lakrisplante – Store norske leksikon (original) (raw)
Glycyrrhiza glabra, lakrisplante. Foto frå: Hus Randers
Lakrisplante er ein busk i erteblomfamilien. Lakris blir vunne ut av røtene og dei fingertjukke jordstenglane. Lakrisrot blir brukt som smakstilsetning i godteri, konfekt, pastillar, leskedrikker, brennevin og medisinar.
Faktaboks
Også kjend som
lakrisrot
Glycyrrhiza glabra
Beskriven av
Global rødlistestatus
LC – Livskraftig
Beskrivelse
Lakrisplanten er en flerårig busk som kan bli om lag to meter høg. Lakrisplanten har finnete blad, med 9–17 avlange småblad og blåblomstrete klasar i bladhjørna. Blomane er bleiklilla. Fruktene er raudbrune belger med mange frø.
Lakris blir vunne ut av røtene og dei fingertjukke jordstenglane. Søtsmaken skriv seg frå stoffet glycyrrhizin, som er cirka 150 gonger søtare enn vanleg sukker.
Dyrking
Planten høyrer heime i middelhavslanda, Aust-Europa og Vest-Asia. Lakrisrot blir i dag dyrka i India, Russland og Spania. Varieteten Glycyrrhiza glabra var. typica blir dyrka, særleg i Sør-Europa. Stjerneanis har i mange samanhengar utkonkurrert bruken av lakris på grunn av gunstigare pris.
Bruk
Lakrisrot har en aromatisk, varm og søt, tydelig anissmak. Lakrisrot har lite å seia i matsamanheng og blir først og fremst brukt som smakstilsetning i godteri, konfekt, pastillar, leskedrikker, brennevin og medisinar.
Historie
Lakrisrot er ein av dei eldste medisinplantane vi kjenner til, og har vore i bruk i fleire tusen år. Rota er omtalt i Ebers-papyrusrullane (medisinsk dokument som omhandlar urter frå Det gamle Egypt, om lag 1500 fvt.), og i gamle faraograver frå rundt 1300-talet fvt. er det funne rikeleg med lakrisrot. Det tyder på at planten allereie den gongen var i bruk og rekna som viktig.
Også Plinius (Roma, år 25–79 evt.) omtaler planten som eit viktig slimløysande og fordøyingsregulerande middel.
Den svenske botanikaren og legen Carl von Linné (1707–1778) meinte planten skulle hjelpe mot astma og gikt.
Les meir i Store norske leksikon
Glycyrrhiza glabra, lakrisplante. Foto frå: Hus Randers
Glycyrrhiza glabra, lakrisplante. Foto frå: Hus Randers
Glycyrrhiza glabra, lakrisplante. Foto frå: Hus Randers
Faktaboks
Glycyrrhiza glabra
Artsdatabanken-ID
GBIF-ID