka kan også vere motivert av kva talaren føler er mest passande for å uttrykke kjensler eller å appellere til mottakaren. (Eksempel frå (palestinsk) arabisk-norsk: «_Baba, momkin tjibna min al_-bussterminal? Bussen går ikkje før om ein time wa ihna ktir kald!», omsett: «Pappa, kan du hente oss på bussterminalen? Bussen går ikkje før om en time og vi er kjempekalde.»)
Kodeveksling treng ikkje å vere motivert av samtalepartnaren sin språkbakgrunn eller at dei som snakkar samen har eitt (eller fleire) felles språk i tillegg til majoritetsspråket. Mange nordmenn legg inn ord eller heile setningar frå engelsk i elles norske samtalar for å framheve noko. (Eksempel: «Eg var heilt sånn: _Wow! You rule!_») Kodeveksling mellom norsk og engelsk er også eit utbreidd fenomen i ulike subkulturar, for eksempel i dataspel-miljøet (Eksempel: «Kom med offers!»). Her kan føremålet med kodevekslinga både vere å vise ein felles gruppeidentitet, å markere tilhøyrsle til eit større internasjonalt miljø, eller å bruke ord og uttrykk som ein ikkje har gode omsetjingar av på norsk. Her er det ikkje klare grenser mellom kva som reknast som kodeveksling og kva som er bruk av engelske lånord.
Andre former for kodeveksling
Kodeveksling kan førekome mellom to varietetar som er gjensidig forståelege, for eksempel to ulike dialektar. I Noreg er dette vanlegast blant bidialektale språkbrukarar (folk som har to dialektar i repertoaret sitt). (Eksempel: «Æ trur itj at jeg har lyst til å komme.») Dette er også eit vanleg fenomen i barns rolleleik, der replikkar blir sagt på ein slags bokmålsnær austnorsk, medan språkbruken elles er på barnets «vanlege» dialekt. (Eksempel: «Nu va æ mammaen din, og så sa æ: Nå må du kåmme åg legge dæi barne mitt! Og så la du dæ i sænga di.»)
I andre språksamfunn der ein har eit mønster på samfunnsnivå for å variere mellom å bruke to ulike varietetar (diglossi), vil kodeveksling mellom to varietetar av same språk vere mykje meir utbreidd. I slike diglossiske språksamfunn kan ein for eksempel variere mellom å bruke eit formelt talemål (for eksempel eit standardtalemål) og et meir uformelt talemål (for eksempel ein dialekt) i det daglege. Då vil språkbrukarane ofte vere i situasjonar der dei kodeskiftar mellom desse to varietetane, for eksempel for å markere eit skifte i samtalen frå uformell til formell situasjon.
Samtalestyrande grep
Kodeveksling kan i mange tilfelle brukast for å markere ulike skift i samtalen og markere samanhengar (koherens). Det kan for eksempel markere at noko er eit sitat, at ein skiftar over til ein annan aktivitet, eller at ein skyt inn noko i samtalen som ein parentes. (Eksempel frå rolleleik på nordsamisk og norsk: «Dat doamai: «Kom igjen!»», omsetjing: «Den skunda seg: «Kom igjen!»». Her bruker barnet nordsamisk i leiken, og vekslar til norsk for å markere replikk.)
Kodeveksling førekjem mellom setningar eller innanfor setningar. (Eksempel frå engelsk og norsk i klasserommet: «Good morning! Hent bøkene i hylla, ja, alle må ha bøkene sine. Allright, open your books on page nineteen.» Eksempel på kodeveksling innanfor setning, latvisk-norsk: «Eisiu på visning», omsett: «Eg skal på visning».) Ein kan også finne kodeveksling i enkeltord, slik som i ei samansetjing av eit ord frå eit anna språk og eit norsk ord (Eksempel: «_hijab_-stoff») eller når ein hentar inn eit ord frå eit anna språk, men bøyer det på norsk (Eksempel: «Eg kjørte på _autoroute_-n.»).
Kodeveksling og lånord
Når kodevekslinga førekjem i enkeltord er det vanskeleg å skilje kodeveksling frå bruk av lånord. Når eit ord har blitt lånt inn i eit språk, har det blitt ein del av språket, for eksempel norsk, og vil då uttalast og bøyast på norsk. (Eksempel: «Du må skru av roamingen og bruke wi-fien i staden.») Når eit lånord er etablert i norsk, utgjer ikkje språkbruken lenger kodeveksling. Det same gjeld den utbreidde bruken av lånord i multietnolektisk stil, der norsken kan ha særs mange innslag av lånord frå mange ulike innvandrarspråk. Dette kallar ein gjerne transspråking, men ein kan også tolke det som kodeveksling mellom dei mange språka.
Omgrepet kodeveksling brukast berre der ein kan skilje mellom to eller fleire språk/varietetar som det blir veksla mellom i samtalen. Når det gjeld bruk av enkeltord, er det ikkje alltid eit eintydig skilje mellom kodeveksling og bruk av lånord. Nokre forskarar ser difor vekk frå kodeveksling med enkeltord når dei undersøker kodeveksling.
Kodeveksling og transspråking
Omgrepet kodeveksling har mange fellestrekk med omgrepet transspråking (også kalla språking), som også handlar om å bruke fleire språk i same kommunikasjonssituasjon. Hovudforskjellen er perspektivet på vekslinga mellom språk/varietetar: I kodeveksling-perspektivet er ein oppteken av å skildre vekslinga mellom dei ulike språka og å analysere årsaker til vekslinga. I transspråking-perspektivet er ein oppteken av at alle språka ein person kan er ein samla ressurs som hen kan ta i bruk i kommunikasjon med andre alt ettersom kva som er føremålstenleg i den aktuelle situasjonen.