konsonant – Store norske leksikon (original) (raw)

Konsonant er den eine av dei to hovudklassane av språklydar. Den andre er vokal. Eit skilje mellom dei to er at vokalen kan vere stavingsberande, men det er som regel ikkje konsonanten.

Faktaboks

Uttale

konsonˈant

Etymologi

av latin ‘medlydande, medklingande’

Konsonantane er mindre sonore (høyrbare) enn vokalane, og vi finn dei til vanleg i starten (opptakt) eller slutten (koda) av stavinga. Vokalane er dei mest sonore språklydane, derfor finn vi oftast vokalar i stavingskjernen.

Fonetisk er ein konsonant kjenneteikna av å ha ei eller anna innsnevring i passasjen for luftstraumen. Det kan vere ein trong passasje, slik at det oppstår ein friksjonslyd (til dømes f, s), eller det kan vere ei fullstendig stengsle for luftstraumen (til dømes p, t, k, b, d, g). Lufta kan gå ut på sida av tunga (til dømes l), og ho kan òg gå ut gjennom nasen (til dømes m, n).

Konsonantlydane kan vere anten stemde eller ustemde, og dei vert delte inn etter artikulasjonsstad og artikulasjonsmåte. For å eintydig skildre ein konsonantlyd må ein spesifisere

  1. om han er stemd eller ustemd,
  2. artikulasjonsstaden,
  3. artikulasjonsmåten.

Til dømes er p ein ustemd bilabial plosiv, og n er ein stemd alveolar nasal.

Symbola i hakeparentesar [ ] er lydskriftsymbol (IPA-lydskrift).

Inndeling etter artikulasjonsmåten

Språklydar kan delast inn etter artikulasjonsmåte, som skildrar i kor stor grad talekanalen er snevra inn når ein uttaler lyden.

Klikkelydar er ein spesiell type konsonantar som ein finn i somme språk.

Inndeling etter artikulasjonsstaden

Når språklydar vert delte inn etter artikulasjonsstad, nemner ein den staden i talekanalen der innsnevringa mellom artikulatorane er størst.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar