trøndersk – Store norske leksikon (original) (raw)
Kartet viser utbreiinga av nordleg og sørleg e-mål, og det sørvestlandske a-målet.
Trøndersk er ei gruppe av norske dialektar som omfattar dialektar i Trøndelag, på Nordmøre og i det meste av Bindal i Nordland.
Faktaboks
av folkenavnet þrœndr, ‘trønder’, som trolig betyr ‘de sterke, fruktbare’
Lydverk (fonologi)
Tonelag (tonem)
Tonelag er noko som finst i det meste av norsk talemål. Tonelaget kan skilja mellom ord, jamfør ordparet bønder med tonem 1 (fleirtal av bonde), som er ulikt ordet bønner, tonem 2 (fleirtal av ei bønne). Eit viktigare målmerke enn tonelaget er tonegangen i visse ord.
Sirkumfleks
Nokre dialektar i Trøndelag, på Nordmøre og i Nord-Norge kan ha tonelagsmotsetnad også ved ord på berre ei staving, eit fenomen som heiter sirkumfleks (eller totoppa tonem). Dette tonelaget (tonemet) kjem i staden for tonem 2 i apokoperte ord, det vil seie ord der ein vokal eller staving fell bort i slutten av ordet. Ein får då ordpar som eit lik (død kropp), som er ulikt ordet å lîk (infinitiv, med sirkumfleks), tung (adjektiv), ulikt ei tûng (ei tunge, med sirkumfleks) og så bortetter.
Tonegang (høgtone og lågtone)
I tillegg til jamvektsloven utgjer forskjellar i tonegangen (musikken) eit viktig skiljemerke mellom austnorske/trønderske og vestnorske/nordnorske dialektar (nordnorsk følger vestnorsk). Det gjeld tonegangen i ord av typen soLa, boka, døra og så vidare. Dette er tonem 1-ord. Vestnorsk har i slike ord høg tone først i ordet, og tonen fell deretter mot slutten av ordet (kalla høgtonedialektar). Austnorsk/trøndersk har låg tone først i ordet, og tonen stig deretter mot slutten av ordet (kalla lågtonedialektar). Nordmøre følgjer her likevel vestnorsk og då med vestnorsk høgtone i dei nemnde orda. Skiljet mellom vestnorsk og austnorsk tonegang går såleis aust for Nordmøre.
Tjukk l og palatalisering
Kartet viser utbreiinga av tjukk l i norske dialektar. Mørk farge: her er det tjukk l både i ord der skriftmålet har l (soL, kLar) og der skriftmålet har rd (gard blir gaL, gjerde bli jæLe). Lysare farge: tjukk l berre i ord der skriftmålet har l.
Det trønderske målområdet har tjukk l: ei soL og eit boL (bord). Eit stort ytre område sør for Trondheimsfjorden har likevel tjukk l berre i typen soL. Her heiter det soL, men bor. Trøndelag har palatalisering (_j_-uttale) av dentalane. Ein hermer etter trønderen som seier «mannj med hannjhonnj i bannj». I heile Trøndelag heiter det mannj, kvellj, (kveld) og reddj (redd). I indre delar av Sør-Trøndelag har ein desse nemnde formene og i tillegg palatalisering i bestemt form fleirtal honnjannj (hundane) og kannjannj (bestemt form fleirtal av ei kanne), gutannj (gutane) og anna.
Formverk (morfologi)
Jamvektsmål
Bildet viser Melhus i Sør-Trøndelag. Melhus ligg innafor det inntrønderske målområdet. Her finn ein jamning i jamvektsorda, typen å låvvå, å såvvå og ei vukku (ei veke) og ei furru. Området har monoftongering ei til e (bein til ben) og øy til ø (røyk til røk). Men diftongen au er bevart, det heiter staur her. Melhus har det største jordbruksarealet i Sør-Trøndelag og er blant dei største skogkommunane i Trøndelag. Bildet er tatt ved tettstedet Hovin, med utsikt innover Gauldalen og elva Gaula.
Trøndersk har jamvektsystemet, som dei austnorske måla. Dialektane i Trøndelag skil seg likevel frå dei austnorske ved at dei norrøne langstavingsorda (overvektsorda) har apokope og ikkje _e_-ending. Typeeksempel frå trøndersk er såleis å vårra, å kåmmå, men å bit, å kast.
