syslemann – Store norske leksikon (original) (raw)
Syslemann var i Noreg i mellomalderen kongens øverste lokale embetsmann. Ein syslemann hadde ansvar for ei sysle, eit forvaltningsdistrikt som kan samanliknast med notidas fylker. Syslemannen opptrådte som representant for kongemakta og hadde myndigheit i kraft av det.
Faktaboks
Også kjend som
sysselmann
Historisk utvikling
Syslemannsombodet blei innført i Noreg i andre halvdel av 1100-talet, truleg som følgje av behovet for å styrke kongemaktas nærvær lokalt under innbyrdeskrigane mellom kongane Magnus Erlingsson og Sverre Sigurdsson. Syslemennene blei rekrutterte blant kongens handgjengne menn (vasallar).
Frå andre halvdel av 1200-talet var Noreg inndelt i faste ombodsdistrikt for syslemenn, kalt sysler. Syslemannen utøvde den kongelege anklageretten, politi- og straffemyndigheita, var kongens oppebørselsbetjent (kravde inn bøter, skatter og andre avgiftar) og hadde ei sentral rolle i leidangsorganisasjonen i distriktet sitt. Han oppnevnte nemndemenn til lagtinget og øvde innverknad på jurisdiksjonen. Syslemannen skulle bli lønna gjennom ein andel av kongsbøtene.
Under unionsmonarkiet frå slutten av 1300-talet (Kalmarunionen) blei syslemenn i aukande grad kalt fogdar, og det var ein aukande tendens til at delsysler eller fleire sysler blei tildelte éin person. På lengre sikt medførte det at syslegrensene blei brotne opp, og at sysla som administrativt område for kongemakta tapte i betydning. Den aukande bruken av namnet len utover på 1400-talet indikerar derfor truleg at syslas/lenets betydning som inntektskilde for både kongemakta som den øverste lensherren og den enkelte ombudsmannen, fekk større betydning enn før. Overgangen frå høgmellomalderens syslesystem til lensvesen, frå syslemann til fogd/lensherre, var fullført i løpet av første halvdel av 1400-talet.
Tittelen sysselmann blei igjen tatt i bruk ved lova om Svalbard av 17. juli 1925, som framleis gjeld i dag, sjå Sysselmesteren på Svalbard.
Syslemenn og sysler
Syslemennene blei rekrutterte blant vasallane til kongen og hadde større ansvarsområde, autoritet og prestisje enn det årmannen hadde hatt. Dei fleste syslemennene ser samstundes ut til å ha mangla den geografiske tilhøyrsla som lendmannen hadde til distriktet der han representerte kongen. Syslemannen opptredde som representant for kongemakta i sysla og hadde styresmakt i kraft av det. Han var den viktigaste lokalombodsmannen i forvaltningsapparatet til kongedømmet i høgmellomalderen. Frå andre halvdel av 1200-talet var Noreg delt inn i faste ombodsdistrikt for syslemenn, kalla sysler. Heile landet så langt nord som til og med Hålogaland var delt i cirka 50 sysler av vekslande omfang og med varierande folketal. Ei sysle kunne vera delt mellom to ombodsmenn. Syslemannen hadde lensmannen til å hjelpa seg på enkelte felt.
Syslemennene ser ut til å ha skifta ombodsdistrikt relativt ofte. Det finst døme på at bestemte sysler blei forlente bort til slekter, og Håkon 5. opna for eit arveelement i sysleforvaltninga. Ei forsamling av riksrådmedlemmer og lagmenn avsa likevel ein dom i 1347 om at ein norsk konge ikkje kunne forlena eller gi bort ein så stor del av riket for lengre tid enn sine eigne levedagar. Den til kvar tid regjerande kongen kunne i si levetid i utgangspunktet fritt forvalta styringsapparata og undersåttane i kongedømmet, uavhengig av kva forgjengarane på trona hadde bestemt.
Oppgåvene til syslemannen
Sjølv om syslemannsombodet betydde ei auka profesjonalisering av styringsapparatet i kongedømmet, var ombodet likevel tidstypisk gjennom den fleirfunksjonelle karakteren sin. I motsetnad til moderne tenestepersonar som gjennomgåande har éin grunnleggjande funksjon, hadde syslemannen både fiskale (finansielle), rettslege og militære oppgåver. Syslemannen kravde inn skattar, bøter og andre avgifter som kongen hadde krav på hos befolkninga. Desse skulle leverast til ein av dei fire regionale fehirdane. Syslemannen hadde vidare påtale-, politi- og eksekusjonsstyresmakt og var den fremste inndrivaren av bøter som kongen hadde rett til. Under Magnus 6. Lagabøte blei ombodsmennene til kongen også generelt pålagde å saksøkja for private som ikkje hadde kunnskap eller mannskap til det.
