kwa-språk – Store norske leksikon (original) (raw)

Faktaboks

Norsk namn

kwa-språk

Engelsk namn

Kwa languages

Etymologi

Mange kwa-språk har eit ord for 'folk' som byggjer på ei rot kwa.

Kwa-språk er ei gruppe på litt over 80 afrikanske språk som høyrer til niger-kongospråka. Dei blir blir snakka i dei sørlige delane av Elfenbeinskysten, Ghana, Togo, Benin og eit lite område sørvest i Nigeria.

Desse kwa-språka har flest førstespråkstalarar:

Mange av desse språka er berarar av ein kulturarv som går mange hundre år tilbake, til dei store vestafrikanske kongerika Ashanti, Benin, Dahomey og Oyo. Nokre kwa-språk blei tekne i bruk som skriftspråk på 1600- og 1700-talet av europeiske misjonærar.

Særdrag ved kwa-språk

Fonologi

Alle kwa-språk er tonespråk. Dette kan illustrerast med desse substantiva frå ewe:

Det er vanlig med ein type vokalharmoni med eit skilje mellom framskoten og tilbaketrekt tungerot – engelsk advanced tongue root (+ATR) og retracted tongue root (–ATR). Døme på vokalar med framskoten tungerot er /i u e o æ/, mens /ɪ ʊ ɛ ɔ a/ har tilbaketrekt tungerot. Affiks har to former, éi der vokalane har framskoten tungerot, ei anna der vokalane har tilbaketrekt tungerot, som i desse døma frå akan, i fonemisk transkripsjon:

  1. /ɔ-bɛ-kʊ/ 'han skal slåst'
  2. /o-be-tu/ 'han skal grave opp'

/ɔ-/ og /o-/ tyder 'han', /bɛ-/ og /be-/ uttrykkjer framtid, /kʊ/ tyder 'slåst' og /tu/ tyder 'grave opp'. Det er verbrøtene /kʊ/ og /tu/ som avgjer om vokalane i prefiksa skal ha framskoten eller tilbaktrekt tungerot.

Mange kwa-språk har konsonantar med to artikulasjonsstader, labial og dorsal, skrivne [kp], [ɡb] og så bortetter. Til dømes er Eʋegbe [ɛβɛɡ͡bɛ] endonymet for språket ewe.

I alle kwa-språk bortsett frå lagunespråket adjukru er alle stavingar opne, det vil seie at dei endar på ein vokal eller ein stavinfsberande konsonant.

Morfologi

Det er store skilnader mellom kwa-språka når det gjeld morfologi. Substantiva i Ghana-Togo-fjellspråka (sjå avsnittet forskingshistorie og klassifisering) har fleire nominalklasse-prefiks, og ord som står som attributtar til substantiva har kongruerande prefiks. Mange andre kwa-språk har også fleire eintals- og fleirtalsprefiks ved substantivet, men utan kongruens ved attributtar.

Syntaks

Kwa-språka er såkalla SVO-språk, det vil seie språk det subjektet (S) kjem føre verbalet (V) og objektet (O) kjem etter.Her er ei setning på akan som tyder 'kvinna sydde kjolen':

subjekt verbal objekt
maame no pamm atar no
kvinna sydde kjolen

Alle kwa-språk har serieverb-konstruksjonar, det vil seie at ei enkelt setning inneheld fleire verb. Det finst fleire typar, mellom anna ein der det eine verbet har same funksjon som ein norsk preposisjon, som i denne setninga frå akan, som tyder 'Han skar av ei grein med eit sverd', og der verbet de 'ta' fungerer på same måten som den norske preposisjonen med:

subjekt verbal objekt verbal objekt
ɔ- de nkrante twa duabasa
han tok sverd skar grein

I nomenfrasen kjem som regel overleddet (kjernen) først, følgt av attributtane (adledda). Unnataket er possessivkonstruksjonen, det eigaren kjem føre det eigde.

Forskingshistorie og klassifisering

Namnet kwa blei først føreslått av den tyske afrikanisten Gottlob Adolf Krause (1850–1938) og gjort kjent av den tyske misjonæren og språkforskaren Johann Gottlieb Christaller (1827–1895). Mange kwa-språk har eit ord for 'folk' som byggjer på ei rot kwa.

Diedrich Hermann Westermann

Diedrich Hermann Westermann klassifiserer språka i det gule området som kwa-språk i boka Die westlichen Sudansprachen und ihre Beziehungen zum Bantu (Berlin 1927). Heile det farga området viser utbreiinga til den språkfamilien som Westermann kalla vestlege sudanspråk, som i dag blir rekna som ein del av niger-kongo-språka.

Den tyske afrikanisten Diedrich Hermann Westermann (1875–1956) nytta termen Kwa-Sprachen i bøkene Sudansprachen (1911) og De westlichen Sudansprachen und ihre Beziehungen zum Bantu (1927). Han rekna kwa-språka som ei grein av de die westlichen Sudansprachen – dei vestlege sudanspråka – som stort sett svarer til det vi i dag kallar niger-kongospråka minus benue-kongospråka, adamawaspråka og kordofanspråka. Heller ikkje ubangispråka er inkluderte, men dei høyrer truleg ikkje til niger-kongospråka i det heile.

Westermann delte kwa-språka i i desse sju undergruppene, her også med norske namn:

  1. Ewe-Tschi-Gruppe | ewe-twi-gruppe
  2. Lagunengruppe | lagunegruppe
  3. Kru-Sprachen | kru-språk
  4. Yoruba | joruba
  5. Nupe-Gruppe | nupe-gruppe
  6. Ibo-Gruppe | igbo-gruppe
  7. Edo-Gruppe | edo-gruppe

Joseph Greenberg

Greenberg (1963) la til undergruppa ijo, som Westermann rekna som ei isolert språkgruppe – det vil seie språkisolat. Seinare har ijoid blitt klassifisert som ei eiga grein av niger-kongo.

Han erstatta dessutan nemninga vestlege sudanspråk med den større familien niger-kongospråk.

Mary Esther Kropp Dakubu

Utbreiinga til kwa-språka ifølgje Dakubu (2020). Verken kru-gruppa, joruba, nupe-gruppa, igbo-gruppa eller edo-gruppa hos Westermann er lenger inkluderte i kwa-språka.

Dakubu (2000) byggjer på Stewart (1989) og Williamson & Blench (2000) og presenterer ei inndeling i fem grupper:

  1. lagunespråk
  2. potou-tanospråk
    1. potouspråk
    2. tanospråk
  3. gã-adangme
  4. Ghana-Togo-fjellspråk
  5. gbe-språk

Ewe-twi-gruppa til Westermann er delt i potou-tanospråk, gã-adangme og gbe-språk hos Dakubu.

Ghana-Togo-fjellspråka svarer til Togo-Restsprachen (Togo-restspråk) hos Westermann, som reknar desse som ei sjølvstendig gruppe innanfor dei vestlege sudanspråka.

Kru-språka blir av Williamson & Blench (2000) ikkje rekna som kwa-språk, men som ei sjølvstendig grein av niger-kongospråka.

Williamson & Blench (2000) reknar ikkje joruba, nupe-gruppa, igbo-gruppa og edo-gruppa til kwa-språka, men til benue-kongospråka.

Klassifiseringa av kwa-språka byggjer i stor grad på kontroversielle metodar, og det er ikkje slått fast heilt klart at kwa-språka kan skiljast frå benue-kongospråka.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

Kommentarar