lupin – Store norske leksikon (original) (raw)

Lupin med blad

Lupinar finst i fleire fargar, og dei finst både som dyrka kulturplantar i hagar og forvilla plantar i naturen.

Lupininvasjon

Lupinar spreier seg lett, dannar store koloniar og fortrengjer andre artar. Biletet viser eit stort lupindekt område i Vík på Island.

Global produksjon av lupin, 1961-2021

1961 631322
1962 638118
1963 586300
1964 708109
1965 874157
1966 849150
1967 764793
1968 744530
1969 677100
1970 753224
1971 640565
1972 633071
1973 659516
1974 635592
1975 444011
1976 427913
1977 463728
1978 394791
1979 266442
1980 332995
1981 322746
1982 489990
1983 849681
1984 1111209
1985 1080000
1986 1073797
1987 1154674
1988 1213905
1989 1087440
1990 1102537
1991 1269034.05
1992 1348922.3
1993 1609993.77
1994 1212835.89
1995 1704178.2
1996 1656886.12
1997 1694048.25
1998 1848971.13
1999 2103215.72
2000 1233870.76
2001 1405164.62
2002 904102.42
2003 1452688.84
2004 1265389
2005 1652384.5
2006 785039.06
2007 969572.62
2008 1010243.12
2009 1125186.8
2010 1251123.29
2011 1322543.77
2012 803032.43
2013 985238.55
2014 1071707.98
2015 1245262.05
2016 1285732.76
2017 1617963.05
2018 1185854.18
2019 1322082.94
2020 1042945.96
2021 1384963.65

Kilde:FAOSTAT

Lupin er ei planteslekt i erteblomfamilien. Lupinslekta består av eittårige og fleirårige urter, og dessutan nokre buskar. Det er omtrent 200 artar i slekta, og elleve er registrerte i norsk natur, alle er innførte artar. Tre av dei, hagelupin, sandlupin og jærlupin, er vurderte til å utgjere svært høg risiko for naturmangfaldet i Noreg.

Faktaboks

Uttale

lupˈin

Vitskapeleg namn

Lupinus

Beskriven av

Carl von Linné

Årleg global produksjon

1,4 millioner tonn (2021)

Skildring

Plantane i slekta er eittårige og fleirårige urter eller buskar. Artane blir mellom 0,2 og 2,5 meter høge. Mange av artane har pælerot som kan gå 1–2 meter ned i bakken. På røtene sit det knollar med nitrogenfikserande bakteriar. Blada på plantane er samansette og oftast mangekopla. Blomestanden består av mange blomar som blømer til ulik tid. Dei nedste blomane blømer først. Blomen er typisk for erteblomfamilien. Dei er tokjønna og einsymmetriske med fem frie kronblad og fem begerblad. Det øvste kronbladet er det største og blir kalla fana, dei to på sidene blir kalla vengene, medan dei to samanvaksne kronblada nedst blir kalla kjølen. Blomane blir pollinerte av insekt. Fruktene som blir danna er belgar.

Utbreiing

Artane finst i og kjem opphavleg frå Sør-Europa, Nord-Afrika og Nord-Amerika. Elleve artar er registrerte i norsk natur og alle er innførte.

Bruk

Nokre av artane har i lange tider blitt dyrka som fôr eller blitt brukte som grøntgjødsel. I det gamle Egypt blei siciliansk lupin dyrka for mat, dei åt frøa. Fleire artar blir dyrka som prydplantar. På sandjord har lupin blitt dyrka for å forbetre jorda. Han blir då pløgd ned for å skaffe meir organisk stoff, på same tid som han oppmagasinerer bakterieknollar for andre erteplantar. Til dette føremålet blir det brukt både sandlupin, smallupin og gullupin.

Risiko for norsk naturmangfald

Alle artane i slekta er innførte artar i Noreg. Sandlupin, hagelupin og jærlupin er på Framandartslista i Noreg, kategorisert som artar med svært høg risiko for naturmangfaldet. Desse artane trugar stadeigne norske artar. Lupinar spreier seg lett og fortrengjer andre artar. Lupinen endrar jordsmonnet der han etablerer seg, på grunn av bakterieknollane han har i røtene.

På grunn av risikoen for spreiing, skal avfall som inneheld framande artar, inkludert lupin, sendast til forbrenning og ikkje behandlast som hageavfall.

Gift

Nokre artar i slekta inneheld små mengder giftstoff i heile planta og i frøa. Om det er mistanke om at barn har ete meir enn fem belgar av lupin, bør giftinformasjonen kontaktast.

Systematikk

Les meir i Store norske leksikon

Faktaboks

Vitskapeleg namn

Lupinus

Artsdatabanken-ID

101976

GBIF-ID

2963774

Kommentarar