Jamvektsorda i trøndersk forlenger regelfast konsonanten mellom rot- og endestaving: å våttå, å båkkå.
Apokope
I trøndersk har som nemnt overvektsorda fått apokope. Viktige ordgrupper der apokopen finst, er:
- Infinitiv: å kast, å kjøp, å brennj
- Preteritum av svake verb: _kjøpt (_eller kjøft), mått, skollj
- Ubestemt form eintal av svake substantiv: ei vis, ei kist, ei gryt, eit hjart
I nokre inntrønderbygder er det også apokope i svake hankjønnsord: ein oks, ein støLp, ein bakk. Mest apokope er det i Lierne. Forutan i dei nemnde kategoriane har ein her også apokope i presens av svake verb: i møt (eg møter), i kjør (eg køyrer). Jamfør også setninga: «du skjønn, i kast itj bort pæng på slikt tollj.» Snåsadialekta har same apokope-systemet som det ein finn i Lierne med unntak av svake hankjønnsord, som i Snåsa ikkje har apokope, men har ending på -i: ein ståLpi, ein bakki.
Dativ
Dativ har heilt til det siste vore i bruk i trøndermåla, med unntak av Fosen-måla og dei ytre Namdalsmåla. Trondheims- og Kristiansundsmålet har også mangla dativ. Eksempel frå indre delar av fylket: «e møtt mannja», «ho e lik morånj sin» (ho er lik mora si), «hannj ga hæstom høy»_._ Dativen er eit særdrag som i dag langt på veg blir borte hos unge folk. Sterkast står han etter preposisjonar og særleg i samband med stadnamn («før i tin» (før i tida) og «på Haua» (på Haugen)).
Inndeling av dei trønderske dialektane
Ut mot havet, ved innlaupet til Trondheimsfjorden, ligg det låge Ørlandet. Dialekten her høyrer til uttrøndersk. Typiske uttrønderske jamningsformer i jamvektsorda er værra, vætta, ei vækka (eller ei vækko), ein nævva, ein stægga og så vidare.
Trønderdialektane kan delast i to grupper: inntrøndersk og uttrøndersk. Bakgrunnen for denne inndelinga byggjer særleg på ulik gjennomføring av jamninga i jamvektsorda.
- Inntrøndersk (eller austtrøndersk) omfattar dei indre bygdene i Sør-Trøndelag og distriktet rundt den indre delen av Trondheimsfjorden bortsett frå Trondheim bymål.
- Uttrøndersk (eller vesttrøndersk) omfattar Nordmøre, dei ytre bygdene i Sør-Trøndelag, inkludert Trondheim by, og dei ytre bygdene i Nord-Trøndelag.
Inntrøndersk
Lengst søraust i Sør-Trøndelag ligg den gamle bergstaden Røros. Dialekten i Røros høyrer til den inntrønderske målgruppa. Her finn ein jamvektsformer med å-å i infinitiv og i svake hankjønnsord: å vårrå, å jåggå, å låvvå og ein påsså ein kjåkkå (kjake), ein nåvvå (ein neve). Svake hokjønnsord av jamvektstypen hørest slik ut: ei stuggu, ei fluggu, ei vukke. Koparverket på Røros var gjennom 300 år eit av Noregs viktigaste bergverk. Bergstaden har halde mykje av sitt gamle preg, og bykjerna med barokkyrkja frå 1784 og slagghaugane er verna.
Typiske inntrønderske jamningsformer i jamvektsorda er vårrå, våttå, ei vukku eller vokko (veke), ein nåvvå (neve), ein ståggå (stige). I Indre Namdalen heter det varra, vatta, ei vokko, ein navva, (neve), ein stagga og så vidare. Ei setning frå inntrøndersk vil kunna lyda slik: «Han tok båttan i nåvvån å skråvva oppi ståggån» (Han tok beten i neven og skreva oppi stigen). Dette blir kalla utjamning. I dalane i Sør-Trøndelag har diftongane blitt forenkla (monoftongerte). I det sørlege inntrøndske området heiter det ben, røk, stör for bein, røyk, staur. Denne diftongforenklinga er gammal i dialektane her. I nyare tid har det også kome til monoftongering på Innherad (inst i Trondheimsfjorden) og på Nordmøre, sjå nedanfor.