Syslemannen hadde ei særleg viktig rolle i drapssaker. Han skulle senda drapsmannen til kongen. Viss drapsmannen hadde lyst drapet på seg, det vil seia kunngjort at han hadde utført drapet, gav kongen han grid, som var ein mellombels garanti for personleg tryggleik. Griden beheldt drapsmannen inntil syslemannen hadde undersøkt hendingsgangen rundt drapet og teke såkalla prov i saka, som blei skrive ned i eit brev. Syslemannen sende vanlegvis provbrevet med drapsmannen til kongen. No innvilga kongen drapsmannen førebels løyve til å opphalda seg i landet, landsvist, på vilkår av at han betalte bot til kongen og slektningane til den døde «etter syslemannens og andre gode menns lovlege dom». Når drapsmannen var forlikt med arvingane til offeret, stod det att å betala bøter til kongen, og desse skulle syslemannen normalt krevja inn. Deretter utferda kongen eit landsvistbrev til brotsmannen som gav han permanent tryggleik og rett til å bli i landet.
Syslemannen hadde ei noko nær faktisk domsmakt gjennom såkalla såttmål. Det var eit forlik som i kriminalsaker kunne inngåast under bestemte føresetnader mellom den som hadde fått skuldinga mot seg, og påtalemakta ved syslemannen, det vil seia saker der kongen hadde rett til bøter. Generelt deltok syslemannen i rettspleia ved å organisera lagting og lokale ting og utnemna medlemmer i dómar. Han kunne i tillegg opptre som dommar saman med lagmannen.
Syslemannen hadde også ei sentral rolle i leidangsorganisasjonen, den kvantitativt største hæreininga i det norske kongedømmet i mellomalderen. Han skulle velja ut, når det var nødvendig, kven som skulle reisa i leidangsferd, og kven som skulle leia dei i hærferda. Syslemannen skulle vidare i ombodsområdet sitt sjå til at leidangsskipa blei haldne ved like, og han skulle leia det årlege våpentinget der bønder og byfolk måtte visa at dei faktisk hadde dei våpena som Lands- eller Bylova påla dei å ha. Syslemenn blei dessutan både i 1273 og 1308 pålagde å skulla stilla hirdutrusta menn på eigen kost til disposisjonen for kongen når landvernet kravde det, det vere seg til forsvar eller angrep.
Lønnsutbetaling og rekneskap
Ein nyutnemnd syslemann skulle ta ein skriftleg eid for kongen, den såkalla syslemannsreversen. Her skulle syslemannen mellom anna lova å vera omsynsfull mot kongens leiglendingar, å bygsla bort eigedommane til kongen og hysa dei vel, og ikkje personleg dra fordelar av embetet, verken i form av gåver eller i form av underhald. Vidare lova han at kongens «vissøyre», det vil seia faste kongsinntekter som skatt og avgifter, skulle koma inn på den tid og stad som kongen bestemte, og på rett måte og med rette frådrag for syslemannen. Sistnemnde skulle gjera fullt greie for kongens vissøyre kvar tolvte månad, anten han voks eller minka, det same gjaldt for veitsler, også her skulle det gjerast med «rett utrekning». Samtida mangla likevel dei tekniske føresetnadene for rekneskapsføring og kontroll i moderne forstand. Rekneskapsplikta var pålagd først og fremst for at kongen kunne kontrollera ombodsmannen, ikkje for å skapa oversyn over finansane.
Systemet ser i praksis ut til å ha bygd på at vissøyre i utgangspunktet var ein forventa fast sum. Dersom syslemannen kvar tolvte månad kunne avlevera ein sum lik den forventa, var det neppe særleg mykje kongen kunne gjera for å saumfara rekneskapen til syslemannen og sjekka om denne hadde underslått nokre av inntektene til kongen. Syslemannen skulle bli lønt gjennom ein del av kongsbøtene. Bøtene var blant dei uvisse kongsinntektene ettersom dei kunne variera i storleik. Syslemannen hadde dessutan fleire måtar å auka inntektene sine på, noko som ikkje minst blir rettkjent av samtidige kongebrev med klager om at syslemenn urettmessig tileigna seg kongsinntekter.
Det bevarte kjeldematerialet vitnar om at syslemenn kunne gå ut over eller forsøma embetspliktene sine også på andre felt. Håkon 5. Magnusson trekte mellom anna fram i den store forordninga si (skipan) om riksstyret frå 1308 at syslemenn urettmessig kravde folk for gåver og pålegg. Her heitte det dessutan at kongen ville senda to kongelege representantar til kvar tredel av landet når kongen sjølv ikkje kom dit, som kvar tolvte månad skulle sjå etter og undersøkja kva framferd syslemennene hadde mot undersåttane til kongen. Året etter utferda kong Håkon ein skipan der han viste til klager over at syslemennene og lensmennene deira ikkje skaffa folk rett ifølgje lagmannen sine orskurdar (rettsutsegner om kva lovbod som skulle brukast i saka) og dommar utan at det blei gitt gåver. Kongen forbaud difor syslemennene å søkja saker for kongen før dei hadde skaffa slike klagarar rett.