Substantivbøyinga i inntrønderske dialektar går om lag slik (hankjønn og hokjønn):
- en hæst – hæst’n – mang hæsta – allj hæstan
- ei dør – døra – mang døra – allj døran
- ei gryt – gryta – mang gryta – allj grytan
I sørlege delar av det inntrønderske området har ein tradisjonelt palatal uttale òg i trykklett staving, og bøyinga kan da vera om lag slik (hankjønn og hokjønn):
- en hæst – hæst’n – mang hæsta – allj hæstanj
- ei dør – døra – mang døre – allj dørinj
- ei gryt – gryta – mang grytå – allj grytånj
I Inntrøndelag finn ein pronomenformer som i, je, e, æ (eg) og vi, me og åss (me og oss).
Uttrøndersk
Tonegangen, musikken i orda (må ikkje forvekslast med tonelag) kjem fram i ord som sola, boka, døra (tonem-1-ord). På Sør-og Vestlandet har slike ord høg tone først i ordet, og tonen fell deretter mot slutten av ordet, kalla høgtone. Denne tonegangen er vanleg i vestlandsk og nordnorsk. Aust i Agder har ein som på Austlandet låg tone først i ordet, og tonen stig mot slutten av ordet, kalla lågtone. Grensa mellom tonegangen høgtone og lågtone går ved Lillesand.
Typiske uttrønderske jamningsformer i jamvektsorda er værra, vætta, ei vækka (eller ei vækko), ein nævva, ein stægga og så vidare. Den nemnde setninga frå inntrøndersk vil i dei ytre måla lyda slik: «Han tok bættan i nævvan å skrævva oppi stæggan». Dette blir kalla tiljamning_._
Også i dei ytre måla finn ein monoftongering. Denne diftongforenklinga er historisk sett langt yngre enn den inntrøndske. På Nordmøre heiter det i dag ben, sten, res (ei reise), med ein _e_-lyd som ligg mellom e og æ. Vidare heiter det i dette området bLöt, stör (staur) og lös (med ein open _ø_-lyd). Tilsvarande nyare utvikling finn ein også på Innherad, inst i Trondheims-fjorden.
Nordmøre skil seg frå dei andre trønderske måla ved å ha vestnorsk tonegang i ord som soLa, boka, døra og så vidare. Nordmøre har som Vest-Noreg høg tone først i slike ord, og tonen fell deretter mot slutten av ordet (kalla høgtonedialektar). I resten av det trønderske målområdet har ein låg tone først i ordet, og tonen stig deretter mot slutten av ordet (kalla lågtonedialektar). Sjå ovanfor om tonegang.
Substantivbøyinga i uttrøndersk er stort sett den same som i inntrøndersk, men på Nordmøre og i delar av det sørlege Trøndelag har dei svake hokjønnsorda ei anna bøying:
- ei gryt – gryto/grytå – mang gryto/grytå – allj gryton/all grytån
Ytre Namdalen har -r i fleirtal: mang grytor/grytår. I dei ytre måla finn ein helst pronomenformer som æ, æg (eg) og vi.
Les meir i Store norske leksikon
Litteratur
- Dalen, Arnold og Stemshaug, Ola: Trøndermål. Språkarv og språkforhold i Trøndelag og på Nordmøre. Oslo: Det norske samlaget, 1972.
- Dalen, Arnold: Trønderdialektane. Trykt i Jenstad, T.E. og Dalen, A.: Trønderordboka, Trondheim: Tapir akademisk forlag, 1997.
- Dalen, Arnold mfl. (red): Trøndersk språkhistorie. Språkforhold i ein region. Trondheim: Tapir akademisk forlag, 2008.
- Eide, Kristin Melum mfl.: Fosenmåla. Trondheim: Museumsforlaget. 2017.
- Mæhlum, Brit og Røyneland, Unn: Det norske dialektlandskapet, Oslo: Cappelen Damm Akademisk, 2012.
- Skjekkeland, Martin: Dialektar i Noreg. Tradisjon og fornying, Kristiansand: Høyskoleforlaget, 2005.